"Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø

Analyse av novellen "Den grønne kommoden" av Selma Lønning Aarø.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.12.06

Novella Den grøne kommoden blei skreve av forfattaren Selma Lønning Aarø i 1995. Handling går kort sagt ut på eit kjærleiksforhold som nettopp har tatt slutt fordi jenta seier ho vil ut av forholdet for at ho har vore utru, og at ho ser på han som ein venn og ikkje som ein ho kan vara saman med. Men guten i novella høyrer nesten ikkje på kva ho sei, han er meir opptatt av at han skal få behalde den grøne kommoden når ho dreg. Slik som vi forstår det i novella, er den grøne kommoden alt for han. Kommoden kjøpte dei ein gang som felles eige frå Fretex. Den gongen var den lilla, men no har guten mala den grøn, og det er han som har alle tinga sine inni den. Han føler rett og slett at tinga hans høyrer heime i den kommoden, og derfor kan ho ikkje ta den med seg.

 

I novella får eg eit blanda inntrykk av kven som fortel historia, men eg har komme fram til at det er guten som fortel. Du kan også få inntrykk av at det er forteljaren som fortel, og at det er han som er guten, men sidan denne novella er skreve av ei kvinne, tolkar eg det slik at det er guten som fortel. På ein måte føler eg at forteljaren står utanfor novella, men på ein annan måte trur eg at ho er ein del av novella, eg føler at det er noko mellom forteljar og guten, så eg trur dette kanskje e noko ho har opplevd før, berre at ho har valt å snu karakterane i novella for å ikkje skrive rett av sanningen. Novella er på ein måte skreve i tenkereferat, det er ikkje nokon direkte talar som kjem fram.

       

Personkarakteristikk:

Jenta: Blir framstilt som kald og følelse laus. Ho har ingen direkte setningar eller tankar i novella, og ho får derfor ikkje fram si side av saken.

Guten: Blir framstilt som sjølve hovudpersonen. Det er han som får aller tankane i novella, og det er han si side vi høyrer. Eg synes eigentlig han virke litt forstyrra, det er noko som ikkje heilt stemmer når han mykje heller vil tenke på ein kommode enn at dama hans vil forlate han. Det virke heller ikkje som om at han byr seg når ho seier ho har vore utru mange gonge. Virke som om han er heilt opptatt av den kommoden.

 

Begge personane er den same gjennom heile handlinga. Vi får verken sjå eller høyre om forbetringar eller forverringar av karakterane.

 

Miljøet i novella kjem ikkje så mykje frå. Men vi skjønner det slik at handlinga skjer inne i leiligheten dei bur i. Forteljinga begynner in medias res, altså rett på. Dette er med setninga: Kven snakkar om kjærleik?

 

Historia startar med eit pitte lite samandrag frå fortida dei har hat saman. Så kjem det plutselig at jenta sitt på kommoden, og eg trur det er då guten første gong innser at den grøne kommunen, nei den ska ho ikkje få ta med seg. Den er hans. Når guten begynner å prate om at å sei unnskyld ikkje er noko viktig berre han får kommoden, merker vi at kommoden spiller ein viktig rolle i historia. Heile handlinga som vi her får høre, har tydeligvis heldt på ei god stund, men her i novella møter vi guten som fortel alt som har skjedd (frå hans side) i eit lite samandrag. Høgdepunktet er då han gjer uttrykk for at kommoden er masse viktigare for han enn det jenta er. Eg syns ikkje det er noko vendepunkt i novella, sidan han ikkje skiftar meining gjennom novella. Det er inget vendepunkt, aller held på sitt, og det blir eigentlig ikkje nokon skikkelig slutt. Avslutninga er ganske open, for vi får ikkje vite korleis alt endar.

 

Motivet for novella er eit kjærleikforhold, og temaet meiner eg er, kjærleik, følelsar og val.

 

Eg synes den novella her var veldig vanskelig å tolke. Den seier meg ikkje så mykje. Det er ein slik tekst man bare blir masse meir forvirra av å lese, du sitt igjen med mange spørsmål som du ikkje kan få svar på.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst