Analyse - To søstre

Analyse av dokumentarromanen "To søstre"
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.05.10
Tema

«To søstre» er ein roman skriven av Åsne Seierstad og vart gitt ut i 2016. Romanen er ein dokumentar som byggjar på røyndommen til to somalisk-norske tenåringsjenter på 19 og 16 år. Dei to søstrene frå Bærum vart meldt sakna av sine eigne foreldre hausten 2013. Det foreldrene ikkje veit med det første er at jentene har slutta seg til organisasjonen IS, og har reist ned til Syria. Romanen startar som ei forteljing om jentene og bakgrunnen til beslutninga deira, men utviklar seg vidare til å bli ein historie om radikaliseringa av store grupper ungdommar. Det kjem og fram ei lærerik framstilling om korleis krigen i Syria har utvikla seg dei siste åra. I denne teksten skal eg ta føre meg hovudpersonar og hovudkonflikten i denne romanen. Romanen handlar om korleis hovudpersonane, Leila og Ayra nærmast legg for hat moderne verdiar – verdiar dei sjølv har vekse opp med. 

Den eldste søstera, Ayra, opptrer tydeleg som hovudpersonen i romanen. Vi får eit klart bilde av korleis ei oppegåande jente med tydelege meiningar sakte men sikkert endrar seg til ei disiplinert og religiøs nikkedukke. Ho går over frå å vere ei vanleg norsk-muslimsk ungdom til å fascinere seg av jihad og kva som er riktig måte å praktisere islam. Det viktigaste i livet hennar blir å leve på ein måte som ho meiner vil gi ho lettare tilgang på det opphøgja paradis. Lillesøster Leila er ei klok og intelligent jente, og har uendeleg stor respekt for Ayra. Ayra blir den som tek avgjerdingane, medan Leila med glede følgjer ho blindt.  Følgjer av dette blir at dei saman kjenner på eit utanforskap i det norske samfunnet. Dei meiner at dei ikkje er i stand til å leve etter prinsippa og verdiane som dei anser som viktige og riktige her.

Foreldrene Sadiq og Sara opptrer parallelt, med døtrene sine, som viktige hovudpersonar i romanen. Den nye oppførselen til Ayra og Leila vekkjer merksemd og bekymring hos foreldra, men dei forstår likevel ikkje kor jentene er på veg. Ingen av dei fangar opp faresignala før jentene har lagt det gamle livet bak seg og reiser i all løyndom til Syria. Nyheitene vert lekka, og i løpet av ein augneblink er dei over heile norske media. Heime sit ei knust mor som må takle både eigne kjensler, fordømming frå omverda og frykt for at jentene skal komme til skade. Ryktene om at det er Sadiq og Saras døtre som har reist ned spreiast som ild på tørt gras i det somaliske miljøet.

Medan alt dette hender klarer ikkje Sadiq å sitte stille - han har lite tru på at verken PST eller det norske politiet kjem til å hjelpe dei før det er for seint. Ut i frå mailen han fekk frå døtrene dagen dei reiste, tolkar han at dei ei heller har planar om å komme attende. Han tek saka i eigne hender og dreg for å leite etter dei – først til Tyrkia, deretter tek han seg inn i Syria. Her møter han smuglaren Osman som vil bistå i leitinga. Ei leiting som skal kome til å verte svært dyr og tappe familien for mykje av den økonomiske ressursen deira. Samtidig blir det svært farleg for Sadiq å hente ut døtrene sine – som tydeleg ikkje vil bli redda, og heller ikkje blir det. 

Hovudkonflikta i romanen tek føre seg prosessen av radikaliseringa av dei to heilt alminnelege norsk-muslimane, og konsekvensane av ei slik handling. Jentene si aukande interesse i religiøsfundamentalisme hender samtidig som ei sårbar tid for ungdommar flest: dei går på vidaregåande og klarer ikkje å finne seg til rette. På den desperate søken etter tilhøyrsel og fellesskap finn dei seg tiltrekt av den muslimske identiteten som aldri før har vore like attraktiv som no. Skjørt blir bytta ut med niqab, med fullstendig erkjenning over at plagget ber på ei valdsam symbolkraft. Noko anna som blir lagt stor vekt på er korleis dei blir påverka til å rekrutterast som Syria-farar. 

Romanen er stadig prega av tilbakeblikk, kor vi får vite at Leila og Ayra har kome i kontakt med miljøar som det norske samfunn allereie kjenner frå mediene. Nokre av desse er Islam Net, og den meir radikale Profetens Umma. Ubaidullah Hussain saman med Bastian Vasquez spelar som bipersonar i krinsar rundt jentene og fleire venninner. Her får Seierstad fram kor lett det er for slike islamistar med ekstreme haldningar å nå ut til og manipulere yngre mennesker som ikkje veit betre. Di meir dei set seg inn i den radikale tolkninga av islam, desto meir kjenner dei avsky mot den vestlege måten å praktisere religionen. Dei ynskjer å leve på eit vis som dei meinar vil gi dei lettare adgang til det heilage etterlivet – sjølv om størstedelen av det islamske samfunnet står fullstendig kritisk til ein slik radikal praktisering av religionen. Alt dei har assosiert seg med og har kjent til blir gjeve slepp på. Fornufta og islam slik dei har kjent religionen i heile livet sitt blir lagt vekk. Jentene er frelsa islamistar. 

«To søstre» er ein dokumentarrroman om Syria-fararar av ypparste kvalitet. Åsne Seierstad fortel om røyndommen til dei to somalisk-norske tenåringsjentene, og korleis livet slik dei alltid har kjent det blir snudd på hovudet. Dei omgjekst med feil folk og let seg gradvis påverke til det negative. Dei lev i si eiga boble – heilt til ho sprekk. Jentene sitt valg om å reise for å kjempe i Syriakrigen saman med IS får fatale konsekvensar. Dei set far sin og sine eigne liv i fare. Jentene ynskjer at Sadiq skal forstå at dei har tatt eit val dei kjem til å stå ved. Det dei heilt skjønar er at Sadiq ynskjer å beskytte dei med livet sitt. Og det kjem han til å stå ved.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst