"Hjemkomsten" av Kjell Askildsen

Noveller er ikkje alltid slik som du les ho. Etter at eg satte meg inn i teksten, kom det fort fram ei djupare meining. Her har eg gjort rede for det eg trur Askildsen har tenkt då han skrev denne novella.

Sidemåltentamen, VKII.

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.04.08

Oppgåve 1: Tolking av Hjemkomsten av Kjell Askildsen

 

Kjell Askildsen blei født 30. september 1920 i Mandal. I løpet av sitt liv har han vore forfattar og oversettar. I 1953 debuterte han med novellesamlinga ”Heretter følger jeg deg helt hjem”. Askildsen har vore sett på som en fornyar av norsk novelledikting og en av genrens fremste i Norden. Mye av litteraturen er oversatt til fleire språk. Askildsen satt lenge i Det litterære råd, og i Kulturrådet sitt prosautval . Han har fått Kritikerprisen to gangar, i 1983 og i 1991, Oslo Riksmålsforening sin litterære pris i 1987, Aschehougprisen i 1991, Doblougprisen i 1995, Oktoberprisen 1997 og blei i 1992 innstilt til Nordisk Råds Litteraturpris. Altså er han ein kjent forfattar, som har oppnådd ein del. Den kjente anmelderen Marius A. Øvrehus seier dette om Kjell Askildsen:

 

Han tar for seg individer i dyp uro i forhold til seg selv og mennesker som står dem nær. Han skildrer ubehaget som oppstår fra ufriheten ved å være menneske og partner; en diffus og vedvarande uforløst uro, uavklart og uavklarbar, taus og desperat.”

 

Askildsen er kjent for å overdramatisere dei små og kvardagslige ting, noko som vi ser i ”Hjemkomsten”.

 

I denne novella skildrar han ei dame som sit heime og ventar på mannen som skal kome heim. Han brukar mange verkemidler som gjer teksten rikare og som får lesaren til å innsjå at det lig noko meir bak novella enn bare det som er skreve. Nå eg tolka denne teksten måtte eg lese mellom linjene, og stille spørsmål til nesten kvar einaste setning. Første gong ein les denne novella, sit ein eigentlig igjen med ganske lite. Eg tør faktisk påstå at det er ei ganske kjedelig tekst, men når du bestemmer deg for å verkeleg setje deg inn i ho, er ho noko av det mest interessante eg nokosinne har lest. Grunna til dette er nettopp at det ligg så mykje bak ho.

 

 

Del 1: det eventyrlege liv

Jeg har kjemmet håret foran speilet. Trollspeilet, som gjør meg penere.” Dette er dei to første setningane vi les i novella, og den andre setninga er ganske viktig for du skal forstå dama. For her er det nemleg dama i novella som fortel. Vi får vite at ho har teikna mørke styrker inn i dei karakterlause augebruna, ho har teikna munnen djupare raud og ho har dempa farga på kinnene. Her trur eg at ho tek på seg ei maske for å skjule sitt verkelege eg. ”Jeg har vært ute i hagen og plukket iris. Jeg har satt dem i den slankeste vasen.” No byrjar det å bli ganske tydeleg at det er noko ho ventar på, noko som snart skal kome. Ein merkar at ho ser fram til det, og at ho ordnar seg for situasjonen. Ho har plukka iris. Iris kan vere eit bilete på mykje. Forteljaren kan enten meine den greske gudinna, Iris, som er svært vakker, eller så kan han meine den fargerike regnbuehinna på auget, eller han rett og slett bruker iris på grunn av at blomsteren iris er ein vakker plante, med tynne blader og en pen blome på toppen.

 

Han blir glad når han ser dem”, fortsetter novella. Nå kjem det fram at ho venter på ein mann. Ho har eit spesielt forhold til denne mannen, og eg trur allereie no at ho sett denne mannen høgt.

 

I nesten en time har jeg ventet. Luktet på irisene, smilt til speilet, trollspeilet. Mm. Du er pen. Ventet. Ventet hele tiden, til tross for at jeg visste at han umulig kunne komme så snart.”

Ho er rastlaus, og venter på at han skal kome. Nok ein gong er trollspeglen i bildet. Kva er det med trollspegelen? Må ho ha det for å føle seg bra? Speglen lyg til ho, meiner ho sjølv, men det har ikkje noko å seie, for ho føler seg likare. I denne setninga legg eg også merke til at Askildsen bruker svært korte setningar, og dette er med på å framheve dei viktigaste setningane i teksta. Til dømes i den setninga der det berre står ”Ventet”, så skjønner ein at ho verkeleg ventar på denne mannen.

 

”Hva sier han når han kommer? Min deilige elskede?” Det kjem fram at det er ein mann som ho ventar på og elskar. Han er hennes elskede. Den deilige elskede.

Trollspeilet. Mm. Du er vakker. Men stram stroppene på brystholderen. det skal ikke så mye til.” Her er trollspeglen brukt igjen, etterfylgt av tre ord som hjelp dama på veg. Kanskje treng ho litt ekstra sjølvtillitt no når ho skal møte han. Ho er veldig opptatt av korleis ho ser ut når han kjem.

 

”Jeg har stått på ein stol foran speilet og trukket skjørtet helt opp. Kan alt dette gjøre ham glad?” Her virker det som om det er sex ho tenkjer på. Vil han framleis ha henne. Ho er oppteken av at han skal ha det bra. Det virker nesten ikkje som at ho tenkje så mykje på seg sjølv.

 

Vidare fortel ho at ho er lykkeleg no, og at han kjem kvart augeblikk. Ho vil berre sitje å glede seg til han kjem. Ho spekulerer på kva han kjem til å seie. Ho trur nok at han vil bli glad for å sjå ho. Slik som ho ha venta på han, måtte jo han ha venta på ho og? ”Min elskede, elskede?” Ho set verkeleg pris på mannen. Det er nesten slik at lesaren også gleder seg med ho.

”Hvor deilig det er å sitte her å vente på det vidunderlige. Sitte og vente på at om et øyeblikk... Hyss! nå går det i døren. Nå slår han døren etter seg.” Dette er klimakset i novella. No kjem endeleg den vedunderlege mannen heim, og spenninga stig. Ho reisar seg og spring han i møte.

Dama: ”Elskede mannen min”

Mannen: ” Elskede”

 

Del 2: det verkelege liv

Da dei hadde kyssa, sa han at det var godt å kome heim, fordi han var heilt utkjørt. Allereie her kjem det fram at det er noko som ikkje stemmer. Han seier han er utkjørt, og eg har tolka det slik at dette kan vere vendepunktet. Eller i alle fall byrjinga på vendingspunktet. For vidare spør ho om han har lengta etter ho, seier han at han har lengta når han har hatt tida til det.

 

Han gjorde seg løs fra henne. Gikk bort til radioen og skrudde den på. Det var forstyrrelser, og han sa: Faen ta den filleradioen! og skrudde den av igjen.” Det at han gjorde seg laus frå henne gir oss eit frampeik på kva som skjer vidare. Kanskje er det ikkje ein dans på raude rosar i alle fall. Dessutan kan ein tolke radioen som eit symbol på disse to menneskjene sitt forhold. Det er det eg har gjort. Det var altså forstyrringar på radioen, og dermed forstår eg det slik at det er visse ”forstyrringar” i forholdet også. Faen ta den filleradioen. Betyr det kanskje at han forbanner forholdet deira?

 

”Vil du ha mat straks eller vil du vente litt?”, spør dama. Da seier mannen at han vil vente litt, fordi han åt på toget. Dette kan tolkast på mange måtar. Kanskje betyr det bare at han ikkje ville ha mat. Men eg trur at dama eigentleg spurte om han ville ha sex, bare med andre ord, og når mannen gir dette svaret, tenkjer eg at han har vore utru på toget. Har han ei anna dame, kanskje? Vidare får vi vite at han ikkje ser på ho i det heile tatt. Han vil bare lese avisa. Avisa har eg tolka som eit teikn på meddeling, men ironisk nok finn ein ikkje mykje av det i mannen. Han er kald og avvisande, i staden for å vere slik som dama håpa han skulle vere.

 

Nok ein gong fortel ho han at ho har lengta etter å vere saman med han, men ho får ikkje noko respons. Han sit bere der og les avisa. Vidare seier ho at ho har drømt om kor fint det skulle vere å ha han heime igjen. Han svarar med å seie at det var hyggelig å høyre. Men som lesar og tolkar kan eg ikkje påstå at det er med så stor innleving han seier det. Ho spør om han kan leggje frå seg avisa slik at ho får fortelje han enda meir. Men da seier han at han skal lese ferdig artikkelen først.

 

Nå var det ho som skrudde på radioen igjen. Hun fant musikk, men det var skraping og musikk om kvarandre. Da spør mannen om ho ikkje kan finne ein betre stasjon. Eg tenkjer framleis at radioen er dette paret. Altså opplever paret krangling og vennskap om kvarandre. Men det som gir oss eit frampeik om at det verkeleg kan gå ille er at han spør om ho ikkje kan finne ein betre stasjon. Her trur eg han meiner å spørje om ho ikkje kan finne seg ein anna mann, slik at han kan kome seg laus. Ho svarer spørsmålet med å sei at det er like ens over alt. Meiner ho at alle menn er like? Mannen syns at det er betre å ikkje ha den på i det heile tatt. Gi blaffen i heil forholdet. Skilsmisse, var det første eg tenkte.

Dama: ”Jeg kjeder meg ”

Mannen: ”Det var hyggelig å høre at du begynner å kjede deg allerede ti minutter etter at jeg er kommet hjem” Dette er et forsøk fra mannen sin side, for å få dama til å få dårlig samvit. Her er eit perfekt eksempel på ironi. Han strør salt i såret. Etter dette klarte ho ikkje å svare, men skrudde av radioen. Skrudde ho av forholdet no? Hadde ho blitt så skuffa at ho ikkje orka meir av mannen. Allereie?

 

Ho gikk på soverommet, da ho såg ein tåre i augekroken. Ho rakk tunge til sitt eige andlet, og tenkte på at det ikkje lenger var bare skuffinga som gjorde vondt inni henne, men det såre medynke med ho som for eit augeblikk sia stod på ein stol føre spegelen med skjørtet trekt heilt opp.

 

No syns ho synd på den personen ho var før mannen kom heim. Ho gjer narr av seg sjølv, og skjems. Ho går på soverommet fordi det var dit ho hadde tenkt seg seinare med mannen sin.

 

Slik endar novella. Som kjent er det open slutt på denne typen litteratur. Kven vet korleis dette endar. Det fyrste eg tenkje om teksta er at ho er spekka av verkemeddel.

Teksta er delt inn på ein spesiell måte. I dei åtte første avsnitta eller heile den første sida lever dama i eit eventyr. Det er mykje klisjé. Til dømes er ho ute i hagen og plukkar blomar som ho sett i ein vakker vase. Hagen er vakker, blomen er vakker, vasen er vakker og ho er vakker. Alt er bere fryd og gammen. Det skal vise seg å kome eit vendingspunkt, der det går opp for ho at livet ikkje er så plettfritt som ho skulle ha det til. Ho kjem tilbake til det verkelege liv. På grunn av dette skjems ho av seg sjølv.

 

 

Konklusjon

Virkemeddel som framhever bodskapen kan vere gjentaking. Spegl er brukt mange gonger, elskede er brukt ofte, radioen bli brukt og lengsel er hyppig eit tema. Eit anna verkemiddel er korte setningar, som understrekar at forfattaren meiner det er viktig å leggje merke til dei setningane eller orda. Det at han brukar få hovudpersonar og eit kort tidsperspektiv. Det dreier seg kanskje om eit kvarter av dama sitt liv, og eit lite fem-minutt av mannen sitt. Dette gjer teksten greiare å lese, ved at du slipp å holde styr på så mykje.

Ironi blir brukt en gang.

 

Du blir sitjande igjen med ein del spørsmål etter teksten. Det eg tenkjer mest på er kor lengje har eigentleg mannen vore borte? Kanskje er det bare kvinna som gjer slik kvar dag. Kanskje han bare var på jobb, og kjem heim til det same som han alltid har kome heim til? Det kan vere at ho elskar han så ufatteleg høgt, at ho brukar heile dagane til å ordne seg for han. Men er mannen utru, og i så fall vil dama gjere noko med det dersom ho finn det ut? Korleis kan ein svare på desse spørsmåla utan at det blir vill gjetting?

 

Eg vil få understreika det eg sa tidligare i teksta, om at det kunne vere fleire måtar å lesa teksta på. Dette kan vere ei tolking. Men det kan også vere ei heilt vanleg novelle, der han rett og slett bere skildrar ein normal kvardag i eit heim til eit ektepar.

 

Eg trur Kjell Askildsen var imot at kvinnene skulle vere heime å stella, medan mannfolka var ute eller borte. Dette inntrykket får eg fordi han ser alt i frå kvinna sin ståstad. Ein får aldri høyre kva mannen tenkjer, men han blir gjort til ein nesten vondskapsfull mann. Det er kvinna ein syns synd på.

 

Viss det er dette som er bodskapen til Askildsen, kan eg enkelt seie meg heilt einig i det. Ei grunn til det, kan vel kanskje vere at eg sjølv er kvinne, og kunne ikkje tenkt meg å leve slik. Slave rundt for mennene og meir eller mindre ånda for denne arten på to bein. Er det framleis kvinners jobb? Å vere der til ei kvar tid når mennene ønskjer det?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst