Debattinnlegg for skolemat analyse

Analyse av politisk debattinlegg fra SV i Stavanger Aftenblad. Debattinlegge handler om skolemat.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2022.04.28
Tema

Debattinnlegget «SV vil kjempe for at fleire elever får skolemat i Stavanger» vart publisert i Stavanger Aftenblad den 27. mars 2022 og vart skrive av Eirik Faret Sakariassen. Primærhensikta med innlegget er å få fleire til å stemma på SV og konsekvent er målgruppa personar som snart kan og dei som kan stemma. Innlegget er relevant for tidspunktet da personar har begynt å skifte meining om regjeringspartia og fleire leitar eller tenkjer om andre parti. Forfattaren sin innleia etos vert bygd opp av at han er leiar for oppvekst og utdanning i Stavanger og av den grunn bør kunne kva han er ansvarleg for. I tillegg skriv han i teksten korleis dei fekk gode resultat da dei gjorde noko liknande tidlegare og dermed viser dette og at han har erfaring innanfor dette emnet.

Eirik Sakariassen bruker blant anna logos når han argumenterer for at fleire skuler bør få gratis skulemat med å vise til eksempelet av da dei gjorde det for andre skular før og dei fekk gode resultat: «I 2020 innførte vi skolemat på Smiodden, Kvernevik og St. Svithun skoler. Tilbakemeldingene derfra har vært overveldende positive.» Han legger også til med ein påstand som høyrest sannsynleg nok ut til å vere overbevisande: «I tillegg er det ingen tvil om at et barn som er sultent lærer dårligere enn et barn som er mett». Eit anna viktig logos argument Eirik Sakariassen bruker i teksten er hans eigne erfaringar med lærarar og helsepersonell: «Jeg har møtt lærere som har fortalt at de har ekstra knekkebrød liggende, fordi de vet at de har elever som ikke har med seg skolemat. Jeg har snakket med en helsesykepleier som sier at for noen elever er skolematen et av de få faste måltidene for noen barn.» Dette viser at det ikkje berre er Eirik Sakariassen som meiner at skulemat er viktig for born, men også dei som er ansvarlege for bornas skulegang og trivsel.

Når Eirik Sakariassen fortel om kor viktig skulematen er for born, spelar han også på patos-appellen. Han ønsker at mottakaren skal føle synd på borna og ønske at skulemattilbodet vert innført når han skriv at: «Stavanger er en by som dessverre har for mange barn som vokser opp i fattige familier. Jeg har møtt lærarar som har fortalt at de har ekstra knekkebrød liggende, fordi de vet at de har elever som ikke har med seg skolemat.» At enkelte born ikkje kan ha niste med seg på skulen kan gjere at mottakaren vert følelsesmessig engasjert.

I innlegget bygger Eirik Sakariassen på etosen sin og framstår som ein omtenksam person. Basert på det han seier ønskjer han at en av dei viktigaste og mest sårbare gruppene i samfunnet, borna, skal ha det fint på skulen. Dette gjer at ein i det minste kan vere overtydd om at han er ærleg om innhaldet i teksten og truverdig. Derimot kan det også vere personar som har mange gonger har høyrt og er overtydd om at Norge er eit av verdas rikaste land og dermed kan ikkje slike forhold eksistere her. Dermed kan akkurat Eirik Sakariassens politiske tilknyting og formål påverke etosen negativt.

Eirik Sakariassen argumenterer stort sett godt med logos for betydninga av skulemat og viser til fleire eksempel frå tidlegare implementeringar og personar med nær tilknytingen til emnet, som for eksempel lærarar og helsesjukepleiare. I tillegg har han ei sterk etos som ansvarleg for oppvekst og utdanning, og viktigast viser han omsorg for born når han argumenterer så mye for deira sak. Likevel kan etosen hans slå tilbake mot personar av andre politiske grupper då han er politikar og har eit klart politisk mål. Formålet med innlegget hans er å få støtte til SV slik at dei kan fortsette å vere i makt og for dette argumenterer han godt, men for nokon kan det vere ein grunn for mistanke.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst