Victoria roman og filmsammenligning

Victoria av Knut Hamsun sammenlikning av roman og film. Karakter 6
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2022.05.23
Tema

Innleiing

Knut Hamsun ga i 1889 ut sin kjende roman «Victoria». Diktaren fortel om ein umogeleg kjærleik mellom møllarsonen  Johannes og Victoria, dottera til slottsherren. Boka blei til film, og dramafilmen hadde premiere i 2013 med regi av Torun Lian. Iben Akerlie og Jakob Oftebro har hovudrollene som Victoria og Johannes. Hamsun beskriv tilhøvet mellom mann og kvinne, klasseskilje og arrangert ekteskap. I denne oppgåva skal eg samanlikne utdraget av Knut Hamsuns roman «Victoria» med filmutgjevinga.

Synsvinkel

Utdraget er i 3.person preteritum med ein delvis allvitande og ekstern forteljar. Synsvinkelen blir personleg når verda sjåast gjennom Johannes, og effekten avgrensast til berre å få tilgang til ein av personane sitt indre. Handlinga i både utdraget og filmen skjer fortløpande i kronologisk rekkjefølgje. Forteljaren i filmen er observerande og usynleg for å få oss til å tru at det vi ser er på ekte, og ikkje berre fortald. Kameraet er auget vårt.

Er filmen trufast mot boka?

Alle tankereferata i teksta er utfordrande å omskapa til filmen. Lian løyser det med kroppsspråk og handling. Forteljarmåten blir annleis. Medan teksta skildrar natur, miljø og personar med ord, viser filmen oss kva vi skal sjå. Filmen er tru mot teksta når det gjeld tema og historia i grove trekk, men spesielt episoden kor Johannes reddar jenta, blir ulik frå boka. Til dømes tar han jenta med inn på land, og det er ho som må få på tørre klede, ikkje han.

Verkemiddel i utdraget

Klang, rytme og gjentaking er typisk Hamsun og gir utdraget eit lyrisk preg. Alle skildringane av naturen blir rein poesi og inneheld også besjeling med  lauv som spretter etc. Gjentaking blir nytta for å binde saman teksta og få fram sterke sinnsstemningar. Han gjentar fleire gonger i same avsnitt at alle dikta er skrivne til Victoria. Utdraget har fleire samanlikningar, slik som «skinte som et kobberhode», og symbolikk. Raudfargen på parasollen er eit bilete på kjærleik, men også krig og rikdom. Gullskaftet er eit symbol på noko guddommeleg og eit teikn på at Johannes forgudar Victoria, men at ho er uoppnåeleg for ham. Da jenta held på å drukne, blir det nytta korte setningar for å holde på den intense spenninga.  

Verkemiddel i filmen

Film er eit samansett medium av bilete og lyd. I “Victoria” skapar fotografen nydelege og intime bilete som vi kan identifisere oss med. For å fange kjensler og andletsuttrykk, blir det nytta mykje nærbilete. Bileta frå selskapet på slottet, er derimot heiltotale for å understreke skiljet mellom dem.  Musikk nyttast for effektivt å skape ei ønskjeleg stemning og få fram  kjenslene. På slutten av filmen er det brukt «voice-over» for å forsterke avskjedsbrevet.

Kva er den største skilnaden mellom tekst og film?

Den største skilnaden er fokuset på Victoria. Lian har gitt ho ei mykje større rolle enn Hamsun. I filmen skildrast historia meir frå synspunktet hennar, og Johannes si rolle som hovudperson er tona ned. Victoria har fått sitt eige liv. I teksta er ho berre gjenstand for hans ulykkelege kjærleik. Filmen gir oss eit tydelegare bilete av Victoria si smerte.

Mystisk og gåtefull?

Victoria går frå å vere ei tillitsfull og leken jentunge til å bli meir sky og innovervend som ung kvinne. I filmen framhevast desse sidene gjennom motpolen Camilla. Victoria trekkjast mellom forpliktingar og kjensler og blir lunefull og ustabil. Lian gjer henne litt rundare i kantane, og det blir klarare å sjå at ho gjengjelder kjenslene hans. Alt i alt har både Hamsun og regissøren klart å framstille kvinna som gåtefull og mystisk, rett nok i litt ulik grad.

Typisk for nyromantikken.

Natur og framandkjensle sto i fokus. Hamsun sin kjærleik til naturen kjem fram i dette sitatet frå utdraget: «Han var en svær knekt på fjorten år, brun av sol og vind og full av manghånde ideer.» I filmen ser vi at Victoria latar som at ho ikkje kjenner att Johannes da han etter nokre år borte kjem heim med same båt som broren hennar. Johannes kjenner seg framand.

Avslutning/konklusjon.

Til tross for nokre ulike detaljar i utdrag og film i hendingsgangen under blant anna heltedåden, ligg den store skilnaden i språket forteljinga blir fortald i. Romanen blei godt motteken da han kom ut, medan filmen fekk kritikk for få replikkar og keisame pausar. Personleg blei eg gripen av historia, mykje takka vere godt skodespel og eit interessant tilbakeblikk i tid. Temaet «ulykkeleg kjærleik» går aldri ut på dato.

Kjelder: 

 

Film: «Victoria» 2013 Manus og regi: Torun Lian Norge Filmkameratene

Jensen og Lien 2008 Kapittel 1 og 2 s. 74-81 «Fra Saga til CD» Forlaget Fag og Kultur AS

https://www.duo.uio.no/bitstream/handle/10852/45479/MariBronkenHauge.pdf?sequence=1 31.01.22

https://montages.no/2013/03/analysen-victoria-2013/ 31.01.22

https://www.barnevakten.no/film/victoria/victoria-3/ 01.02.22

https://prezi.com/9qut-nze_ld6/knut-hamsun-victoria/ 01.02.22

https://norsksidene.no/web/PageND.aspx?id=99486 01.02.22

https://www.daria.no/skole/?tekst=6000 05.02.22

https://www.litteraturogmedieleksikon.no/gallery/nyromantikken.pdf  05.02.22

https://www.daria.no/skole/?tekst=9074 05.02.22

https://prezi.com/3soilmnawgel/nyromantikkens-victoria/ 06.02.22

https://prezi.com/lut2nogqlhmz/sammenligning-av-bok-og-film/ 06.02.22

https://p3.no/filmpolitiet/2013/02/victoria/ 07.02.22

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst