Ingelin Røssland Handgranateple

Bokanalyse av Ingelin Røsslands "Handgranateple"
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2017.03.22
Tema

Handgranateple

 Boka «Handgranateple» blei skreve av Forfattaren Ingelin Røssland i 2007, og blei utgitt av Det Norske Samlaget. Ingelin Røssland er født 19. februar 1976. Ho er ei norsk forfattar og journalist som bor i Stockholm. Ho er kjent for å skriva tekstar der rus, vennar, sex og vold er sentrale tema. Ho har vunne mange prisar for bøkene sine, og vann Uprisen i 2007 med boka «Handgranateple» for beste ungdoms bok. 

I boka «Handgranateple» får vi møte ungdomen Anja. Ho er ei fornuftig jente som skal begynne på vidaregåandeskule.  Barndomen henar var prega av einsomhet, fordi ho ikkje hadde så mange vennar. Dei åra ho gjekk på ungdomsskulen hadde ho bare guten Arild som venn, og som resultat har ho nesten ikkje noko sjølvtilitt eller eit godt sjølvbilde. 

Arild har vore vennen til Anja sidan dei gjekk på ungdomsskula. Han hadde heller ikkje mykje vennar utanom ho, så dei var ofte saman på fritida. Arild var alltid snill og smilte. Han var av den typen som alltid fiksa ting og kom opp med ein løysning på problemar. Det beste han visste var å fiske, og han drøymde om å bli ein journalist for ein kjend avis. 

Anja bur saman med familien sin på ein eplegard på Hardnager. Garden har gått i generasjon fra farmora til Anjas far. Anja er ansvarsfull og hjelper gjerne til om ho må. Fruktgarden som Anja og familien bur på ligg eit lite stykkje utanfor eit tettsted der både skula og hybeln til Anja ligg. Tettstedt der skula ligg, er prega av ru, alkohol og festar kvar dag.   

Etter nokre dagar på den nye skulen, startar Anja å bli kjent med ei jente som heitar Malin. Anja er skeptisk til Malin, og får ikkje eit godt fyrsteinntrykk av ho. Det fantes også mykje dårlege rykta om ho, men til tross for det, så blei dei veninner. 

Når Anja startar å bli kjend med Malin, får vi høre om barndomen hennar. Ho voks opp i ein familie der faren slo mora, mora slo broren hennar, og ho fikk resten av julingen som blei igjen. 

Til tross for at Anja ikkje er av den typen som likar å feste, så får Malin dratt ho med seg på litt av kvart. Ein av dei andre jentene i klassen skal ha ein fest heime hos seg, og inviterer alle i klassen. Ho som skal ha festen heiter Mette, og ho og Anja har aldri likt kvarandre, men ho og Anja bestemte seg for å dra. 

Når dei kom til festen, blei dei ikkje akkurat tatt imot med ein varm velkomst, men dei gjekk inn og starta å drikk. Etter å hå vore på festen ein stund, går Anja og Malin opp på låven til Mette der dei oppbevare epla. Dei er begge ruset, og dei sparkar ned ein kasse med epla. 

Den neste dagen ringar foreldra til Mette og fortelje om kva som hadde skjedd, og forlangar at ho skal betale tilbake epla sin verdi. Når Anja kommer på skolen og prøvar å seie unnskyld, startar Mette å snakke stygt om ho og mora. Ho seie blant anna at mora hennar har seg med alle polakkane dei har på garden, og at bror hennar eigentlig bare er ein halvbror. Anja fortelje Malin om kva Mette sa, og dei bestemte seg for å ta igjen. 

Malin og gjengen hennar finn ut at Mette er ute og kjøpar klede, så dei grip sjansen for å ta igjen. Anja lurer Mette med seg bak eit stort bygg, og dei begynnar å svimerke ho med sigarettar og banker ho. Anja angrar seg for kva ho har gjort, og ho blei heime på hybelen dei neste dagane, og startar å grue seg for kva som kjem til for å skje når ho kjem tilbake på skulen. 

Anja startar å bli meir og meir redd etter at hu er tilbake på skulen. Ryktane seiar at Mette blei trua på livet, derfor er ho ikkje på skulen enno. Den eineste løysningen som Anja kjem på for å slippe unna det ho gjorde mot Mette, er å avsløre Malin når ho gjer noko valdelig eller ulovelig.   

 

Ingelin Røssland har skreve boka i fyrsteperson. Boka bli fortald gjennom Anja i heile boka. Nokon av temaene som vi finnar i boka er ungdomsliv, rus og narkotika, familiekonflikter og vennskap. Ingelin Røssland er veldig kjend for å skrive bøker med slike tema. Eit av bodskapa i boka, kan væra å ta ansvar for sine eigne handlingar. Kvar gong Anja gjer noko dumt, så fiksar ho det igjen og gjer opp for seg. 

Høgdepunktet i boka trur eg er på festen til Mette når dei velter epla til fleire tusen kroner. Anja ryddar opp etter seg, og betalar for epla, men dessverre så ble rykte hennar øydelagt, og no bli ho sett på, på same måte som Malin ble.  

Eg syntas at boka var veldig bra. Den var lettlest til tross for at det er ein nynorsk bok. Eg skjønnar ikkje kva Ingelin prøvar å få fram på slutten på boka, men det var ein veldig spennande bok å lese. Som sagt så er dein lettlest og det går fort å lese den, men det kan ta lang tid å skjønne boka. Etter at eg har lest litt meir i boka, skjønner eg at det er mykje som ikkje kjem fram direkte i teksten, men som du må tolke deg fram til. 

Eit eksempel er eplet som Anja tek før ho veltar kassen med epla. Det blir beskrevet som det perfekte eple som lukter godt, så tar ho å kastar det i veggen med all sin kraft, og det perfekte eple blir øydelagt. Eg trur at eple blir samenlikna med Anja. Ho blir sett på som ei perfekt og plikktoppfyllande jente, heilt til ho gjer det ho gjer med kassa med epla. Rykte til Anja blir øydelagt, akkurat som det perfekte eple. Eg trur også at dette kan være grunnen at forfatteren har valt å kalle boka for «Handgranateple». 

  

 

Kilder:

2017.«Ingelin Røssland» UBOK. http://ubok.no/forfatter/ingelin-r%C3%B8ssland 20.02.2017

 

2017.«Ingelin Røssland» Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/Ingelin_R%C3%B8ssland 20.02.2017

 

Røssland, Ingelin, 2007. Handgranateple. Det Norske Forlaget. Oslo.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst