Florence Nightingale "The Lady With The Lamp"

Livet til Florence Nightingale.
Sjanger
Særoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.03.30

Innleiing

Eg valde denne oppgåva om Florence Nightingale på grunn av at eg hadde lyst til å lære om personen som har påverka sjukehus til korleis dei er i dag. Eg vil takke min mor for ikkje å ha ”mast” på meg om å gjere ferdig denne oppgåva og heller prøve å gje meg dårlig samvit i staden for, sia eg ikkje jobba nået særlig dei dagane me fekk fri. Eit klassisk eksempel på at dei fleste jobbar best under press.

 

Sjølv om det har blitt litt jobbing i påsken har eg sett på det heile som fascinerande og utrulig lærerikt. Alt er slik som hun sat standaren. Ingen veit korleis sjukepleier yrket hadde vert i dag vist det ikkje hadde vert for Florence Nightingale. Ho var kvinne og kjempa for sine rettighetar nett som alle. Dette gjorde hun svært upopulær blant andre menn. Av denne oppgåva vil eg prøve å lære om korleis ho er eit forbilde for mange til og med i dag.

 

I dag er det ca 100 år sia Florence Nightingale døyde og ho er godt hugsa i historia. Med denne oppgåva vil eg prøve å finne ut om korleis livet hennar var pga korleis hun klarte å få viljen sin mot alle odds, eg vil og prøve å finne ut korleis ei kvinne klarte og sette standaren for sjukehus til og med i dag. Florence Nightingale fann ikkje opp sjukepleia. Men ho er grunnleggjaren av moderne sjukepleie, basert på kunnskap, utdanning, høg moral og respekt for individet. Og ho ville truleg stått saman med sjukepleiarane i lønskampen deira i dag , for ho meinte det skulle vera eit skikkeleg betalt yrke, med løn også i elevtida. Florence Nightingale fekk til og med eit eiget museum etter det ho gjorde.

 

Denne oppgåva skal ha ein fin moral og den skal vise at alt er mulig om du berre går inn for det!

 

 

Innhaldsliste

Avsnitt 1: Oppveksten

Avsnitt 2: Utdanninga

Avsnitt 3: Opprørt av krigsrapportar

Avsnitt 4: Født inn overklassa

Avsnitt 5: Skapa eit mønsterbruk

Avsnitt 6: Krimkrigen (The Crimerian War)

Avsnitt 7: Her trengst ikkje kvinnfolk!

Avsnitt 8: Sat ved to tusen dødsleie

Avsnitt 9: Fransk kokk

Avsnitt 10: Ei avhandling frå krigsministeren

Avsnitt 11: Regjeringa måtte gå

Avsnitt 12: Krimfeberen ramma også henne

Avsnitt13: Døden

Avsnitt 14: Avslutning

Avsnitt 15: Kjelder

 

 

Florence Nightingale var fødd 12 mai 1820 i Florence, Italia.

Døde: 13 August 1910 East Wellow, England.

 

 

1:Oppveksten:

Florence Nightingale var best hugsa frå arbeidet hennar I krimkrigen og hennar bidrag til reform av de sanitære forholda på militære sjukehus. Men det som er ennå mindre kjend er hennar lidenskap for matematikk, spesielt statistikk, dette spela ein vitig rolle i livet hennar.

 

Ho vart oppkalla etter plassen ho var fødd. Foreldra hennar, William Edward Nightingale og hans kone Frances Smith var på reise rundt Europa i dei to første åra i deira ekteskap. Nightingales eldre søster vart fødd på Naplene i 1819. Ho fekk namnet Parthenope av ein kjend gresk by. William Nightingale hadde blitt fødd med namnet Shore men endra det etter at han arva det frå ein rik slektning. Jentene voks opp på landet og brukte mykje av sin fritid i Lea Hurst Derbyshare. Utdanninga av de to jentene ble gjort av lærarinner men i slutten tok William Nightingale ansvar. Florence elska å læra og hadde ein naturlig evne til å lære.

 

2:Utdanninga:

I 1940 bønfell ho foreldra om å få lov til å begynne å studere matematikk. Men mor hennar likte ikkje denne ideen. Sjølv om William Nightingale elska matematikk oppfordra han Florence til å studere ting som passa betre til kvinner. Etter mange kranglar klarte Florence å overtale foreldra til å la henne få studere matematikk. Florence vart hata av læraren i sin nye studieplass og vart sett på som den verste eleven.

 

Nightingale sin interesse for matte utvida seg utanom emnet sin del. Ein av personane som hadde stor innverknad på Nightingale var ein belgisk forskar ved namn Quetelet.

 

Religion spela ein viktig rolle i Nightingales liv. Foreldra hennar hadde eit heilt anna syn på religion enn Florence. Sjuande Februar 1837 trudde Nightingale hun fekk eit kall av Gud, mens hun gjekk i sin egen hage. Ho utvikla ein interesse for sosiale problem. Men i 1845 var familien hennar sterkt imot at Florence fekk seg sjukehus utdanning. Fram til det var det einaste ho hadde gjort av pleie på venner å bokjente.

 

På 1800 talla var sjukepleiing sett på som noe bra yrke som krav høg utdanning. Sjukepleiarar mangla ofte utanning og erfaring og dei hadde og eit rykte om å vere ufine, uforskamma kvinner gitt til tilfeldigheita og fyll. Mens Nightingale var på ein tur rundt Europa og Egypt som starta i 1849 fekk ho den unike sjansen til å studere ulike sjukehussystem på nært hold. I de tidelige 1850 åra begynna treninga til Florence for å bli sjukepleiar på St Vincent de Paul i Alexandria, Egypt som var eit sjukehus som var drevet av den Romerske Katolske Kyrkja.

 

3:Opprørt av krigsrapportar:

Sjeldan er folk blitt så opprørt som det britiske da krigskorrespondenten William Howard Russel i midten av oktober 1854 sendte heim rapportar til ”The Times” om tilstanden til krigssjukehuset i Skautari, der den tyrkiske armeen lånte ut kasernene sine som lasarett for britiske soldatar under Krimkrigen.. I periodar døyde annan kvar pasient.

 

Avdelingane var overfylte, ofte to i same seng, og mange på golvet. Mange hadde ikkje anna å liggje på enn blodige soldatkapper. Når sjukehuspresten sette seg på golvet for å skrive ei siste helsing frå døyande soldatar, måtte han gong på gong børste lus av arket!

Kasernene: Brakke

Lasarett: Feltsjukehus

 

4:Født inn i overklassa

Dette var Florence Nightingale møtte når du steig inn i sjukesalane til den engelske armeen i november i 1854 i Skautari nær Istanbul. Den engelske ambassadøren budde like attmed og hadde ikkje mangel på luksus, tønnevis av sølvtøy og 25 tenarar.

 

Florence Nightingale var rasande på overklassen og ulikskapane i det engelske samfunn. Ho fekk tidleg sjå ulikskapen i samfunnet på veldeidige rundar saman med sin mor i fattigstovene. Ho skreiv i notatblokka si. ”Vi snyltarar. Menneskjer må hjelpe kvarandre!”.

 

Ho vaks opp til å bli ein vakker ung kvinne, med kastanjebrunt hår og grå augo. Florence Mangla heller ikkje friarar. Ho var glad i Richard Milnes ein sympatisk kar, politikar og dikter. Familien såg på han som eit godt parti men åra gjekk og ingenting skjedde.

 

Florence følte jo hadde et kall og vist ho gifta seg ville ho ikkje kunne gjennomføre dette kallet. Sjukepleiar sto lågt på rangen den gongen, sjukehusa var ei historie før seg. Då ho skjøna at hennar gjerningar låg i denne retninga, gjekk ho lenge å grua seg for å snakke med mora om det.

 

Florence Nightingale vart djupt deprimert. Ei tid låg ho til sengs og ville ikkje snakke me nokon. Men ho mista ikkje målet av synet, ho utdanna seg nærmast i smug som helsearbeidar, las bøker og besøkte sjukehus. I ni lange år venta Richard Milnes på henne. Ho måtte gje han eit svar, og det var fryktelig for dei begge når svaret blei nei. Mora fekk raserianfall og faren kalla det dårskap. Etter knallharde rundar fekk hun lov som 29 åring å reise til eit diakonisseinstitutt i Tyskland for å lære meir om sjukepleie og administrasjon og ho var på studiereise til Paris. Då ho kom tilbake, flytta ho for seg sjølv. I 1853 var det ingenting lenger som kunne stoppe Florence Nightingale.

 

Ho hadde vener innan toppsiktet, blant politikarar, krigsministeren var ein nær venn, det var ein sosial vekking i samfunnet, Charles Dickens skreiv sine store romanar, Det var blitt større interesse for å løyse problema. Og dette året fekk ho sin første sjølvstendige stilling som forstandarinne for eit Hospital for ”sjuke og gamle damer frå den danna klasse”.

 

Ho valsa opp med komiteen av pene gamle damer som stod over henne, ho hadde ikkje sjansen for ”fornemme fjols” som ho sa det dei kunne best var å drikke te å tvihalde på gamle meiningar og ho godtok ikkje at hospitalet berre tok imot protestrantar.

 

5:Skapa eit mønsterbruk

Ho ordna opp med alle praktiske manglar, førde rekneskap og eit halvt år var Harvehospitalet kjent over heile London som eit mønsterbruk. Sommaren 1844 braut det ut ein kraftig koleraepidemi i London. Florence Nightingale meldte seg frivillig til å ta dei verste tilfella, blant an dei prostituerte.

 

Ryktet gjekk om kva Florence Nightingale klarte å utretta. Mora såg på henne med nye augo, og sa at dei hadde vist klekt ut ei vill svane. Andre sa: ikkje ei svane, men ei ørn. Og på henne venta ei katastrofe: krimkrigen!

Kolera: Diaresjukdom

 

6:Krimkrigen 1853-1856

Russland mot Tyrkia (med vestmaktene i ryggen)

Denne krigen var ein krig i den lange rekka av krigar i den russisk- tyrkiske krigar. Bakgrunnen til dette var ein religiøs konflikt mellom Tyrkia og Russland. Tyrkia avslo forslag frå Russland om russisk protektorat over Tyrkias kristne befolkning. Juli 1853 rykka russarane inn i Donarfyrstedømet, og øydelagde seinare den tyrkiske svartehavsflåten. Vestmaktene så på Russlands framrykk med stor frykt, og det blei hevda at Russlands eigentlige hendsikt, var å gjøre Svartehavet til russisk innhav, og dermed få tilgang til Middelhavet. Britane følte sine interesser, og særlig forbindeliser med India, trua, og ville derfor sikre sine interesser.

 

Frankrike og Storbritannia erklærte derfor krig mot Russland i mars 1854. Vestmaktene forsøka også å trekke in Austerrike, Preussen og Sverige og Noreg inn i krigen, men klarte det ikkje når Austerrikke og Preussen hadde eit sterkt ynskje om å halde seg utanom konflikten. 20 september 1854 landet de allierte på Krim, og måtte ufôrbrett overvintre ved Sevastopol. Denne byen var det vigtigste angrepsmålet då den russiske svartehavsflåten hadde tilhaldsplass der. Den russiske tsar Nikolai døyde i mars 1855, men Sevastopol falt ikkje før 11 september i same år. Fredsavtalen ble ferdiggjort og underteikna i Paris 30 mars 1856, to år etter bestmaktenes krigserklæring til Russland.

 

Krimkrigen braut ut i 1854. England, Frankrike og Tyrkia gjekk til krig mot Russland, som var ute etter makt i Tyrkia. Felttoget var elendig førebudd. 30000 tusen mann vart sende over svartehavet til Krim, men store delar av forsyningane låg att i Varna i Bulgaria. Då lasaretta på krim var fulle, vart dei såra sendte over svartehavet, stua saman i dårlige båtar. Reisa tok opp til 2 veker og soldatane døyde som fluger.

 

Her er eit bilde av statistikken som Florence førte over kor mange so døyde i krimkrigen. Området av kvar farga blokk, målt frå midten som eit felles punkt, i sitt forhold til den statistikken den representerer. De blåe blokkene representerer dødstalet frå sjukdommar.

(bildet mangler)

 

7:Her trengs ikkje kvinnfolk!

I artikkelen frå krigskorrespondent Russel i ”The Times” stod det at franskmennene var betre organiserte, og dei hadde barmjertighetssøstre som tok seg av dei såra og sjuke. Kvifor har ikkje vi barmjertighetssøstre? Torna ”The Times” på leiarplass.

 

Det var timen komen for Florence Nightingale. Brev frå henna sa at ho ville reise til feltlasaretta i Skautari og vaske vekk skamflekken på Englands ære. Dette oppdraget fekk hun av krigsministeren.

 

Ho samla 38 nonner og sjukepleiarar, og viste at det var mange av dei som ikkje var skikka til jobben som venta. Då dei kom fram vart dei møtt av sanitetssjefen, Dr. Hall, med desse orda: ”Sjå å få skjørta heim igjen til dei lune salongane”!

 

8:Sat ved to tusen dødsleie

Så kom nedstigninga til helvete. Det var over to tusen såra  og sjuke i Skautari, og kvar dag kom nye båtlastar frå fronten i Krim. Operasjonane var mest amputasjonar av armar og bein. Pasienten vart lagt på to plankar, under stod ein kasse sagflis for og samle opp alt blodet. Det skjedde inne i sjukesalen.

<bilde>

 

Ho fekk tak i skjermbrett slik at dei som venta ikkje skulle miste motet. Dei fleste strauk med etter operasjonen, på grunn av ekstremt ureinslige tilhøve. Dessutan var kjøkkenet elendig, og dei sjuke fekk dårlig og for lita mat. Florence Nightingale var tilstades på nærmare to tusen av dødsleia, vinteren i Skautari. Ho sa at alt for mange måtte døy aleine, og at ho måtte ha eit tolmod som ho aldri gløymde.

 

9:Fransk kokk

Ho stanga hovudet i eit vanvittig byråkrati, ”alle dei flatklemde militære hovuda”. Som ho kalla dei, våga ikkje ta personlig ansvar sjølv om dei viste dei heldt på med å skjære vås. Store mengder skjorter laken og mat låg på lageret, men ho fekk dei ikkje ut. Til sist disponerte ho pengar frå Timesfondet og innsamla midlar ho hadde fått med seg. Da var forvaltningssjefen villig til å la henne få nye skjorter.

 

Maten var elendig på lasaretta, og ho viste at mat var viktig for dei sjuke. Ho gjorde ein stor innsats, så kom eit mirakel av ein fransk kokk. Han såg ut som ein operettehelt med knebelsbart og fløyelskeskappe, kom rett frå ein eksklusiv klubb i London, og hadde med seg ein svart mann han kalla sekretærkokk. Han laga nærande mat, konstruerte omnar til brødbaking, og han laga ei innretning som kunne halde tevatnet kokande varmt til hundre mann om gongen.

 

På eit tidspunkt låg det 400 mann på feltlasaretta. Då kom ein beskjed om at nye 800 var i anmarsj frå Krim, då bestemde Nightingale seg om at ho skulle byggje ei fløy som hadde stått tom etter ein brann for fleire år sidan, lynfort.

 

Ho brukte pengar frå Timesfondet som hun ikkje skulle ha gjort, bygginga var statens ansvar, og saka skulle ha gått runden i byråkratiet.

 

10:Ei avhandling frå krigsministeren

I januar 1855 var katastrofen på sitt verste under krimkrigen, berre ti tusen mann av heile den britiske hæren vart rekna som friske. Tolv tusen låg på lasaretta. Då ho tok seg tid til å skrive til krigsministeren for å leggje fram det ho kalla ei skisse av forbetringar. Det ho kalla ei skisse var i røynda ei avhandling, med detaljerte forslag om økonomi , kurs i kirurgi for legar i felten, forbetring av kjøkken og vaskeri og kva utstyr som burde høyre til ei sjukeseng. Og då ho kom med inntrengjande oppfordring om at det skulle førast skikkelig statistikk over dødsfalla, slik at ein kunne lære av det som skjedde.

 

For dei fleste er Florence Nightingale skaparen av den moderne sjukepleie, bygd på innsatsen hennar i Skautari og på Balkava på Krim. At ho var pioner i bruk av analyse og statistikk er ettertida knapt klar over. Ho hadde eit ynskje omn å studere matematikk. At statistikk kunne brukast i sjukesalen, og ut frå det skape forbetring, forstod ho som ein av dei første i verda.

 

11:Regjeringa måtte gå

Det ho såg denne vinteren ved Svartehavet var at nesten halvparten av soldatane døydde. Til tider var talet endå høgare. Berre få døyde av sår og skader, dei fleste strauk med av kolera, tyfus og dysenteri og smittesjukdommar dei fekk på lasarett. Det var gjort store forbetringar etter at Florence Nightingale tok over leiinga, likevel vart døldsstatistikken katastrofal. Kloakksystemet og vassleidningane var bakteriebomber. Kritikken mot regjeringa vart så sterk at ho måtte gå av, dermed gjekk også krigsministeren, Sidney Herbert, hennar gode venn.

 

Den nye regjeringa gav Florence Nightingale full støtte, og sendte ein kommisjon for og undersøke dei sanitære forholda, noko ho lenge hadde bede om. Kommisjonen kom i slutten av februar 1855, leia av dr. Sutherland, som var dyktig og uredd. "Tilstandane her er mordariske", skreiv han i rapportane heim.

 

Kloakksystemet vart reinsa og reparert, vegger vakse og kalka, rottene kverka. Berre på få veker gav arbeidet resultat. I løpet av våren sokk talet på dødsfall frå 40 til 2 prosent. Stemninga vart lysare for kvar dag.

 

Tyfus: tyfoidfeber

Dysenteri: Diaresjukdom

Kolera: Diaresjukdom

 

12:Krimfeberen rammar også henne

Florence Nightingale fylde 35 den våren. Vinteren hadde tatt hardt på henne. Men ho ville til Krim for å sjå kva ho kunne gjera med feltlasaretta der, og for å sjå slagmarkene. Ho vart tatt imot med jubel av soldatane, og fekk fangen fullt av liljer og orkidear frå slettene rundt leiren. Men dr. Hall som hadde ansvaret for saniteten, og som hadde motarbeidd henne frå første dag i Skautari, var rasande over kritikken som ramma han. Nå nekta han å innkvartere henne. Ho fekk inspeksjonert lasaretta, og tilhøva var like ille som dei hadde vert i Skautari.

 

Ein folkeheilt

Men ein kveld svima ho av. Ho svevde mellom liv og død i to veker. Ho hadde fått krimfeberen, som ein meinar må ha våre tyfus. Men ho kom seg såpass at ho kunne reise frå Krim. Utmagra, vart ho innlosjert i huset til feltpresten. Ho kom seg på beina att og tok fatt på nytt.

 

Florence Nightingale var ein levande legende den dagen ho reiste frå Krim, og når det vart kjend at ho var sjuk, skreiv avisene at ”heile folket heldt pusten”. Då ho vart frisk, gret folket av glede. Ho var ein folkehelt.

 

Det vart stillare ved fronten utover hausten, ho kunne lyfte blikket frå sår og blod og forsyningslister. Og ho såg at alkohol også var del av krigens redslar, når soldatane prøvde å få tida til å gå i dei fryktelige forlegningane.

 

Offiserane kalla soldatane udyr, og gjorde ingenting for å hindre dei i å drikke seg frå sans og samling. Ho vart møtt av hån frå offiserane då ho ville opprette lese og skriveundervisning, for mange av soldatane kunne ikkje lese. Men ho fekk gjennomført det, og organiserte store lesesalar med aviser og skrivesaker. Dei verste brennevinsbulene vart stengde.

 

Ho fekk orden på heimsending av pengar, den engelske soldaten var leiesoldat, og fekk løn når han var såra og låg på sjukehus. Men vart han sjuk, fekk skjørbuk eller kolera, mista han løna.

Skjørbuk: Dødlig sjukdom, kjem som regel av mangel på c-vitamin

 

Soldaten i fredstid

5. November i 1855 var det eit år sidan Florence Nightingale kom til Skautari. Men ho var ikkje klar til å reise heim, sjølv om slekt og vener i England bad henne innstendig til tenkje på eiga helse. Ho ville tilbake til Krim og til Balaklava, ho hadde ikkje fått utretta stort der. To gonger tok ho den lange turen over Svartehavet. Kampane vart stilna, men ein ny kolera epidemi herja, og sjukehusa var overfylde.

 

Endelig kom ordaren frå London om at ho skulle vera øvste sjef for sjukepleia også på Krim, sjølv sanitetssjefen dr. Hall måtte lystre ordre frå henne. Men så tok kampane slutt 29. April 1856 og freden var eit faktum. Ingen viste riktig kven som hadde sigra og kven som hadde tapt.

 

Døden

Ville bli igjen til siste slutt

Dr. Hall, sanitetsjefen, fekk Riddarkorset for den store innsatsen sin for hær og sanitet, og Florence Nightingale gret bitre tårar på dei dødes vegne, og sa: ”Riddar av gravene på Krim ville vore meir rett å si”. At ho ville bli igjen til siste soldat var reist, fekk stemninga i heimlandet til å nå kokepunktet. Det var nærast eit folkekrav å samle innpengar til ei nasjonal æresgåve til henne. Ho hadde vunne landets tillit og ho blei heidra av dronninga. Ho er blitt kalla ein engel, dama med lampa. Av naturlige årsaker døydde Florence Nightingale 13 august 1910, nitti år gamal. Ho ville ha ei enkel grav ved Embley Park, familiens gods i Hampshire, og på gravsteinen står: F.N Fødd 1820. Død 1910.

 

14:Avslutning

Eg bestemde meg for å ha om Florence Nightingale på grunn av at eg viste ikkje nåe særlig om henne eller det ho hadde gjort. Det eg viste var at ho var sjukepleier so gjorde nåe bra i ein eller an krig. Etter denne oppgåva har eg lært heile biografien hennar og korleis ho klarte og utretta det ho gjorde. I dag er ho grunnleggjaren av den moderne sjukepleie slik vi kjenner den. Eg tok og i betrakting av eit stort fleirtal av andre sine særoppgåver handla om menn, og det er vanligast at gutar skriv om ein av same kjønn og jenter motsatt, med Florence Nightingale tenkte eg å gå nye vegar og skrive om nået som var utradisjonelt og som nesten ingen visste noka særlig om. Med denne oppgåva lærte eg korleis ho klarte å oppnå den bragda som ho gjorde. Ho redda fleire tusen soldatar på lasaretta i Krim, og ein av hovudfaktorane var reinsligheita.

 

15:Kjeldar

http://no.wikipedia.org/wiki/Florence_Nightingale

http://www.nrk.no/nyheter/bakgrunn/portretter/565449.html

http://web.hist.uib.no/delfag-v99/Robinson/historie/Bakkrim.htm

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst