Analyse - Seterpiken og jegeren og maleriet "Gård i ytre kroken, Sogn"

Seterpiken og Jegeren og Gård i Ytre Kroken i Sogn - Norsk nynorsk. I analysen forklarer jeg hvilke nasjonalromantiske trekk novellen Seterpiken og Jegeren og maleriet Gård i Ytre Kroken i Sogn består av.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2020.06.04
Tema

Seterpiken og jegeren er skrive av Bernard Herre i 1849, og Gård i Ytre Kroken i Sogn er målt av Johan Christian Dahl i 1838. Begge desse verkane blei skapt i perioden som heiter nasjonalromantikken.

Seterpiken og jegeren fortel om livet til seterjentene, men handlinga fokuserer mest på forholdet mellom den eine jenta og jegeren. I nasjonalromantikken dyrka ein førestillinga om at «folkesjela», den reinaste form for kultur, kjem til uttrykk i dikting. Denne teksten er eit perfekt døme på ho, ettersom den norske kulturarven er synleg gjennom heile forteljinga. Teksten framhevar det typisk norske, som «blå auge» og «seterjenter». Det norske samheldet er også synleg gjennom uttrykk som «[..] våre grønne skoger, [..]», der forfattaren bruker pronomen i første person fleirtal for å understreke ein felles nasjonal arv. Beskrivingar av norsk natur er eit anna nasjonalromantisk trekk, og det er rikeleg av dei i teksten. «[..] Nede i dalen larmer fossen, den dype skog står så rank omkring henne, [..]» er eit døme på dei.

På Gård i Ytre Kroken i Sogn ser vi ein liten gard på ein kjølig haustdag, ei jente i bunad og nokre geiter. Slik beskriv Dahl den norske folkekulturen på 1800-talet, inspirert av bondelivet. Majoriteten av den norske befolkninga var bønder som levde i gardar eller hytter, og det er der den nasjonale «folkesjela» var, meinte ein. Det steinfylte landskapet er fokuset på dette måleriet, og det blir ramma inn av ein vakker solnedgang. Kunstnaren skapar på denne måten ei idyllisk stemning som gir uttrykk for den norske naturen. Det typisk norske er også til stades på måleriet. Jenta i bunad og landskapet med hytter beskriv livet under nasjonalromantikken. 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst