Ett, to, juletre!

Et kåseri om norsk julefeiring.

Karakter: 5+ (VG3)

Sjanger
Kåseri
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.11.30
Tema
Jul

Glade jul, helvete er laust. Fuglane og pinsevennane i bygda har sett kursen mot Ibiza, og det herskar enda ein viss fred i dei fleste heimar. Slik er det ikkje hos oss. Det er 10. November, og mor har tatt seg sju veker fri frå jobb for å pynte til jul. Alle veit at ho aldri blir ferdig uansett. Det har i grunn blitt eit utrykk i bygda, ”Grevinna på lisjejulafta”. Det er nemlig det folk seier når huset deira ikkje liknar grisen. Familie og naboar strøymer til utanfor oppkjørselen ettersom jula nærmar seg for å sjå korleis det artar seg. Ho har allereie pynta ferdig driftsbygningane på garden med kransar, frukter, nissar og englar enda vi ikkje er komne halvvegs i november ein gong. For ikkje å snakke om julekalendarane til mannen og dei fire borna, 120 pakkar i alt. Nøysommelig utvalde, pakka inn i bast og glansa papir, og hengde opp på store heimebroderte julekalendarar på kvar av romma. Ventinga er i gong. Mi mor er i motsetning til meg, ikkje ein person som går i kyrkja, set pris på det enkle, heilage og tek vare på naturen og det vi har. Ho er eit miljøsvin, eit julemenneske av dei sjeldne, og ei som verkelig tek sitt tak i kjøpefesten. Ho er glad i ting. Vakre, dyre, eksklusive ting. Og dei kjem i store mengder.

 

Alt skal gjerast på ein gong, og fred i heimen er ikkje oss forunnt før vi vaknar på sjølvaste julaftan. Då finn vi ho som regel i stova, sovande midt i ein haug av krepp-papir, fjør og glaskuler. Vi ryddar saman det som ikkje blei ferdig, og gøymer det nedst i eit hjørne av boda. Når ho då vaknar, trur ho at ho klarte å gjere seg ferdig, og går i gang med ein frukost som dødelege menneske sjeldan ser maken til.  Eg må i grunnen beundre ho der, for maken til pågangsmot når det gjeld å vere ei fantastisk vertinne for ein heil haug sytande og motbydelege familiemedlemmar er det ikkje ofte ein ser. Julegardiner skal også opp i alle rom, saman med julesengetrekk og juleputer.

 

Det ser ut som det er sølv og glas som gjeld i år, saman med lilla og djupraude kuler og fredsduer velakkompagnert med friske auberginar, kunstig snø og kvite roser. På gjestebadet. I kjøkkenet går ho som i fjor for gull. Masse gull. Karamelliserte eple og pærer, deretter rulla i sukker og tørka. Lassa opp i store glasskåler med forgylte fuglar av typen fasan, også her med litt av den kunstige snøen ho fikk kjøpt eit parti av førre år då favorittforhandlaren hennar måtte trappe ned. I år blir det dessutan ekstra stas, for no får ho ta i bruk gaveinnpakningsrommet vi bygde til ho i vår. Aktivitetsnivået der blir nok høgt, men det sparar oss likevel ikkje for Tsjernobyl i resten av huset. Akk.

 

Min far er som oftast vekkreist i jula, men svigermor tek seg godt til rette likevel. Far min jobbar nemleg med kjemikaliar, og reiser derfor ein del rundt i verden. Kjemikunnskapane fikk han godt bruk for det året ho skulle ha heimelaga raketter under julemiddagen. Den dag i dag viser holet i stovetaket, sjølv om det er enda så godt sparkla og malt. I alle fall, som ansatt i eit større rederi fyljer det eit par frynsegode med. Det er nemlig slik at kvart år får konene til desse reisande herremenna flotte gåver til jul. I fjor for eksempel, fikk min far ei koffertstropp frå bedrifta, medan dei valde å gje mor mi to store dekketallerkenar i massivt tinn, til den nette sum av tolvhundre kroner stykket. Nederlaget var derfor stort då dei i år måtte komme med den beklagelege nyheita at dei hadde kutta ut julegåvene og julebordet grunna finanskrisa, men heller donerte ein betydeleg pengesum til eit veldedig formål. Maken til dårlig oppførsel hadde ikkje mor mi sett maken til på dagevis, og det blei ståhei i heimen som også elles har det rimelig høgt under taket. Finanskrisa måtte jo vere desto større grunn til å spandere dyre gåver på konene til sine ansatte, meinte no ho. Og eg må på ein måte sei meg einig i protestane hennar, for julebordet tek jo opp att så mange av dei verkeleg gamle tradisjonane her i landet, som til dømes flatfyll, sex og nevekamp.

 

Hos oss dalar som kjent ikkje englane ned i skjul. Det gjer heller ikkje nissane, reinsdyra eller alvane. Dei kjem med eit brak, og flyg både hit og dit saman med girlander og misteltein til den hellige time. Sist år fann ikkje far anna utveg enn å henge det største juletreet frå møna i stovetaket, godt fasttjora i berebjelken. Men det hang som eit lodd, og nedlessa i kuler frå ei anna verd, såg det rimelig greitt ut til slutt. Ulempa er berre at mor mi ikkje klarer seg med ”rimelig greitt”. For å få den optimale gleda ut av feiringa, måtte treet opp og ned nokre gongar før ho var fornøgd. Er det nokon som veit kvar treet skal hengje og snøen skal liggje, så er det mor mi. Joda, snø har det vore hos oss alle år. Då det for to år sidan var fare for at vi ikkje skulle få ei kvit jul, fikk far min klar beskjed frå øvste hold om å rigge til eit bål i hagen, og brenne alle åtte dundynene vi hadde hatt liggjande på løa i nokre år. Og kvit jul blei det, i heile nabolaget.

 

Julekakene er eit kapittel. Dei gjerast som regel ferdig på ei langhelg, medan vi borna er engasjerte i peparkakehuset. Eg veit enda ikkje kva som står på tapetet for kopi i år, men ei stemme seier meg at ho peilar seg inn på Grande Louvre eller noko sånt. I fjor hadde vi ein nøyaktig kopi av drageslottet Holmenkollen Park Rica Hotel, og det skal vel ikkje vere dårlegare i år om eg kjenner ho rett. 8 kilo peparkakedeig brukte vi, saman med uhorvelege mengder knask og godteri. Det er i grunn skremmande, korleis det som for berre nokre tiår sidan var forbunde med stillhet og fred i heimen no har utvikla seg til ein forbrukarfest av dei sjeldne, der alt handlar og å kjøpe, ete og drikke mest mogleg. No treng jo ikkje julefeiring nødvendigvis vere ei heilt stille markering av jesu ankomst til jorda, med mindre det er slik ein trudde det gjekk føre seg. For julefeiring går jo mykje lengre tilbake, heilt frå gamle norrøne tradisjonar, til dei kristne frekt og freidig stal heile julefeiringa vår og gjorde det til sentrum for si eiga tru. Og til feiringa igjen, ein del år etter der igjen, blei kapra av handelsstanden og gjort om til ein einaste stor søppelfest!

 

Men også vi har mange tradisjonar knytte til jula.  Førstedagsgodteripiknik, finne att gebisset til oldemor i grauten og lutefiskfesten hos mormor tredje juledag. Av mat brukar vi alltid å ha lutefisk med sennepssaus og ribbefett med bacon og grønsaker eit par dagar før jul, for så å dra i gang med sjeltahaud, svineribbe, lammeribbe, geiteribbe og kalkun. Etegildet er i gong, og store mengder må konsumerast før jula er omme. Helst skal ein jo presse i seg til det tyt ut mellom sprinklane. Andre ting som gjer jula komplett, er mor mi som hyler og skrik kvart år når ho etter mangfaldige forsøk likevel klarer å brenne den tolvte porsjonen med fløytestrullar, og rosenkålen som alltid blir liggjande frosen på kjøkenbenken til julemiddagen er over.

 

Ein ting som alltid er like kjekt for meg, er å sjå ansiktet til dei små borna som tolmodige set og ventar på at julenissen skal komme med gåvene. Det som er enda meir morosamt, er når dei tre timar seinare finn bestefar sovande dritings på låven med nissedrakta halvvegs på, og med ei whiskeyflaske i handa der han ligg over alle dei knuste julegåvene og snorkar. Utrykka i ansiktet deira er uvurderlige. Det same er utrykket i auga til veslebror når han opnar den siste gåva. Ivrigheita, gleda og spenninga som sakte men sikkert renn ut i eit nytt år med venting ettersom papiret går av, og han innser at det ikkje er det nye lego-spelet alle dei andre gutane skulle få. Ikkje i år veslebror, ikkje i år. For mange menneske er det jo slik at nettopp tru, håp og kjærleik er av dei mest skjøre tinga, og det er gjerne dei tinga som går i tusen bitar midt i julestria.

 

Fyste Januar er det slutt. Heilt slutt. Då har mor mi, det mest” julete” menneske du kan tenkje deg, fått nok. Då hiv ho heile jula på dør, saman med store mengder fornøgd familie, fyllesjuke gjestar og sære familietradisjonar. All pynten blir slengt hulter i bulter ned i store pappkasser og posar og skuva bak frysaren inst i kråa på kjellarboda. To månadar med intens pynting, eting, kos og julefeiring er slutt, og oppryddinga er unnagjort på ein dag. Juletreet blir saga opp i små bitar og brent same dagen. Det skal godt gjerast å finne spor etter julefeiring hos oss då. No byrjar eit nytt år, med ein ny sumar og ei ny jul. Men før det, er det den lange ventetida. For sjølv for verdas mest utolmodige person, så er det jo ventinga det handlar om.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst