Retorisk analyse «Et lite stykke Norge» (Nynorsk)

En retorisk analyse av holdningsreklamen «Et lite stykke Norge» fra Amnesty.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2023.06.19
Tema

Haldningsreklamen «Eit lite stykke Noreg» vart publisert i 2005 av Dagens Næringsliv. Avsendaren er organisasjonen Amnesty, som er kjent for kampen sin for menneskerettar rundt om i verda. Reklamen er ein samansett tekst, som vil seia at han består både av verbal og visuell tekst. Amnesty ønskjer å bevisstgjera befolkninga om valden mot kvinner i forhold. Dei skriv at dei krev innsats i alle norske kommunar, noko som skaper klar bodskap om at alle må bidra for å minska problemet. Bodskapen til haldningsreklamen er viktig og alvorleg, som kan få hensikta til å verka mindre seriøst. Amnesty ønsker å engasjera lesarane for å rekruttera. fleire medlemmer til organisasjonen. Bodskapen og hensikta gir grunn til å tru at målgruppa er den heilskaplege befolkninga i Noreg.

fleire medlemmer til organisasjonen. Bodskapen og hensikta gir grunn til å tru at målgruppa er den heilskaplege befolkninga i Noreg. I forgrunnen av den visuelle teksten ser vi ei kvinne i bunad. Det er tydeleg at det er ho som er fokuset. Ho har ein stor blåveis over auget sitt, og eit alvorleg og trist utrykk i ansiktet. Desse emosjonane kjem fram i blikket ho setter rett inn i lesaren. I bakgrunnen er det ein typisk norsk setergard med geiter. I teksten blir vi presentert med forskjellig statistikk. Mellom anna at «hvert fjerde kvinne har vært utsatt for vold av partneren sin» og at «i hvert ellevte parforhold var volden til mannen potensielt livstruende». Heilt til slutt blir vi møtt med «Meld deg inn i Amnesty» i utheva skrift. Bildet av kvinna med blått auge skaper oppsikt hos dei fleste, og teksten som er basert på statistikk viser ikkje til vinkling inn mot ein spesifikk målgruppe. Tittelen til reklamen «Et lite stykke Norge» er ein allusjon til Freia mjølkesjokolade. Koplinga til den gode sjokoladen alle nordmenn kjenner til skapar ein heimekjær kjensle hos lesar. I bakgrunnen av den visuelle teksten ser vi ein fin sommardag og skinnande sol. Dette, bunaden til jenta og den norske naturen er med på å skapa ei nasjonalkjensle hos lesaren. Blikkfanget derimot er ikkje på det fine landskapet, men på ansiktet og blåveisen på jenta. Blåveisen skaper ein kontrast i bildet. Alt anna er frodig og vakkert, medan merket over auget hennar skaper ein kontrast og drar bildet, og reklamen, i ein heilt anna retning enn det ein først såg for seg. Bildet byr òg på motivsymbolikk med prestekragen ho held. Denne blomsteren med fine kvite blad er kjente for ein leik av «elskar, elskar ikkje». Mange slit med å fortalde valdelege forhold og dei mishandlande partnarane sine, så blomsteren og leiken representerer den indre kampen om å forlata den personen ein elskar. I den verbale teksten kjem Amnesty med påstanden: «Norge er ikke et trygt land for kvinner». Utsegna blir ikkje trygd opp med fakta, som kan skapa eit inntrykk av overdriving i auga til lesaren. Det blir vidare skrive om ei ny forsking, som er vorte brukt i reklamen. Dette kallast for lånt autoritet. Fleire av dei statistiske tala i reklamen blir ikkje møtt med kjelder, og kva slags vald den omtaler er utydeleg. Det kan derfor verka som Amnesty generaliserer statistikken, og det kan verka med mindre truverd. Heilt til slutt bruker Amnesty direkte og imperativ tale, der dei skriv «Meld deg inn i Amnesty, og få ein pin som viser at du støtter kravet».

Det er ein tydeleg samanheng mellom bilde og tekst i haldningsreklamen. Dette ser vi på ein annan symbolikk i bildet, som er den tydelege fargekontrasten. I forgrunnen, der jenta står, er det mørkt og skygde. Dette bidrar til å skapa eit skilje med lyset i bakgrunnen. Skuggen gjenspeglar alvoret, som blir presentert ved statistikken. Dette bidrar til samhandling mellom den visuelle og verbale. Mørket kan òg visa til kvar skjult og skuggelagt vald mot kvinner faktisk er. Sjølv om vald i forhold lenge har vore tabu å snakka om, har det nyleg byrja å få ein større plass i media. Den første setninga i teksten er «glansbildet slår sprekkar». Viss vi tar ein nærare titt på bildet ser vi at det har preg av sprekkar i seg, og generelt er gammalt og slitt. Samsvaret i dei ulike delane i reklamen viser nemleg til dette. Sprekkane er eit symbol for at ikkje alt er slik det ser ut som, og vi har no byrja å få innsyn mellom sprekkane i «det perfekte bildet». Amnesty er ein verdskjend organisasjon, som kan føra til at lesar allereie har høg etos frå dei startar å lesa. Fargekontrastane og det dystre prega over tekst og bilde kan skapa ei kjensle av truverd, då desse bidrar til å fremma alvoret i temaet. Symbolikken brukt styrker òg tilliten ved å visa til ein nøye gjennomtenkt haldningsreklame. Bruken av lånt autoritet i teksten viser til bruk av logos. Sjølv om logos vanlegvis styrker ein reklame, kan det verka som det har gjort det motsette for Amnesty. Det kan bli for enkelt å stola blindt på påstandane i teksten, om eit stort og alvorleg tema som mishandling og vald. Derfor kan mangelen på kjelder og konkret språk, saman med litt overdriving, svekka truverdet for nokon. Vi kan då si at etosen blir påverka av logosen til reklamen. Patos er noko Amnesty skårar sterkt på. Dei bruker bildet med norsk natur og bunad for å vekka nasjonalkjensla hos lesar. Dette kan føra til ei kjensle av tilhøyrsle, men også ei indre uro om at det som tidlegare har vore det beste landet i verda, kanskje ikkje lengre er det. Lesar vil kanskje bidra til å gjera ein forskjell, for Noreg. Reklamen skaper òg medkjensle for jenta med blått auge. Vi ser òg forsøk til eit spel på kjensler og samvitet hos lesar, når dei skriv ved innmelding i Amnesty vil dei få ein pin som bevis at du støttar kravet om innsats frå kommunane. 

Sjølv om teksten kan verka som ein typisk reklame prega av overdriving, er vald mot kvinner framleis ein alvorleg og ekte sak som Amnesty ønsker å skinna lys over. Ein organisasjon treng medlemmer for å kunna halda seg gåande og tena pengar. Reklamen skaper ei medkjensle og ei slags skuldkjensle ved bruk av blikkfang og nasjonalkjensle, som hjelper med hensikta om å rekruttera medlemmer. Symbolikk og kontrastar blir òg nytta for å laga ein dyster og alvorleg stemning i bildet. I teksten ser vi bruk av forsking og statistikk som kan skapa truverd frå lesar. Linja mellom truverd og overdriving kan verka tynn i haldningsreklamen til Amnesty, men dei får bodskapen om å minska vald mot kvinner klart og tydeleg fram

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst