Lenin

Kort tekst om Lenin.
Sjanger
Temaoppgave
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.11.18

Lenin vart født 22 april 1870. Han var son til ein skuleinspektør. Lenin var eit dekknamn. Han het eigentleg Vladimir Uljanov og blei født i ein småborgarleg familie i Simbirsk ved elva Volga. Lenin studerte jus og kom tidleg inn i fine kretser.

 

Lenin var leiar for det russiske kommunistpartiet, eller bolsjevikane, som dei kalla seg. Som leiar av den russiske revolusjon var han den første som omsette marxismens teorier i praktisk handling, og hans tolking av  Karl Marx` lære var lenge rettesnora for den internasjonale kommunisme. Han deltok i illegalt politisk arbeid og blei i 1897 forvist til Sibir. I 1898 gifta han seg med Nadjesjda Krupskaja, som blei hans nære medarbeidar. Frå år 1900 levde han utanlands, hovudsakleg i Zùrich, bortsett frå eit hemmeleg besøk i Petrograd i 1905 i samband med den mislykka revolusjonen.

 

Etter Februarrevolusjonen i 1917 vendte Lenin tilbake til Petrograd. Han reiste i ei plombert jernbanevogn frå Zùrich over Stockholm til Petrograd, hovudstaden for det styrta tsardømmet. Eit kuppforsøk i juli mislykkast, og han flykta til Finland der han skreiv eit av sine klassiske verk: ”Staten og revolusjonen”. Bolsjevikane støtta av arbeiderrådene, gjennomførte Oktoberrevolusjonen og oppretta separatfred med Tyskland.

 

I sine siste leveår, bitter og merka av sjukdom, (hjernebløding i 1922), konstaterte han at revolusjonen i verden var uteblitt, og at partiet var trua av indre motsetningar. Særleg var det motsetningar mellom Trotskij og Stalin. I eit ”politisk testamente” han skreiv i 1923, frårådde han mot Stalin si aukande makt. Lenin etterlot seg ei lang rekkje skrifter.

 

I 1924 døydde Lenin. Då braut det ut ein bitter kamp om makta mellom dei nærmaste medarbeidarane hans. Den som gjekk av med sigeren, heitte Josef Vissarionovitsj Dsjugasjvili. Men han var kjend under namnet Stalin, som på russisk tyder stålmannen.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst