Ringenes Herre: Atter en konge (filmanalyse)

Ein filmanalyse (ikkje filmanmeldelse) av Ringenes Herre: Atter ein konge fulgt etter malen på NDLA.no. Ein av få filmar som alle bør ha i filmsamlinga si.

Karakter: 5+

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2013.04.17

Filmen du bør ha i filmsamlinga di er sjølvsagt Ringenes Herre: Atter en konge. Ringenes Herre: Atter en konge blei ferdigstilt i desember 2003. Dei starta filminga i 1999 og blei ferdig med filminga i 2000. Grunnen til at filmen kom tri år seinare var på grunn av at dei delte opp filmmateriale i tri deler/filmar for å følgje boka sin struktur. Store delar av filmen er filma i New Zealand.  Regissøren av filmen heiter Peter Jackson, han er mest kjent for dei tri filmane om Ringenes Herre, men han har også regissert andre filmar som Hobbiten og Tintin.

 

<bilde>

 

J.R.R Tolkien kan ein kalle faren til fantastisk litteratur. Det er fordi han har laga universet Arda (som er alvisk ord og tyer heile jorda), med forskjellege folkeslag, vesen og fult utvikla språk. Desse tinga er konkrete sjangertrekk for fantastisk litteratur. Tolkien brukte enormt mykje energi på å lage universet og mytologien før han i det heile tatt skreiv forteljinga om Hobbiten og Ringenes Herre. Peter Jackson har klart å bruka materialet på ein veldig god måte

 

Handlinga i filmen er reisa til ringens brorskap igjennom Midgard. I denne føregår den siste delen av reisa til ringens brorskap. Der siste stoppestad er dommedagsberget. Heile historia startar med at Frodo får ein ring av onkelen sin som visar seg å vere ein farleg ring. Ringen er så farleg at den må destruerast og den kan kun bli destruert i dommedagsberget. Det blir forma eit brorskap som skal beskytte Frodo slik at ringen kan bli øydelagt.

 

I filmen får me sjå parallelle handlingar der me får sjå Frodo og Sam som kjempar broderleg det siste stykke, for å kunne øydelege ringen. Så bytter det til resten av brorskapet som kjempar mot alle slags fiendar for å forhindra at den vonde Sauron skal få vite at Frodo er inne i Mordor (landet til Sauron). Miljøet kan samanliknas med korleis det var i middelalderen. Temaa som filmen tar opp er kampen om det gode mot det vonde og kva brorskap eigentleg er. Ringen er eit symbols som er brukt i filmen. Der ringen er eit symbol på forplikting.

 

Det er mange viktige personar i filmen, spesielt dei i brorskapet, men den viktigaste er sjølvsagt Frodo Lommelun (ringberaren). Han er alpha-omega i historia, fordi han er den som til sjuande og sist skal øydelegge ringen. Men må ikkje gløyme den gode hjelparen til Frodo, nemleg Samvis Gamgod. Han er ein trufast ven som hjelper Frodo til alle døgnets tider og set Frodo framføre sine eigne behov, ein ekte ven. Så har me Gandalv, ein vis og klok trollmann (eigentleg ein Istar, men eg skal ikkje gå så djupt inn i mytelogi og historikken til Tolkin fordi då blir det alt for komplisert). Dei tri mektige krigerane Aragorn, Gimli og Legolas. Dei tri er essensielle i historia. Det er fleire i brorskapet, men desse er dei viktigaste synest eg. Brorskapet startar samla, men blir skilde i frå ein annan på forskjellege måtar, og til slutt kjem dei saman igjen. Rolla til dei som er i brorskapet er å hjelpe Frodo til å nå målet, øydelegge ringen. Peter Jackson har klart å skildre personane godt i forhold til boka. Me klarer også å få kjensler i løpet av filmen til dei forskjellege karrakterane. Eit døme kan vere Frodo, når han febrilsk prøver å nå toppen av dommedagsberget og kreftene berre sviktar. Det er ein av dei plassen ein kan kjenne seg igjen og kanskje tenkje over kva for ei bør han må bere.

 

Det er ein klassisk oppbygging av spenning i denne filmen. Der det er mange svingingar mellom der det er veldig spennande til normalt tempo. Spenningskurven bygg seg meir og meir opp til det når eit utruleg spennande og kritisk klimaks. Klimakset er når Frodo og Samvis er ved dommedagsberget og resten brorskapen pluss 6000 mann, står utanfor dei svarte portane for å forhindre at Sauron legg merke til Frodo og Samvis. Så avsluttar filmen etter skikkeleg hollywood-modell med happy ending. Det som er ein av dei fantastiske tinga med filmen er kor godt historia blir avrunda og avslutta. Der Samvis skriv dei siste sidene i forteljinga til Frodo.

 

Miljøet i filmen er veldig godt filmatisert i forhold til boka. Der ein klart kan sjå at det er i ein middelalder periode. Kostyma er fantastiske og ser ut som dei du førestilte deg når du las boka. Naturen er også mykje lik som i boka.

 

<bilde>

 

Mange som har lese bøkene vil nok seie at dei «vanlege» Ringens Herre filmane er for korte og alt for mykje er klypt bort. Det stemmer ganske godt, men slik er det med mange filmar som til dømes Harry Potter. Men kløpparane i Ringenes Herre har gjort ein god jobb i forhold til korleis den forlenga versjonen er i forhold til den nedkorta versjonen. Heldigvis går det ann å kjøpa den forlenga versjonen av filmen.

 

Kamerabruken er veldig god, særleg slik dei har gjort med hobbittane. Der har dei brukt kamera vinkling til å få dei til å sjå mindre ut enn dei andre, utan at det ser unaturleg ut. Ein plass eg likar godt i filmen er når Pippin tenner på flammane som varslar Rohan om hjelp. Det er ein av mange gode sekvensar i filmen. Ein må også nemne dei gode kamp scenane, dei er utrulege. Kort og godt filminga og kamerabruken var og er kanon!

 

Lydane og musikken er godt tilpassa til det som skjer i filmen. Raske scenar er med rask og intens musikk. Det same gjeld for fargebruken i filmen. Den følgjer også etter korleis scena skal bli oppfatta, som t.d. i dei triste scenane er det meir gråtona. Eit anna døme på fargebruken er etter at ringen er øydelagt då blir resten av scenane lysare.

 

Det er brukt voice-over i filmen, der både Gollum, ringen(Alan Howerd), Frodo og Samvis snakker i forskjellege delar av filmen. Eg likar veldig godt i slutten a filmen når både Frodo og Samvis fortel.

 

Ringenes Herre: Atter en konge er ein tittel som gi dei fleste gåsehud og frysningar, og du veit at det blir ein vellykka film kveld. Som alle filmar prøvar også denne filmen å formidla eit bodskap. Det klarar denne veldig godt fortel kva vennskap er og at det lønnar seg å vere ein av dei snille. Det finst mange teoriar om innhaldet i filmen har noko om tida boka blei skriven i og at J.R.R Tolkin har brukt historier frå verkelegheita, nokre meiner at Sauron er eit symbol på Hitler og når tårnet til Sauron kollapsar kan samanliknas med tårnet i bibelfortellinga om Babylon osv. Det kan godt hende, men eg har ikkje nok kunnskap om det til å uttale meg. Det eg veit er at dette er ein film som bør sjåast/eigast og at ein bør lesa bøkene.

 

 

http://www.imdb.com/title/tt0167260/

http://en.wikipedia.org/wiki/The_Lord_of_the_Rings:_The_Return_of_the_King

http://snl.no/fantasy

http://no.wikipedia.org/wiki/Ringenes_herre

http://no.wikipedia.org/wiki/Svarte_port

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst