Hjelpsame nordmenn

En innholdsanalyse av den satiriske teksten "Til Asbjørnsen og Moe" skrevet av den nordindiske forfatteren Nita Kapoor. Besvarelse er skrevet på nynorsk, og trekker paralleller til dagens samfunn.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2017.05.15
Tema

Heldags norsk sidemål 19.04.2017

Oppgåve 2: Tolking av «Til Asbjørnsen og Moe»

Hjelpsame nordmenn

«Til Asbjørnsen og Moe» er ein satirisk tekst skrive av den norskindiske forfattaren Nita Kapoor. Teksten vart skrive i 1988 og utgitt i boka «Roser i snø», som kan vere ein metafor for Kapoor i Noreg, den fargerike rosen i det kalde vinterland, som eigentleg ikkje skulle vere der. Gjennom skarpe samanlikningar og kraftfull symbolikk gjer Kapoor narr av det etablerte innvandringssystemet, og tek opp temaet om innvandring og integreringspolitikk. 

Tittelen til teksten «Til Asbjørnsen og Moe» gjer oss med ein gong ei kjensle av nasjonalromantikk gjennom referansen til dei eventyrskrivande legendene. Ved bruk av ordet «til» får vi likevel eit intrykk av at dette er eit slags lesarbrev til desse urnorske forfatterane; ein kommentar av eit slag. Og det er vel nettopp akkurat det det er, sjølv og bodskapen kanskje ikkje er reservert for to norske kulturikon, men heller heile den norske kulturen og befolkninga. Gjennom bruk av desse segnomspunne forfatterane hintar Kapoor til at den norske kultur og haldningane hans ikkje er plettfrie, slik vi nordbuarar ofte likar å tenkje.

Bodskapen i teksten er at innvandrarar ikkje har det så lett som mange vil ha det til, og at nordmenn ikkje er så hjelpsame som vi trur. Vi må ikkje ta innvandrar for gitt, og vi må respektere deira utgangspunkt og ha ei forståing for korleis dei har det. Målet med denne teksten kan det verke som er å skape sympati med innvandrarar, og latterleggjere systemet for innvandring og politikken som blir ført.

Teksten til Kapoor inneheld mange metaforar, og dei fleste er referansar til den norske eventyrtradisjonen. Den mest openberre er at Askeladden er ein metafor innvandrar frå eit meir sør-liggande land, kor valet av namnet er svært passande. Ettersom Askeladden kjem frå eit meir eksotisk land har han naturlegvis ein mørkare pigmentfarge, og den originale Askeladden i eventyra fekk jo namnet sitt fordi han var så lortete i fjeset. Det kan jo kanskje tenkast at Askeladden var eit namn nordmenn brukte på innvandrarar, og namnet til hovudpersonen også er ei referanse til dette.

I innleiinga får vi ei kjensle av at teksten er eit klassisk eventyr, sjølv om tittelen, og namnet på forfattaren kan tyde på noko anna. Vi får høyre om ein mann som heiter Askeladden, som kjem frå eit land langt langt borte. Han har kome hit, til eit kongerike langt i nord, på ein stor sølvfugl. Referansane til dei norske eventyra av Asbjørnsen og Moe er dermed overveldande, og det kan verke som dette er eit vanleg eventyr. Kontrasten blir dermed stor når vi i neste avsnitt får lese at Askeladden blir fortalt at «vi vil ikke ha deg her, for fattig er du som alltid, og mørk er du som Askeladder flest». Teksten tar dermed en politisk vending og går bort fra den idylliske eventyrsjarmen vi hadde forventet å lese om. 

Vidare i teksten går Askeladden til diverse funksjonærar for å forsøke å få eit «stempel i passet», altså opphaldsløyve. Han arbeidar iherdig for å få dette til, men kvar gang han trur han har kome til rett plass, blir han berre referert vidare i systemet til nokon andre. Det er ingen som faktisk kan hjelpe han, og den «stilige blå mannen» seier til og med rett ut at han ikkje vil ha han her. Likevel kan det verke som om alle som ein trur at dei hjelp han, ved å for eksempel seie at det heitar «stempel», og ikkje merke. Ved å gjere dette sitt dei igjen med ein kjensle av at dei har gjort alt dei kan for å hjelpe, og at det no er opp til Askeladden å gjere resten. Openbert er denne «hjelpa» berre overflatisk og symbolsk, om ein kan kalle det det ein gong, men det får «hjelparane» til å føle seg gode og bidrar til å byggje deira eiga ego. Motivet for å hjelpe Askeladden er dermed ikkje ynskje om å gjere noko godt, men å føle at ein har gjort noko godt, og om Askeladden ikkje klarar resten kan ein heilt og halde skylde på latskapen hans, fordi ein sjølv har jo gjort «alt ein kan». 

Mot slutten av teksten, etter å ha venta i fleira timar, får Askeladden endeleg møte ein konsulent, og da, som før, trur han målet med reisa hans oppnådd. Han spør konsulenten pent og hyggeleg om nokre sakspapir, men får eit uforståeleg svar tilbake.

«I det overnevnte tilfelle er forskriftenes bestemmelser i henhold til gjeldende målsettinger av forrige århundre av en slik prinsipiell art at innvilgning må hentes fra øvre hold»

I ei setning som det her vil dei færraste nordmenn klare å finne den eksakte meininga, og eg innrømmer gjerne sjølv at leseferdighetane mine møter sin overmann i denne setninga. Likevel forventast det at ein Askeladden som nylig kom til Noreg, og som ennå ikkje er heilt stødig i norsk, skal kunne tyde dette. Det verker som om systemet for innvandring er designa slik at det skal skape mest mogleg forvirring slik at Askeladdane til slutt berre gjer opp. Likevel må det seies at konsulenten rett etterpå fortalde at Askeladden måtte dra til Justisministeren, men kvifor kunne han ikkje berre fortalt det med ein gong? Forventa han verkeleg at Askeladden skulle forstå det første han sa?

Heilt på slutten av teksten når vi høgdepunktet i teksten, da Askeladden får eit møte med sjølvaste Justisministeren. Når Askeladden da spør pent, får vi ein latterleg oppramsing av alt det han har mått få tak i for å få opphaldsløyving.

«Jeg skulle gjerne ha innvilgning på mine sakspapirer for å få en attest for å få en søknad for å få et stempel i mitt pass.» 

Gjennom denne setninga latterleggjer Kapoor den svært innvikla ferda ein innvandrar må gjere, og retter samtidig ein kritikk mot det som verker som eit overbyråkratisk og urettferdig system. Etter heile denne lange og slitsame ferda får vi eit antiklimaks for historiebøkene då Justisministeren seier at han ikkje «kan gi slik tillatelse til alle og enhver». Ettersom loven er under revisjon, så kan «dessverre» ikkje Justisministeren hjelpe, og Askeladden har ikkje noko anna val enn å dra tilbake til heimlandet sitt. 

Med ein referanse til eventyra til Asbjørnsen og Moe skriv Kapoor at «jussen er det ingen som kan målbinde», altså er det ingen som kan tie jussen, sjølv ikkje Askeladden. Dermed var eventyret, altså draumen til Askeladden om eit betre liv, over, og han blir verande i heimlandet sitt. Kapoor avsluttar teksten sin med «Men det sies at i noen kongeriker lever folk lykkelig i alle sine dager», noko som kan tolkast som at vi trur vi er lukkeleg her i Noreg, og at alt er fryd og gammen, men at realiteten er ein annan. 

Mine tankar om innhaldet i teksten er at det sender ein svært viktig beskjed og kan verke førebyggjande mot rasisme og diskriminering. Mest sannsynleg er «eventyret» basert på erfaringane til Nita Kapoor, og dei opplevingane ho sjølv hadde då ho kom til Noreg. Personleg trur eg problemstillinga Kapoor framstiller er høgst reell for innvandrarar, ikkje minst i dag. Kapoor gjer rett i å kritisere nordmenn for den mangelfulle «hjelpa» dei gjer deira nye landsbrørne, og ho gjer dette på ein utmerka måte. 

Gjennom dei siste åra har vi hatt fleire sakar kor asylsøkerar, ofte mindreårige, blir behandla som dyr og varelast. Dei blir stua opp i mottak og må sitte der i fleire år, eller i verste fall tiår, utan moglegheiter for verken jobb eller utdanning. Dei har ingenting å fylle dagane sine opp med, og blir berre sittande på mottak, med stadig større rastlausheit og uro. Integreringa stoppar fullstendig opp, og faren for radikalisering aukar dermed betrakteleg, noko som ingen er tent med. 

Som en konklusjon vil eg seie at teksten «Til Asbjørnsen og Moe» tar opp eit viktig tema og sender eit avgjerande bodskap som samfunnet som ein heilheit vil vere tent med å følgje. Intergreringsystemet slik det blir presentert av Kapoor, trur eg ligg tett opp mot verkelegheten, og det er fleire kritikkverdige forhold ho tar for seg, sjølv om det til tider kanskje er litt overdriven. Problemstillinga ho tar opp er viktig for å førebyggje rasisme og diskriminering, og er høgst relevant også i dag. Vi nordmenn er slett ikkje så hjelpsame som vi trur. 

 

 

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst