"Bokhandlaren i Kabul" av Åsne Seierstad
Bokhandleren i Kabul av Åsne Seierstad. Denne analysen blei skreve på grunnkurs, mildt sagt ufullstendig, og språket kunne ha vore betre. So injoy!
Eg skal skrive ein bokanalyse av bestselgaren Bokhandlaren i Kabul, ein av Noregs mest kjente romanar, oversatt til over 16 språk. Bokhandlaren i Kabul er skrevet av Åsne Seierstad og blei utgitt for første gong i 2002, romanen er eit familiedrama skrevet i ein litterær form men med verkelige historier til grunne.
Vi møter familien Khan, vi får være med å sjå deira kvardag som privatpersonar, familiemedlem, og muslim. Vi får også møte noen av dei som er rundt dei. Sjølve hovudpersonen i boka er bokhandlaren sjølv, Sultan Khan, som overhovudet i familien Khan og som innehavar av sin egen bokhandel er Sultan både ein viktig, respektert og vel anset mann i Kabul. Tida vi nå møter dei i er våren etter Talibans fall, ein tid da folk strever med å finne sin plass i det nye Afghanistan, i ein kamp mellom det moderne og det tradisjonelle. I Bokhandlaren i Kabul får vi også eit lite vakkert bilde av livet som kvinne i eit muslimsk land og ein ser tydelig kor innprenta kvinneundertrykking er i de muslimske landa.
Som sagt følgjar vi både Sultan og fleire av menneska rundt han vi blir med på ein reise i deira liv, ein reise som tar oss både bakover i tid til det som ein gang var og framover til det de håper vil skje i framtida. Ved å bruke eit slikt retrospektiv og ein han/ho synsvinkel skaper forfattaren eit nøytral, men interessant, bilde av denne muslimske familien og samfunnet rundt dei.
Personane vi møter kan for oss verke noe ekle, egoistiske og underkua, men huks at dette er ein annen kultur andre normer, og at de syntes sikkert noe av det samme om oss. Sultan er ein streng, men familieglad mann, han er ein patriot og ein handlekraftig, om enn noe forfengelig mann. Han er også ein tiltider nådelaus mann, som når han lar ein fattig snekker med sjuke barn og ingen pengar gå i fengsel for eit mindre tjuveri. Vi møter hans to koner, Sharifa, den første av hans koner ein lærd og stolt kvinne i 50åra og Sonya hans naive og vakre tenåringskone. Med Sharifa har han tre søner, Mansur, Aimal og Eqbal, og ei dotter, Shabnam. Vi møter og hans mor Bibi Gul og hennes yngste dotter Leila.
Å følgje disse menneska rundt Sultanen gir oss eit tydelig blide på akkurat kor sterk Sultanens stilling er. For eksempel ser vi korleis Leila utan eit ord sliter seg ut frå tidlig om morgonen til seint på kvelden for å gjøre husarbeidet og for å sørgje for måltidene, eit arbeid som tærer på helse og kropp. Og sonene finner seg i nesten alt til tross for at dei til tider jobbar 16 timars daga i den støv fylte butikken til Sultanen.
Familie forholda her er ganske anstrenga, Sultans koner for eksempel har eit rival/venninne forhold, samtidig som de konkurrerer om Sultanens gunst er de til tider som nære venninner, deler hemmeligheta og ler av Sultan bak hans rygg. Brødrane hakkar på kvarandre og Leila, Sultanens yngste syster får gjennomgå av alle.
Område dei bur i er som det meste av Kabul nedbomba, og sjølv om dei fleste husa står og er i noelunde bra stand finn du ikkje eit som ikkje har fått vindauge øydelagt av for eksempel granatsplintar eller fått andre større eller mindre skader. Vi får og oppleve den ubarmhjertige naturen mellom Afghanistan og Pakistan, eit støv farget landskap og fjellskrentar som bare er stein, frå store kampteiner til smågrus og leire biter. Vi får òg sjå og oppleve de mektige og snødekte Hindu Kush-fjella, i disse fjella har tusenvis av indiske soldatar frose til døde under krigstokter mot Kabul, men så betyr jo også namnet hindudreper.
I tida då vi møter denne familien er som sagt rett etter Talibans fall, det er eit samfunn i ruiner og ein tid av skjøre håp og sterk optimisme. Lettelsen over talibans fall er sterk, folk trengte ikkje lenger å vere redd for å bli trakassert på gate av det religiøse politiet og forholda er relativt fredlige. Kvinner har større fridom i alle fall offisielt, men ein ny kamp er starta kampen mellom det gamle, tradisjonelle og det nye, moderne. Mennene er kanskje utad glad for at kvinner igjen får studere, jobbe, og gå utan burkha, men innad i familien er det framleis tabu hos dei fleste med sånne ting. Kvinnas plass er i heimen med barna og husarbeidet, og det å gå utan burkha utanfor heimen blir anset som uanstendig.
Seierstad har i denne boka brukt ein noe nøytral måte å skrive på hun tar ingen sider, hun overdriver ikkje. Ho forteljar rett fram kva som skjer, hun lar oss til tider tankane til personane for lettare å forstå de. Hun bruker også mye av dialogane, men helst korte som ein slags skildring av kva som skjer for eksempel mellom to personar, eller for at vi betre skal forstå ein situasjon. Sidan dette på ein måte er ein slags dokumentar, men i skjønnlitterær form, passer denne skrive måten bra det gir eit visst ”fag alvorleg” aspekt til romanen og historiene, samtidig som det ikkje blir kjedelig. Dette er nok og valt med tanke på visse leser grupper, ved å gi boka eit slikt alvorleg språk hindrar Seierstad å falle ned i ”underhaldnings” gropa, ho holdar seg akkurat på grensa slik at hun både interesserer og engasjerer det publikumet hun vil nå som nok er helst vaksne i 20 til under 60 år, og då spesielt kvinner. Hennar bruk av språket kan vel til tider vere anset om lågstil, vi får servert både slibrigheita og mindre fine ord, men for det meste skrives det faktisk i normalstil.
Spenningskurva i denne boka er ganske slakk, men ho stig noko etter kvart som vi blir meir og meir kjende med forholda, for eksempel i familien. Vendepunktet kjem i det siste kapitelet, då Leila får vite at ho skal gifte seg med han ho ikkje ville ha. Etter å ha sett korleis konfliktane kom endå nærmare overflaten under intrigane rundt kven ho skulle gifte seg med av to friara, var det meir eit antiklimaks å oppleve at han som kanskje stod høgast av dei to friarane men som også berre hadde eit endå verre liv å tilby, enn det ho allereie hadde, blei den ho skulle trulova seg med. Men i etterordet kom enda eit slags vendepunkt, då vi fekk vite at det hadde komme til ein splitting i familien og at Bibi Gul, Leila og to av Sultanens systrer og brødre hadde forlate Sultanens hus ei natt. Noe som og betydde at Leilas truloving blei brytt.
Temaet i denne boka vil eg sei er det muslimske samfunnet, spesielt kvinneundertrykkinga i det muslimske samfunnet og den muslimske familien. Kanskje vil Seierstad vise oss at muslimar ikkje bare er terroristar, eller korleis det er om, krigane og enkelt personar som har gjort det samfunnet til det er, og ikkje alle muslimar trives med det eller godkjenner det.
Boka var og er ei svært aktuell bok om den muslimske verda i ei tid når ganske masse faktisk handlar om den. Den gir eit interessant bilde av eit samfunn vi eigentlig ikkje veit så mykje om men er raske til og fordømma. Personleg likte eg ho, men ho er ikkje akkurat det beste eg har lest. Visse av historiene gløymde eg raskare enn eg las dei, mens andre gjør framleis inntrykk på meg, rasande rettare sagt. Om dette er ei bok eg vil anbefale andre å lese er eg ikkje sikker på, det kjem vel an på kven det er. Om temaet er noko som interesserer så ja, men elles synst eg at dei fleste bør lesa ho, grunna viktigheita av temaet ho tar opp.
Alt i alt ei bok som det er både interessant og smart å lese, sjølv om ho ikkje akkurat kjem til å stå fremst i bokhylla mi.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst