Karakterar

Betraktninger om karaktersystemet.

Karakter: 6

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.05.05

Oppgåva var ”skole”, og vi skulle velje eit emne innanfor det. Det fyrste som då datt ned i mitt hovud var ”karakterar”. Lenge har eg tenkt på karaktersystemets manglar, men problemet er at eg ikkje kan finne noko betre løysning. I mine auge er dette framleis det beste alternativet.

 

Lærarane skal gi ei heilskapleg vurdering av elevens kompetanse. Er då karakterane funksjonelle? Nei, ikkje fullt ut. Kan lærarane sette karakterar på for eksempel samarbeidsevne? Og korleis vurderast motivasjon? Kva er kreativitet?

 

Karakterane kan være med på å bygge opp ein slags konkurranse, elevane pressar kvarandre høgare opp på skalaen. Sjølvfølinga stig når det går bra, men når nedturen kjem dalar den fort. Slik er det i alle fall det fyrste året med karakterar. Ein pressar på for å få betre karakterar enn sidemannen, kva man lærde er ikkje alltid det viktigaste. Når ein kommer i niande klasse dabbar presset av, innsatsviljen er kanskje ikkje lenger heilt på topp. Det er ikkje like viktig og få gode karakterar.

 

Men slik fortsetter det ikkje. I 10. klasse aukar presset dramatisk, men no er det viktigaste å ha bra karakterar slik at ein kommer inn på den skulen ein ønskjer. Det er ikkje lenger sidekameratane som pressar deg, no er det lærarane som pressar deg, heile det første halvåret snakkar dei på kor ille det vil bli på slutten av året. Kor viktig det er og ha gode standpunktkarakterar. Kvifor er dette så viktig? I følgje reform 97 har alle rett til plass i vidaregåande skule. Men det er på enkelte skular og studieretningar at det er konkurranse om plassen. Det er her karakterar vil være nødvendig grunnlag for tildeling av plass.

 

Karakterpress kan være med på å heve nivået i ei klasse. Konkurranse er positivt. I alle fall når ein jobbar individuelt, for eg trur at når ein heile tida jobbar for å få betre karakter enn sidemannen kan sjølvtilliten auke. Det kan og føre til at eleven blir egoistisk og meir oppteken av seg sjølv enn av dei andre. Gruppearbeid og prosjekter er det mykje av i den norske skulen, her krevjast samarbeidsevne. Om eleven er for oppteken av eigne prestasjonar kan det bli problem med tilpassing i gruppa.

 

Det blir stadig færre jobbar som krevjar lite utdanning. For dei aller fleste går det greitt å komme seg inn på den skulen ein vil, og få den utdanninga ein vil. Men det er nokon som sliter seg gjennom kvar skuledag, dei prøvar så godt dei kan, men får ikkje gode karakterar. Det er kanskje desse som legger mest flid i sine jobbar. Fordi dei er vande med å slite, og arbeide for å greie det dei skal. Medan andre tar litt lett på ting, dei treng ikkje jobbe så mykje for og nå sine mål. Folk er forskjellige, nokon er flinke på skulen, andre har meir praktiske evner. Om nokon ikkje er god til å skrive stilar treng ein ikkje være dårleg til alt anna.

 

Eg vil tru at det er elevar med problem på skulen som aller helst skulle hatt ein annan løysing på vurderinga av kunnskapar. Men karakterane har likevel ein viktig funksjon: Det gjer eleven ein pekepinn på korleis han utviklar seg innanfor eit fag. Om han er på rett veg. Har det skjedd ei utvikling? Kva bør han jobbe meir med? Og får han utteljing for innsatsen?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst