Litterær analyse av "Black & Decker"

Oppgaven tar for seg handlingsreferat, komposisjon og tolkning samt tematikk.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.10.28

Black & Decker er skrive av forfattar Einar Andreas Økland. Einar Økland (70) er frå Sveio i Hordaland og er kjend for stor variasjon innan sjangerbruk, samt for sine bidrag til barnelitteraturen. Økland har i dag 60 verk bak seg etter mange år som aktiv forfattar, mykje av dette er dikt. Han har skreve mange kjente verk opp gjennom tidene og har vunne fleire prisar som t. d Nynorsk barnelitteraturpris i 1975, Norsk kritikarlags barnelitteraturpris 1979, og Aschehougprisen 1988. Black & Decker er ei mykje brukt novelle, spesielt i ungdomsskulen og i vidaregåande skular til analyse og tolking. Og som følgjer av dette har også Økland sjølv kommentert og drøfta rundt meiningsinnhaldet og tematikken i novella (Store Norske Leksikon- En utdyping. Øystein Rottem)

 

Black & Decker handlar hovudsakeleg om ein person som treng senke ei hylle som heng på veggen. Men til det treng han ein boremaskin, som han kan få inn og ut skruane med. Han tar derfor heisen ned dei fire høgdene i boligkomplekset han bur, til Fredrik, naboen. Her får han låne ein drill, nærmare bestemt ein ”Black & Decker” drill. Drillen blir brukt hyppig og i dagane som kjem gjer han ikkje anna enn å bruke drillen. Han kjenner det i fingrane når han jobbar, kor mykje betre presisjon han har no, og kor lite feil han gjer etter at han fekk drillen i henda sine. Ein dag kjem Fredrik for å ta tilbake drillen. Denne dagen har han (hovudpersonen) grua seg til. Han hadde til og med kopla ut ringeklokka for å unngå at Fredrik skulle ringe på. Men der stod han, klar til å ta imot drillen. Det heile ender med at han stikk boret i hjartet på Fredrik og drep han. Han deler opp liket og kvitter seg med det. Heldigvis var det ingen som fant dette ut tenkjer han på slutten av forteljinga.

 

Novella har eg-forteljar som òg er hovudpersonen i novella. Frå forteljaren si side får me òg veta mykje av tankane til hovudpersonen. Hovudpersonen i novella er ikkje beskrive med namn, noko som skapar kjensle av anonymitet og mangel på identitet. Elles er det ingen dialog i forteljinga, og ein får kun inntrykk av det som blir fortalt av eg-forteljaren. Ut ifrå det som eg-forteljaren fortel, kan ein danne seg ei aning om miljøet rundt og kva tilstand han er i. Me får veta at han bur i eit høgbygg aleine. Hovudpersonen framstår som ei einsam sjel då det ikkje kjem fram i novella at han verken har venner eller familie. Han framstår og som ein autist, då han i novella ikkje har noko sosial forståing, samt spesielt opptatt av detaljar (”fire skruar”, ”tre centimeter”, ”fire høgder”, ”lagt bøkene flatt, fire og fire etter kvarandre”). Han har riktig nok ein person han kjenner, nemlig Fredrik. Men sjølv om dette vert opplyst om, verkar ikkje Fredrik som ein nær venn av hovudpersonen, tvert imot. Vidare får me veta at han har fast jobb, det får me veta heilt i starten av novella, samtidig som det seinare i novella kjem fram ved at han sit i ”kassaburet” sitt og tastar på eit kasseapparat. Ein får inntrykk av at det heile er eit einsamt og trist miljø.

 

Tidsforløp: Forteljinga går føre seg i kronologisk rekkjefølgje ved at forfattar legg fram plottet/problemstillinga i novella, nemlig hylla han ikkje får justert ned "Men ein ting kunne øydelagt alt. Til dømes denne bokhylla" . I kva grad dette er eit stort problem kan drøftast, men det er denne problemstillinga som set i gang spenningskurven og som for hovudpersonen i novella blir sett på som eit ankepunkt. Forteljinga går føre seg i fortid, han fortel altså kva som allereie har skjedd. Elles er avsnitta i novella mange og korte.

 

Eksposisjon: Novella startar ved skildring av miljø og problemstilling "Åleine i min hybel, fast jobb og allting. Men ein ting kunne øydelagt alt. Til dømes denne bokhylla”.
Spenningsauke: Hovudpersonens stadig aukande psykiske problem kjem fram ved å få framkor einsam og korleis dette påverkar hovudpersonen psykisk. Denne einsemda får i større og større grad følgjer for kva som kjem til å skje vidare, "Sjå her, sa eg og peika boren opp under nasen på han". Dette fungerer òg som eit frampeik på kva som kjem til skje, klimaks.
Klimaks: Hovudpersonen har tydelegvis "klikka" og fått nok. Noko som endar med at Hovudpersonen drep Fredrik, naboen, med drillen, "[...] senka boren med ein fin og sikker bogerørsle, og trykte den inn på eit punkt eg visste hjartet hans var" Dette fungerer som høgdepunkt i handlingsforløpet.
Spenningsfall og avslutning: Etter at hovudpersonen tek livet av Fredrik, deler han liket opp i betar med "Black & Decker" maskinen sin. Han har no fått ro i kroppen. "Sanninga er at eg aldri har vore så roleg og avslappa før". Drapet på Fredrik har no gitt ein viss tilfredsstilling i sjela til hovudpersonen. " Det er ikkje grått for augo nå som før [...] eg veit eg har funne mi livsform".

 

"Black & Decker er ein open tekst med rom for mykje lesing mellom linjene og legg opp til mykje tolking. Tematikken i novella kan drøftast i mange retningar, men eg har likevel danna meg ei eiga tolking. Einsemd står sentralt i denne novella og det verkar som Økland prøver å få fram kor einsam og åleine eit menneske kan føle seg i dagens moderne og materialistiske samfunn. Og her kjem ein tilbake på det med ein anonymisert hovudperson utan namn, eit godt verkemiddel frå Økland si side. Ein får inntrykk av at denne personen er overlatt heilt til seg sjølv av samfunnet utan å ver i stand til å fungere i det moderne samfunnet. Drillen står òg særs sentralt i novella, og blir på mange måtar som ein nær venn for hovudpersonen. Dette kan ver ein måte å få fram mangelen på kjærleik, vennskap frå andre levande individ. Det kan òg vere eit forsøk på å få fram eit bodskap om kor materialistisk samfunnet har blitt, der pengar og livlause tïng er meir verdt enn det å ta omsyn til andre menneske. Hovudpersonen gir heller ikkje utrykk for for å ha kjensle. Det kjem fram då han drep Fredrik, som om det skulle vore ein vanesak da det ikkje kjem fram at han angrar eller tegn på redsle. Han viser ikkje empati ovanfor eit anna menneske, og på grunnlag av dette kan personen karaktiserast som psykopat. Ein kan derfor, på grunnlag av desse momenta, konkludere med at tematikken dreier deg om einsemd.

 

I undervisning for ein 10. klasse kan novella brukast på fleire ulike måtar. Ein metode eg ville ha brukt er analyse. Denne undervisninga er tenkt for ei økt (90 min), og set i gang ulike læreprosessar. Her vil elevane få lære på ulike måtar som individuell kognisjon, diskusjon, argumentasjon, og å måtte ta omsyn til ulike syn og vinklingar.

1. Lærar byrjar lese novella fyrst (elevane les for seg sjølv samstundes)

 

2. Elevane får utlevert oppgåveark på pultane deira. Her vil dei få spørsmål som: Kvifor er dette ei novelle og ikkje ein roman? Korleis er hovudpersonen i forteljinga? Grei ut om miljø og personar i novella. Tematikk, kva bodskap trur du forfattaren prøver å få fram i denne novella? Tolk teksten og finn ut kva som er meiningsinnhaldet bak novella.

3. Etter at elevane har gjort oppgåver på pultane, skal dei, fire og fire, gå saman i grupper og diskutere. Her vil det komme fram ulike tolkingar av novella, noko som kan vise seg interessant.

4. I Slutten av timen skal elevane samlast og deretter vil eg gå gjennom spørsmåla i plenum. Her vil dei ulike tolkningane kunna drøftast.

 

 

Litteratur til disposisjon:

Gaasland, R. (2009). Fortellerens hemmeligheter - innføring i litterær analyse.

Oslo: Universitetsforlaget

 

Skei, Hans H. (2006). Å lese litteratur Oslo: Gyldendal akademisk

 

Store Norske Leksikon Einar Økland – En utdyping

Henta: 10.04.10 URL: http://www.snl.no/.nbl_biografi/Einar_Økland/utdypning

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst