Den realistiske perioden

Beskriving av diverse tekster og aalyse av "Karens jul".
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2002.04.14

Individuelle arbeidsoppgåver for Eivor 2aaa

 

Beskriving av diverse tekster:

 

"Margrethes dagbok"

"Margrethes dagbok" er eit utdrag fra romanen "Amtmannens døttre" som er skrive av Camilla Collett.

"Margrethes dagbok" er skrive på dagbokform, og fortel om Margrethes tankar vedrørande ekteskapet. Stykket handlar om hvilke kriteriar mannen og kvinna gjeng etter, når ektemake skal velgjast. Er det enklast å vera kvinna eller mannen?

Camilla Collett blei fødd i Kristiansand i 1813. Ho var søstra til den romantiske diktaren Henrik Wergeland. Camilla Collett markera seg som ein av noregslitteraturens fyrste kvinnesaks diktare, da ho debutterte med romanen "Amtmannens døttre" i 1845-55.

 

"Gamle Norig"

Diktet "Gamle Norig" er skrive av Ivar Aasen, og kom ut i samlinga "Symra" i 1863. Diktet er ei skildring av Noreg og korleis det er å leva her. At det somme tider kan vera hardt, men at det er mykje bra òg.

Ivar Aasen blei fødd i Ørsta i 1813. Han er mest kjend for, med grunnlag i forskjellige dialektar, å ha laga skriftspråket nynorsk. Ivar Aasen har skrive mange songer, der han både står for tekst og melodi.

 

"Nasjonalitet"

Diktet "Nasjonalitet" er skrive av Aasmund Olavson Vinje, og kom ut i samlinga "Dølen" i 1860. Diktet handlar om kor lite Noreg er i den store verdssamanhengen. Nordmenn har kanskje lett for å tru at dei er noko, men det bør dei passe seg for. Eg trur nok Aasmund O. Vinje var litt av ein verdsborgar.

A. O. Vinje blei fødd i Telemark i 1818.  Han vaks opp i fattigdom, og måtte utdanne seg ved hjelp av eigne middlar. Vinje var ein av dei viktigaste brukarane av Ivar Aasen`s landsmål (nynorsken).

 

"Faderen"

Novella "Faderen" er skrive av Bjørnstjerne Bjørnson, og kom ut i samlinga "Småstykker" i 1860. Novella er lagt til eit bygdesamfunn, og handlar om storkaren Tord. Tord er i byrjinga veldig brautande og egoistisk, han veit kor bra han er. Så døyr sønen til Tord like før han skal gifte seg med bygdas rikaste jente. Det blir vendepunktet i novella, Tord forandrar seg, han sel den store gården og gir pengane til dei fattige. Han forstår kanskje verdien av å hjelpe andre, og han er ikkje lenger så oppe i seg sjølv.

Bjørnstjerne Bjørnson er fødd i 1832, og han vaks opp på Nesset i Romsdal. I 1850 flytta han til Kristiania, der han tok artium. Hans første bondefortellinger kom på trykk i 1856. Bjørnson var veldig politisk aktiv, og han engasjerte seg mykje for at Noreg skulle løsrive seg fra Sverige.

 

"Lille Marius"

"Lille Marius" er ei novelle skrive av Alexander L. Kielland. Den er fra samlinga "Gift", som kom ut i 1883. "Lille Marius" handler om skoledagen til lille, ikke så altfor flinke, Marius. Skoledagen fortonar seg  keisam, skremmande og lite utfordrande. "Lille Marius" var Kiellands måte å si kva han tykte om undervisninga ved skolene. Eg trur han meinte at lærarane var dårlege pedagogar, og at skulen burde vera ein positiv plass å befinne seg. "Lille Marius" skapte i si tid stor skole-debatt.

Alexander Kielland er født i 1849. Han regnes med blant "de fire store" i norsk litteratur. Kielland var veldig samfunnsengasjert, og det gjenspeglar seg i diktinga.

 

"Bylasset kommer"

"Bylasset kommer" er skrive av Jonas Lie, og er eit utdrag frå romanen "Familien på Gilde", som kom ut i 1883. Utdraget handler om den andre gangen i året familien på Gilde får varer frå byen. Det er stor ståhei, og både vaksne og barn gleder seg over alt det nye som blir brakt i hus. Faren i huset bekymrer seg mest over kor mykje varene kostar, men han er litt glad også, for dei har òg fått eit brev om at eine dottera kan komme å bu i hovudstaden neste vinter. "Bylasset kommer" er først og fremst ei skildring av korleis dei sosiale forholda var i 1840-åra.

Jonas Lie er fødd i 1833, og vokste opp på Modum. Lie spekulerte først litt på tømmer, men det gikk ikkje så bra, og han kom i djup gjeld. Da bestemte han seg for å flytte til Oslo og satse for fullt som forfattar. Det angra han nok ikkje på.

 

"Historien om muttrane"

"Historien om muttrarna" er frå "Tjänstekvinnans son", skrive av August Strindberg. Den kom ut i 1886-87. Historia handler om vesle Johan, som samler mutrar og andre metallting som han finn når han er ute å gjeng. Faren hans finn ut dette, men han trur at Johan stel mutrane. Faren pryler Johan og tvingar han på den måten til å innrømme at han stal mutrane, sjølv om han ikkje gjorde det. Farens motto er: "Sannleiken skal fram". Temaet i historia er barneoppdraging, og den viser korleis det ikkje skal gjøres.

August Strindberg ble født i Stockholm i 1849. Før han ble forfattar arbeidet han som bibliotekar og journalist. Strindberg var veldig produktiv, han skrev noveller, romaner, skodespill, dikt og over 7000 brev. Han er også kjent for sitt hat til kvinner.


Analyse av "Karens jul"

 

Novella Karens jul er skrive av Amalie Skram, og den blei først trykt i den danske avisa Politikken i 1885. Amalie Skram var ein naturalistisk diktar, og temaet novella tek opp er følgjene av fattigdom.

 Karens jul handlar om ein politimann som ei vinternatt oppunder jul, patruljerer på ei kai i Kristiania. På kaia ligg det ei lita hytte uten pipe, som ferjemennene før brukte som tak over hovudet når dei venta på oppdrag. Politimannen høyrer barnegråt frå hytta, og inni finn han Karen. Ho er ei utmagra, redd jentunge med eit barn i armane. Når han set seg ned og pratar med ho, finn han ut at ho ikkje har nokon annan plass å gå, og  at ho og spedbarnet er heilt aleine i verda. Karen ber pent om å få bli i skuret til julaftan, for da kjem madammen heim att, og Karen kan få tilbake arbeidet sitt. Politikonstabelen lurar på om Karen ikkje burde melde seg til fattigvesenet, men det vil ho ikkje, madammen kjem jo heim att snart. Konstabelen gir ho lov til å vera i hytta tre dagar til, men da må ho komme seg vekk.

Neste dag gjeng politimannen forbi skuret, gjennom vindauget kan han sjå Karen sitte og amme ungen sin, med lokka auge, som om ho søv. Så blir konstabelen sjuk, og han blir borte frå arbeidet nokre dagar. Da han kjem tilbake og gjeng forbi hytta ser han at Karen sitt i akkurat same stillinga som sist. Han gjeng inn og finn ut at ho og ungen har frose i hel. Konstabelen tenkjer at det kanskje var til det beste for dei begge.

 

Novella byrjar med ei beskriving av åstaden for handlinga. Lesaren får ei nokså detaljert beskriving av den vesle rønna på kaia. Vidare følgjer ei dyster skildring av årstida og været. Dette set lesaren i den rette, litt triste stemninga.

Synsvinkelen er autoral, forfattaren står utanfor historia og beskriv det som skjer. Forfattaren fortel litt om kva politikonstabelen tenkjer og følar, men vi får ikkje vita noko om Karens tankar og kjensler, utover det som kjem fram gjennom replikkane. Lesaren får heller ikkje vita noko om det som gjeng føre seg når konstabelen ikkje er tilstede.

Handlinga kjem i gong ved at politimannen brukar ljoset frå ei lykt utanfor skuret, for å sjå kva klokka er. Så følgjer ei beskriving av Karen gjennom politikonstabelens auge. Det står verkeleg dårleg til med Karen, ho er tynn, og har dårleg med klede på seg. Ungen hennar er berre pakka inn i nokre filler. Deretter kjem dialogen mellom Karen og konstabelen. Denne dialogen er viktig, og det er no lesaren får vita kvifor Karen har hamna der ho er.

Vendepunktet i novella er når det utpå morgonen neste dag slår om til frost, det er her karen og barnet frys i hel. Inntil da var det i alle fall eit lite håp om at Karen skulle klara seg.

Novella sluttar forholdsvis brått, det er jo ikkje så mykje meir å fortelje når Karen er død. Eg tvilar på at dei fekk nokon storslegen begraving. Det siste vi får vite er at den vesle hytta blei rive, så ikkje fattigfolk skulle busette seg der. Slutten fortel oss altså kva myndigheitene gjorde med fattighetsproblemet.

 

Dei tre personane som er direkte med i handlinga er politikonstabelen, Karen og ungen hennar. Vi får også høyre om Madam Olsen, som Karen pleidde å arbeida for før ho hamna "i uløkka". Faren til ungen for vi også høyre litt om, sjølv om Karen ikkje eingong veit kva han heiter.

Politikonstabelen er den vi opplever historia gjennom. Vi får ikkje vita noko om korleis han ser ut, eller om han er spesielt rik eller fattig. Konstabelen verkar som ein myndig og fornuftig mann. Han har barmhjertighet med Karen, og lar ho få bli i skuret til jul, men han bryr seg ikkje så mykje om ho som han burde. Han skulle jo ha tatt ho med seg, og gitt ho mat og klede. Politikonstabelen tykkjer nok at Karen har vore litt dum, og at ho sjølv er skuld i si eiga ulukke. Lesaren får vita korleis konstabelen er gjennom kva han seier og gjer, nokre plassar blir det også direkte fortalt kva han tenkjer.

Karen er hovudpersonen og er nøye beskrevet i teksten, gjennom konstabelens auge. Ho ser verkeleg fattigsleg ut, kleda hennar er gamle, skoa hennar er våte, ho er utmagra og ho har ikkje eingong ordentlege klede til ungen sin. Språket i replikkane til Karen, og hennar manerar, syner at ho held til lavt på den sosiale rangstigen. Ho snakkar ein ufin dialekt, som visar at ho ikkje har noko utdanning. Gjennom samtalen med konstabelen kjem det fram at foreldra til Karen er døde, og at stemora hennar hiv ho ut av huset. Karen pleidde å jobbe hos madam Olsen, men da ho blei gravid måtte ho slutte for ei stund. Madam Olsen har lova ho arbeidet tilbake, men ho er bortreist og kjem ikkje at før til jul. Karen likar madam Olsen, og meiner at ho er snill. Karen verkar som ei litt skrålande og unnskyldende kvinne, eg trur ho er litt sånn "unnskyld at eg er til" person.

 

Handlinga utspel seg på en kai i Kristiania, dagane før jul. Det er kaldt, mørkt og lite koseleg. Den dystre skildringa av kaia og det falleferdige skuret, fører oss tilbake til slutten av 1800 -tallet, og lesaren kan levande sjå det for seg.

 

Novella har eit godt, flytande språk, eg tykkjer den var god og lett å lesa. Det vekslar stort sett mellom skildringar og replikkar. I replikkane til Karen er det brukt ein slags "slang", altså et ufint språk, for å syne kor fattig ho er. I novella er det masse skildringsord og adjektiver, det gjør det meir spennende å lese, og det blir lettare å forestille seg situasjonane. Amalie Skram bruker noen ganger ganske så harde ord, for eksempel: De var stendøde begge to. Ikkje noe "dei hadde sovna stille inn" her nei. Her er det realitetane som gjeld, Skram var ikkje ute etter å skåne lesaren.

 

Karens jul tek opp fleire tema, for det første kva slags grufulle følgjer fattigdom kan få. Fordi Karen ikkje har nokon som tek seg av ho, søkjer ho nærleik hos ein uvilkårleg framand mann. Ho blir gravid, og da er det inga veg ut av elendet.

Ein annan ting novella tek opp er samfunnets likesæle til fattigdommen. Politikonstabelen bryr seg eigentleg lite om Karen, det er ikkje så farleg om ho døyr, kva slags liv kunne ho uansett fått? Det er ikkje nokon plass Karen kan gå, (bortsett frå Mangelsgården, men dit tør ikkje Karen å reise).

På slutten av novella får vi høyre at dei riv den vesle hytta, den skulle ikkje stå der å være tilhaldsstad for de fattige. Myndigheitene gjeng altså laus på følgjene av fattigdom i staden for å setta i gang tiltak mot årsakene til fattigdommen.

Helt i tråd med naturalismen, kjem ikkje Amalie Skram med noko forslag til løysning på fattigdomsproblemet, novellen er berre ei trist skildring av slik det var.

Eg tykkjer denne novella er minst like aktuell i dag som den var for over hundre år sidan. Rundt om i verda er det framleis mykje fattigdom, og framleis veljer størsteparten av oss å ignorere det store problemet fattigdom er.


Kilder

 

Internettsider.

www.dagbladet.no/forfatter/forfatter.html

www.extrapris.com/bio2.html

www.skoleforum.com/stil.asp?idstil=721

 

 

 

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst