Fyrverkeri

Teksten er en novelle skrevet under tentamen i sidemål. Karakter 5, 10. klasse
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2021.06.09
Tema

Eg låg i senga mi og stirra i taket. Eg hadde vakna for eit par minuttar sidan, men eg visste at alarmen min kom til å brøle på meg snart, så det var ingen vits å legge seg igjen. Plutseleg begynte alarmen å dure, og sjølv om eg var forberedt på lyden, var det som om nokon plutseleg fyrte av fyrverkeri inne på rommet mitt. Eg stoppa alarmen, men eg ville ikkje stå opp. Eg låg berre der og tenkte på kor uuthaldeleg denne dagen kom til å være. I dag var første dagen min tilbake på skolen etter hendinga. Eg spydde nesten litt på tanken. 

Etter å ha lugge der og syntest synd på meg sjølv i ein æve, klarte eg endeleg å dra meg sjølv ut av den varme senga mi. Eg kunne kjenne det kalde betonggolvet mot føtene mine, og det ga meg frysningar over heile kroppen. Eg gjekk til klesskapet mitt for å sjå etter nokre klede. Plutseleg så eg noko som fekk meg til å sleppe sokkane eg hald i handa. Der, rett framfor meg, hang kjolen. Kjolen eg hadde på meg den kvelden. Eg tok den ned frå stativet. Den lukta framleis av alkohol og røyk. Den var heilt rivna på framsida, så nå så den meir ut som en jakke enn ein kjole. «Ida?» Eg skvatt, slapp kjolen eg hadde i hendene mot golvet, og snudde meg mot døra. Det var mamma som sto der. «Kva er det?» spurde eg, framleis med hjartet i halsen. «Skal eg køyre deg til skolen i dag?» spurde ho, og det var tydeleg at ho prøvde å late som hun ikkje så kjolen på golvet. «Nei, eg vil gå» Svarte eg, mens eg snudde meg tilbake til klesskapet igjen, som et hint på at eg ville at ho skulle gå.

Eg fant og tok på nokre komfortable klede, og gjekk ned på kjøkkenet for å ete frukost. Eg sto og stirra inn i kjøleskapet i ein æve før eg avgjerda at eg ikkje var svolten. Eg tok berre eit eple frå skapet og putta det i sekken min som niste.

Eg sto i gangen og stirra på sekken min. «Var eg verkeleg klar for dette?», tenkte eg til meg sjølv. Alle trudde dei visste kva som skjedde, og i følgje dem, var eg løgnaren. Den skyldige. En som prøvde å øydelegge ein persons liv med mine falske skuldingar. Eg trakk på skuldrene, og klarna hovudet mitt. «Eg klarar dette», sa eg til meg sjølv oppmuntrande. Eg tok på meg sekken. Den kjentest tyngre ut enn vanleg.

Når eg gjekk mot skulen var det som om eg hadde ein ekstra vekt på skuldrane mine. Eg tenkte på han. Korleis han fekk gå fri. Korleis han løy til dommaren. Eg sto framfor inngangen til skulen. Tanken på at han var der inne skremte meg like mykje som det fylte meg med kokande sinne. Eg opna døra og gjekk inn.

Eg gjekk med sekken på ryggen og ansiktet vendt mot golvet. Sjølv om eg ikkje kunne sjå dem, kunne eg kjenne dei dømmande blikka stikke som nåler. Eg følte meg som om eg var en del av eit sirkus, og eg kunne føle hjartet mitt hamre i brystet. Eg kom meg bort til skapet. Eg tasta inn koden på låsen med ein skjelvande hand, redd for å gjere feil slik at de hadde meir grunn til å le av meg. 

Når eg endeleg hadde klart å få opp låsen på skapet mitt, høyrde eg ein kjent stemme bak meg som fekk meg til å reagere. Eg så opp, og sto plutseleg med augnekontakt med mitt livs største mareritt. Eg så på han med et blikk av hat og sinne. Eg stirra han ned, og eg merka at alle som sto rundt trakk seg tilbake. Han så på meg med frykt i augna sine, som om han endeleg angra på det han gjorde. Eg visste at lyden kom, men hjartet mitt hoppa framleis i brystet som om det ble fyrt av fyrverkeri ut av ingenting i gangen der vi sto.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst