Fordom + kulturmøte = kulturkonflikt
Interessant tekst om fordommer, kultur og inkludering.
Kultur, kva er det eigentlig? Språk, musikk, mat, humor, normer og reglar. Alle desse tinga er for meg kulturberande. Det definerar kven ei gruppe er, som nasjon eller i eit spesielt miljø.
I magasinet Foreldre og barn er det i november 2010 skreve ein reportasje om foreldres positivitet til at jenter gjør guteaktige ting, men ikkje omvendt. Kvifor er det slik? Forfattarane av reportasjen spør seg om foreldras fordommar avgrensar barnas muligheiter. Gutar og jenter er forskjellige. Frå tidenes morgon har gutar blitt sett på som det sterke kjønn, kan dette ha samanheng med fordommane? Eg trudde likestillinga hadde kome lenger. At forsking beviste at sjølv om vi er forskjellige reint fysiologisk sett, er jenter like smarte som gutar. At uavhengig av kjønn, så har ein de same muligheitene. At menneske er like mykje verd same kva du heiter og kven du er.
Reportasjen i Foreldre og barn, pekar på at jenter som vil vere sterke, tøffe og typisk guteaktige får klapp på skuldra og applaus. Er samfunnet slik at foreldregenerasjonen er redd for at sonene deira ikkje skal bli mannlege nok? Mulig det, men akk så dumt. Det hindrar gutar i å vere han dei vil vere. Det hindrar dei i å bli det dei sjølv vil. Kanskje lider foreldra av homofobi? Dei er kanskje redde for at sonene deira skal bli nokre macho-kulturen fryktar som verst, nemlig homofile. At foreldre i 2012 ikkje aksepterar homofili er trongsynt. Du er ein god person uavhengig av kven du forelskar deg i.
Maren uthaug har i teikneserieboka ”det er gøy å være same”, satt kulturmøte og fordommar på spissen. I teikneserien møter vi turistar i samtale med Noregs urfolk samane. Dei framstiller samane som om dei lever i ein heilt anna verden. Avslutningsvis i serien avsløras det i ei oversetting at samekvinna vil at turistane skal kome seg av garde, slik at ho kan sjå på Frustrerte fruer på tv. Dette viser at sjølvsagt er samane meir lik oss vanlege nordmenn enn kva dei etnisk norske turistane trudde. Nordmennene viser seg å vere uvitande om samisk kultur og utvikling. Framleis. På 1800-talet var samane sterkt undertrykte i Noreg. Noregs fornorskingspolitikk gjorde at alle samiske barn blei tvungen til å lære norsk som hovudmål. Språk er ein viktig kulturbærer, og staten tok språket frå samane. Samisk var på denne tida berre eit hjelpespråk. I samtida var holdninga at norsk skulle vere det einaste språket i heile Noreg. Dette forbodet inkluderte også samisk joik. Dei samiske forteljingane overlevde ved munnlig overlevering og joik blei i all hemmelegheit framført. På 1960-70 talet var det opprør i Kautokeino, samane stilte krav til staten basert på deira rettighetar som urfolk. I 1989 blei sametinget grunnlagt, og i dag jobbar norsk språkråd for å bevare samisk språk og kultur, som ein del av Noregs historie. Ein skulle tru at dei fleste hadde fått med seg samanes utvikling og posisjon i Noreg, men teikneserien viser dessverre noko anna.
”Når blir eg norsk”, er ein artikkel skreve av journalisten Rima Iraki. Rima stiller seg fleire spørsmål i artikkelen i Aftenposten, om kva ho og andre som ikkje har norsk etnisk opphav må gjøre for å bli rekna som norsk. Det verker vanskelig. Iraki pekar på stasborgarskap, men det viser seg at det ikkje er nok. Sjølv om du har norsk statsborgarskap, klarer nordmenn å distansere seg frå innvandrarar. Eg meiner media har mykje av skylda. Som Rima Iraki seier, påpeker media alltid det etniske opphavet til personar som omtales i negative samanhenger. Denne framstillinga skaper avstand og framandfrykt. Korleis skal nordmenns inntrykk av innvandrarar betrast, når media berre omtaler dei som utanlandske når dei gjør noko negativt? For det stemmer som Iraki seier, dersom innvandrarar gjør noko bra, tildømes på idrettsarenaen eller i politikk, omtales dei som norske. Eventuelt er dei i det minste oppgradert til å ha fått ein bindestrek mellom sitt opphav og ordet norsk. Eg synast det er skummelt og tenke på kor lett det er å skape framandfrykt. Om media konsekvent gir dei negativ omtale er eit spørsmål eg ikkje kan svare på, men om journalistane gjør det bør det stoppes umiddelbart. Dette likner rasisme. Integrering er eit komplekst spørsmål, og media kan, og bør, vere med på å hjelpe.
Noregs integreringsplan er i utgangspunktet ein bra plan. Som innvandrar skal du lære deg norsk, helst ha ein jobb og følgje Noregs reglar. Når dei kjem til Noreg skal innvandrarane ha norskopplæring. Der lærer dei språk, kultur og normer og reglar. Mange reglar er like verda over, dette gjelder for det meste reglar om kriminalitet og vold. Det seier seg sjølv, for dei fleste av verdas befolkning, at det ikkje er lov å stele eller å slå nokon. Men likevel fungerer integreringa så dårlig i praksis. Mange innvandrarar har vanskar for å finne seg etnisk norske venner, det er verre for dei vaksne. Eg trur det har med både nordmenn og innvandrarane og gjøre. Fleire nordmenn er redd for det uvante, desse menneska som ropar når dei pratar, henger på gata til alle døgnets tider og luktar framande krydder, dei kan da vel ikkje ha noko til felles med meg? Mykje er forskjellig, men alle har vi nokon holdningar og eigenskapar som er like. Eg meiner det handlar om å ta sjansen på noko nytt, vere nysgjerrig, open og inkluderande. Nordmenn bør la tvilen kome innvandrarane til gode og vere ein hyggelig og omsorgsfull velkomstkomité. Som nordmann meiner eg det er vårt ansvar og forsøke å inkludere dei.
Innvandrarane, på sin side, bør nok vele seg både arbeid og bustad med litt meir omhug. Det er typisk at innvandrarar tar til takke med det, som i norske augo, sjås på som dårlige jobbar. Det vere seg taxi eller bussjåfør, vaskepersonell og anna skiftarbeid med relativt lave lønningar. Her er det så og sei berre utanlandske som jobbar. Men er det så lett for dei å få ein anna jobb? Allereie har eg påpekt nordmenns framandfrykt, og det er mykje fordommar ute og går. Ein innvandrarvenn eg sjølv har, fortel blant anna om måten dei må presentere seg på i jobben som telefonselar. Dei presenterer seg som Nils og Knut, mens dei i det daglige livet heiter Abdi og Talib. Det seier sitt om nordmenn flest sitt syn på innvandrarar. Men dei har i det minste ein jobb tenker venene mine. På kva kostnad spør eg da? Dei må gi seg ut for å vere nokon andre enn den dei er. Det er flaut å tenke på at det er nordmenns holdningar som fører til at dei må ”leke norske”.
Når det kjem til bustad veler ofte innvandrarar og busette seg der andre innvandrarar bur frå før. Dette fører til at det blir eiga ”små land” inne i landet vårt. På Grønland i Oslo for eksempel, bur det vel rundt 70-80 % utanlandske. Det er som å kome til eit anna land. Det er musikk frå verdens mange sjangrar, fargerike drakter og kler, uvante lukter siver ut gjennom opne vindauge, det er billig frukt og grønsaker på kvart eit hjørne. Det er ikkje som resten av Oslo. Her er det guteklubbar for både tyrkarar, somaliarar og indiske. Her henger mannfolka på hjørnet heile døgnet. Dei har tatt med seg sin kultur til Noreg og laga seg eit eiga lisle land. Dersom utanlandske menneske hadde slått seg ned i eit ”kvitare” nabolag, har dei i utgangpunktet ein betre sjans til å bli inkludert i ein norsk gruppe. Men grunnen til at dei veler å ikkje gjøre det, er vel kanskje at dei har sett at det ikkje fungerte likevel? Noreg og nordmenn har eit stort forbetringspotensiale når det kjem til inkludering av innvandrarar.
Sydentur skaper ofte flaue historier. Særlig om du er nordmann. Det finnast stader rundt i verda, der norske turistar er i overflod. Her har dei norske feriert såpass mykje at arbeidarar i turistbransjen møter nordmenn på norsk. Dei tilsetja har lært seg norsk. Er det ikkje pinleg? Vi drar på tur, og oppfører oss så brautande, og er så kravstore at dei innfødde har lært seg nokre strofer på vårt språk! Rollane er totalt snudd om. Viss nokon skulle ha lært seg strofer, er det sjølvsagt dei besøkande. Det handlar om audmjukskap og respekt, for ikkje berre et anna lands kultur, men også for det enkelte mennesket.
Og det er audmjukskap og respekt det buner ut i. I møte med andre menneske, andre meiningar og andre kulturar, må ein ha respekt. Ein må vise audmjukskap og prøve å forstå andres’ synspunkt. Ein må lære meir, lære meir om kvarandre. Det gir oss forståing for andres oppleving av samfunnet. Det handlar om respekt og nestekjærleik. Det er slik vi får ein levande kultur.
(Bør ikkje kopierast, man blir tatt av plagiatkontroll...)
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst