Opprøret

Vi fekk i oppgave på skulen om og skrive ein stil om bilde Brudeferd i Hardanger. Eg valte og skrive ein stil om Noreg som ville bli eit sjølvstendig land. Noko svenskane ikkje likte.
Sjanger
Novelle
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.10.10

Det er året 1848, måleriet ”Brudeferda i Hardanger” har akkurat kom ut på utstilling i Kristiania, som no er kalt Oslo. Alle norske er stolte over å ha noke som beskrive det nasjonale i Norge. Måleriet er måla av dei store kunstnarane Adolph Tideman og Hans Gude. Norge har sidan Grunnlova i 1814 prøvd å finne seg ein identitet som skal skille dei frå andre land, endeleg virkar det som vi har funne vegen, men det er andre som blir redde over kor sjølvstendige vi har vorte og vil gi frå oss håpet. Denne historia handlar om ein gut frå 1848 som er med på å redde nasjonalromantikken til Norge.

 

Mor helde på å sy ein bunad til meg. Det er visst alle som er norske som skal ha det no. Det er det typiske norske. I kveld er det visning av det omtalde måleriet ”Brudeferd i Hardanger” og alle skal på visning for å feire det. Festen etter skal alle vere kledde i bunad og vi skal feire vår heilt egen på begynte norske identitet. Vi er enda i union med Sverige, men det kan ikkje vare lenge.

 

Rommet var fylt av mennesker. Alle hadde på seg bunad og dei var glade og stolte over det nasjonalromantiske bilete. Eg gjekk for å få meg ei limonade, det var gratis i dag så det var om og gjere å drikke mest muleg, ein kunne aldri vite kar tid neste gong du fekk sukkerdrikke. Plutseleg jubla alle, Tideman og Gude hadde komt for å vere med på festen. Ein kunne sjå kor stolte dei var over bilete.

 

Neste dag var gatene stille, men muntre etter gårsdagens ville fest. Festen hadde holdt på utover natta og det hadde ikkje vore lite drikke det hadde gått med. Eg såg oppover gata, det kom nokre svenskar ridande. Ein kunne sjå det var svenskar på grunn av den snobbete måten dei reid på, det var ingen bonde iallfall som kom ridande på den måten. Dei stoppa utanfor lensmannkontoret. Lensmannen kom ut og dei stod å snakka i lag. Det såg ikkje ut som det var gode nyheter han fekk. Til slutt enda det med ein sint krangel og svenakane og lensmannen gjekk i raseri frå kvarandre.

 

Den dagen kom eg heim til ein heite diskusjon mellom mor og far. Eg gjekk inn og spurde kva som var gale. ” Det er dei forbanna svenskane som vil ha billete til Tideman og Gude” sa pappa. Mor såg sint på han, ho ville ikkje eg skulle høyre slik stygt snakk, men det ho ikkje visste, var at det var mykje verre snakk oss kompisane i mellom, enn det pappa kom med når han var oppskaka. ”Men det er no våra. Det er ikkje svensk, det er heilt norsk. Kva glede har dei av det billete?” spurde eg. ” Dei er redde for vi skal ta makta frå dei” svarte pappa, litt roligare no.

 

Den kvelden gjekk eg ut for å treffe kompisane i smuga. På vegen gjekk eg forbi ein svenske og Ola Per, den maktsjuke mannen som vil gjere alt for at svenskane skulle ta han i varmen, dei plana eit opprør mot nordmennene. Planen var at det skulle komme mange svenskar mot byporten og ta vekk all merksemda frå galleriet der ”Brudeferd i Hardanger” var. Då skulle Ola Per gå inn på galeriet og ta bilete, nasjonalskatten til Norge. Alt dette skulle skje ved midtnatt.

 

Eg sprang for å finne kameratane mine og fortelje dei kva eg hadde høyrt. Dei vart heilt forferda og sinte når dei høyrte kva eg hadde å fortelje. Vi måtte leggje ein plan. Dei kunne ikkje ta håpet til Norge. Vi hadde dårleg. Tid klokka var kvart over elleve og det var berre tre kvarter til svenskene kom. Vi kom fram til at vi ikkje hadde tid til å gi beskjed til dei vaksne så vi måtte ta saken i eigne hender.

Vi gjekk til galleriet og sat oss utanfor. Planen var at med en gong vi høyrte bråk ved byporten, skulle vi bryte oss inn i galleriet og ta billete. Slik kunne ikkje Ola Per få tatt det. Det var berre eit problem; Kven ville tru oss når vi sa vi tok billete for at ikkje Ola Per skulle ta det. Klart, det var ingen som likta han, men det betydde ikkje at dei tok ein gjeng gutungar meir på alvor enn ein vaksen mann. Vi måtte lage ein felle.

 

Vi høyrte eit klikk i døra. Han hadde kome inn i galleriet. Vi sat heilt stille bak nokre stolar og følgde med. Han snudde seg og såg mot byporten, det var rop og hyl som kom der i frå. Han snudde seg igjen og tok eit skritt mot billete, så stoppa han bom stille og såg seg rundt. Sikkert for å sjå om det var nokre andre i nærleiken. Vi gjorde oss så små som mulig bak stolane. Då Ola Per trudde seg usett, gjekk han med raske skritt mot billete - noke han ikkje skulle ha gjort. For rett før billetet hadde vi gutane set opp ein tråd som var heilt usynleg i mørket. Tråden var festa til ei bøtte med måling som løsna frå taket når ein gjekk seg på tråden. Brått bøtta i ei kjempe fort og traff han midt i hovudet og han landa på golvet med eit dunk. Ein av gutane sprang for å slå på lyset. Der midt på golvet låg Ola Per i eit tappert forsøk i å stjele ”Brudeferd i Hardanger” han hadde bare ikkje regne med oss gutane frå gata. ”Er han i live?” spurte den eine kameraten min. Eg kika på han, han låg veldig stille. ”Klart han lever” sa eg med litt panikk i stemma. Eg bøygde meg over han og kjente på pulsen, der var puls. Vi hadde ikkje drept han.

 

Neste dag gjekk vi til lensmannen og fortalte det vi hadde gjort. Først såg han litt granskande på oss, sikkert for å sjå om vi snakka sant. Vi stod heilt stille og lurte på om vi hadde gjort det rette med å komme til lensmannen og fortelje det vi viste om gårsdagens opprør. Opprøret hadde vore uventa og skremande, heldivis var det ingen som hadde vorte skada. Lensmannen hadde snakka ut med leiaren for svenskane og dei hadde kome til ei einighet. Nordmennene skulle få behalde ”Brudeferda i Hardanger”, men dei skulle ikkje gjere noko forsøk på å ta makta. Då følte svenskane seg trygge og forlet Kristiania. Etter ei stund smilte lensmannen til oss. ”Viss alt dokke har sagt er sant, er det berre å takke dokke for den innsatsen dokke har gjort for landet” sa lensmannen.

 

Nyheita om gutane som redda måleriet ”Brudeferda i Hardanger” spreidde seg fort. Det var herleg å gå som helt gjennom gater i Kristiania. Folk helste på oss og små unger kom for å få autografar. Men det beste av alt var gratis limonade som vi fekk som takk for innsatsen.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst