Kva er ein god skule?

Nynorsk drøfting av hva som er en god skole. Oppgave GK allmennfag.
Sjanger
Resonnerende
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.12.11

Kva er eigentleg ein god skule? Er det ein skule hvor alle elevane sitter lydlause og hører på lærarane heile dagen? Eller er ein god skule, ein skule kor elevane er aktive, prater og kanskje til og med hjelper lærarane med undervisninga? Er skulen klar for nye, utradisjonelle metoder, ikkje bare ein grå, trist lærar sjår uttrykkslaust ut i rommet.

 

Eg kunne fått ein elev til å definert den perfekte skule, og eg kunne spurt ein lærar om den samme. Eg ville nok fått to vidt forskjellige svar, så eg får prøve og finne ut av det på eiga hand. Eg skal skrive ei oppgåve om kva eg meiner er ein god skule. Sjøl er eg jo tenåring, men eg skal prøve etter beste evne å skrive ein nøytral artikkel.

 

Men det alle partar er samde om er at heile poenget med å gå på skulen er å lære mest mogleg på så lita tid som mogleg! Verken lærarane eller elevane er tjent med at ein lærar masse ein ikkje kommer til å få bruk for seinare. Ein kunne med hell tatt bort mykje innvikla mattematikk, uten at elevane kom til å slite seinare i livet. Det kan vel umogleg være nødvendig å kunne fire forskjellige måtar å løyse annagradslikningar?  Men pensum er jo bestemt av myndighetene, og vi må jo tross alt følge ein slags internasjonal standard.

 

Hadde man fått bort mange av disse unødvendige tinga, som elevane går og irriterer mange elevar dag ut, og dag inn, ville kanskje elevane blitt meire motiverte for å gå på skulen. Fleire moglegheiter for valgfag i grunnskulen ville hjelpt på arbeidsinnsatsen til mange skoletrøtte elevar. Det er ikkje kompetanse i grunnskulen til at elevane kan gjere det dei har meist lyst til, og må ta til takke med ting dei eigentleg ikkje har lyst til. Eit eksempel på den slags kan eg ta ifrå min eiga ungdomsskule, eg ville spille fotball, men måtte ta til takke med heimkunnskap. Sjølv om det var fleire som ønska det samme som meg, blei det heimkunnskap på alle saman. Hadde ein fått bort slike irritasjonsmoment, ville ein sett at elevane gleda seg til å gå på skulen.

 

I den videregåande skulen er dette forbedra til det betre. Elevane velger mellom mange forskjellige fag, dette er særs viktig for at elevane skal trivast, og ein skule kor elevane trivast er ein god skule. Lærarane er den viktigste faktoren for at vi skal få ein god skule. Utan interessante lærarare, ville skuledagen bli uuthaldeleg. Den perfekte skulen har kunnskapsrike lærarar, som kan lære bort faget sitt på en fornuftig måte. Med fornuftig meiner eg at lærarane klarer å halde elevane konsentrerte i fem og førti minutter. Eg seier ikkje at svaret er at lærarane har alt ansvaret for å lage ein god skule aleine, det må sjølsagt vere ein blanding av interesserte elevar og gode lærarar.

 

Karakterpresset i den videregåande skulen er enormt, mange strevar hardare enn andre for å få gode karakterar enn andre. Det er vel inga hemmelegheit at “trynefaktor” er viktig for å få gode karakterar. Hadde ein fått luka bort denne favoriseringa av enkelte elevar ville resultatet blitt ein skule kor elevar fekk karakterane ut fra innsats, og ikkje ut fra kor flinke dei er til å smiske, eller at lærarane kjenner foreldra eller ikkje. Dette er kanskje eit større problem på mindre stader, kor alle kjenner alle.

 

For at mennesker skal trivast på ein arbeidsplass, er det viktig at dei har eit godt arbeidsmiljø. Utan eit godt miljø oppstår det misnøye blant folk som ’’tråkker opp på’’ kvarandre heile dagen. Det fins båe psykisk dårlege miljøa, og det fins fysisk dårlege miljøa. Med psykisk miljø tenkjer eg på mobbing og liknande. Eit fysisk dårlegt miljø, vil si eit miljø kor pulter, bøker, klasserom er utgått på dato. Dette er eit stort problem på mange norske skuler. Skulane har ikkje økonomi til å pusse opp utslitte skulebygningar, eller kjøpe nye lærebøker. Det blir bevilga for lite pengar til oppussing av skulesystemet fra Stortinget. Den perfekte skulen har gode, oppdaterte bøker, ein IKT-opplæring som er 2003 verdig, og gode, varme og moderne bygningar. Det er trist å sjå til stadigheit i nyhetsbildet om skulebygningar som forfall. Det er ikkje lenge sida vi fekk sjå at ein etasje på ein barneskule i hovedstaden brast sammen og drepte mennesker. Ein god skule bør vere trygg å gå på!  Den videregåande skulen eg går på er under oppussing, og så langt er resultata gode. Den gamle kantina er bygd på, og elevane bruker kantina mykje. Det er viktig for at elevane skal trivast, at dei har eit sted å tilbringe fritimar. Maten i kantina er upåklagelig. Dette er med på å øke trivselen på skulen. Det er synd ikkje fleire ungdomsskular har eit like bra tilbud i friminutt og liknande.

 

Mange bedrifter klager over at lærlingane som kjem ifrå yrkesfaglege linjer veit for lite om faget dei har valgt. Dette må bedres på! Vi er ikkje tjent med at dei som skal bygge husa, legge røra våre, ikkje klarar jobben dei er satt til å gjere. Mestrene seier dette skyldast for mykje teori, og for lite praksis. Det må jo tas i betrakting at det ikkje er billig og lønne ein lærling, og at det er vanskeleg å få tak i handverkare nå om dagen. Men uansett skal jo lærlingane kunne litt! Ein god skule utdannar gode handverkare!

 

Lærarane i skulen kunne gjort mykje meir for å bidra til ein betre skule. Ein lærar gjør det ikkje spesielt interessant for elevane ved å stå å snakke foran tavla i nitti eller fem og førti minuttar. Meire prosjektarbeide, gruppearbeid gjør skuledagen morsommere og meir variert.  Vi opplever eit generasjonsskifte i lærarstanden her i landet. Personleg trur eg dette er bra. Nytt friskt blod, og nye utradisjonelle tenkjemåtar vil gjere det meir interessant å vere elev.

 

For å oppsummere kva ein god skule er vil eg begynne med læringsmiljø. Læringsmiljø er utruleg viktig. Hvis ein ikkje trivast, har ein ingen forutsetningar til å lære. Dette er både fysisk og psykisk miljøer. Hvis dette er bra, vil alt det andre komme automatisk!

 

Håper at du gjennom denne artikkelen fekk eit lite innblikk i kva som skal til for å få ein god skule.

 

 

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst