Analyse av Freia sjokolade reklame
I denne teksten skal eg ta for meg eit bilete frå Freia mjølkesjokolade. Eg skal sjå på kva farger og kontrastar som er i bilete. I tillegg skal eg undersøke kva virkemidlar som blir brukt i både tekst og bilete. Vidare skal eg sjå på korleis teksten appellerer til mottakar og vurdere om AIDA-prinsippet er brukt. På bilete kan man sjå ein mann som sitter på eit «gjerde», med ei ku ved sidan av. Det er landskap i bakgrunn og eit Norges flagg. Dette er gjort for å få frem nasjonalfølelsen hos det norske folk. Med norsk landskap og flagg, blir man nesten stolt av det. Det er vakre og naturlege farger, som gjer at man får lyst til å sjå meir på den.
Noko av det fyrste man ser er mannen med kua, ved sidan av, så ser man den gule kanten på «gjerdet». Det er det som fangar oppmerksamheita fyrst. Så legger du merke til landskapet bak. Alt detta tiltrekker oppmerksamheita og får ein til å ville finne ut meir. I bakgrunnen er det ganske mørkt, noko som gjer at det lyset framfor i bilete blir framheve. Da blir oppmerksamheita rette mot det som er fremst, og kontrastane gjer det i tillegg litt betre å sjå på bilete. Man blir litt meir tilfredsstilt av de fine fargene.
Teksten prøver å nå til folk ved å være morosam. «Eg valte meg Geiranger. Fordi det er her eg ville budd viss ikkje kona ønsket noko anna». Dei legger inn ein «vits» for å trekkje oppmerksamheit. Detta er mest retta mot ein litt eldre målgruppe, mest for dei som er gift, så denne reklamen er sikkert mest meint for dei. Den kan likevel nå andre også, fordi mange skjønner vitsen.
Ein anen ting er at teksten også prøver å få frem ein nasjonalfølelse. «Velja ditt vesle stykke Norge …» Det får ein til å bli verkeleg glad i landet sitt og ønskje seg ein bit av denne norske sjokoladen. I tillegg har dei med eit norsk stadnamn, Geiranger, som også er ein kjend stad. Den er kjend for Geirangerfjorden, eit sted som det norske folk er veldig glade og stolt i. I tillegg ser det ut som at Geirangerfjorden er i bakgrunn av bilete. Dei som har laget denne reklamen har valt denne staden fordi dei veit at dette ville nå demmes oppmerksamheit.
Ordbruket demmes er ganske kvardagslag, sikkert for å virke som «heime» og virke litt «nøytralt» Det blir ikkje for mykje, og går nesten litt over på å bli koseleg. Det er kanskje for å fa sjokoladen til å virke som heime, og få den til å høyre til der. At viss man ikkje kjøper den, manglar det nesten noko i heime.
AIDA prinsippet blir brukt her. For å fange oppmerksamheita blir det brukt litt sterke, naturlege farger som først blir sett. Det er da graset på bakken og det gule som er litt overalt. Så kommer kua, med litt kontrast frå det grøne til brune. Etter det ser man landskapet bak. Et landskap, man fort blir betytt av, sidan den er så vakker og minnast om Noreg.
For å få interesse, spiller de veldig på nasjonalfølelsen. De har det norske landskapet og eit norsk flagg i bakgrunnen. Teksten er morosam og er skrevet på ein litt folkeleg måte, for å appellere til mottakaren som kvardagslag og som ein «venn». I tillegg tar dei med stadnamn i Noreg og gjer sjokoladen om til «eit lite stykke Noreg».
Reklamen skal gi kunden et ønske om å eie produktet. Her fortsetter man å appellere til hvordan produktet kan hjelpe dem personlig i hverdagen- (http://skolediskusjon.no/kompendier/norsk/aida-modellen ) I bilete har mannen på seg dress og det kan verkje som at han har vært på jobb. På bilete verkjer han avslappa og som om han er heime. Detta kan gjera så folk i arbeid og er ferdig på jobb, vil ta en mjølkesjokolade for å slappe av.
Den får ein kanskje tel å kjøpa dan, den seier ikkje kor man kan kjøpe den, men de fleste veit at man kjøper sjokolade i matvarebutikkar. I tillegg har dei eit bilete av mjølkesjokoladepakninga, så folk kan kjenne den igjen i butikken.
Bilete har godt fargebruk, og gode kontrastar. Kontrastane gjer det lettare å legge merke tel bilete. Reklamen bringer frem nasjonalfølelsen hos folket, med norsk natur, norsk flagg og andre kjennetegn. Teksten appellerer også tel nasjonalfølelsen, ved å bringe opp eit norsk stadnamn og å kalle sjokoladen «eit lite stykke Noreg». Teksten er også humoristisk og målgruppa er hovudsakleg gifte nordmenn i arbeid. Eg har sett om dei har brukt AIDA-konseptet, noko dei har gjort. Dei bruker verkemidlar for å fange oppmerksamheita, får mottakaren tel å ville vite meir og ville ha produktet, og får dem tel å kjøpe den. Eg synes denne reklamen var ganske bra. Den får oppmerksamheita mi og gjer at eg ønsker å sjå meir på den. Den bringer frem nasjonalfølelsen min og gir meg et ønske om å kjøpe den.
Kilder:
- Medgitt ark
- Kontekst 9
- http://skolediskusjon.no/kompendier/norsk/aida-modellen
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst