Jødeproblemets løsning.

Retorisk analyse av Jødeproblemet og dets løsnings.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2018.06.08
Tema

«Jødeproblemets løsnings»

 

I utdraget  frå "Jødeproblemet - og dets løsnings" presenterer forfattaren Halldis Neergård Østbye kva ho meiner er løysinga på problemet med at jødane har spreidd seg, også til Noreg. Østbye ga ut boka i 1938 under pseudonymet Irene Sverd i ei tid kvar jødehat blei meir og meir utbreidd. I dag vil mange kanskje si at synspunkta hennar er ganske så ekstreme, men i den tida den ble skrive var den ikkje så ekstrem som den ville ha vore dersom nokon skreiv den i dag. Nokre av synspunkta i teksta kan verke fjerne,  men med eit nærare blikk er teksta slett ikkje uaktuell og inneheld tankar som ein kan finne igjen i samfunnet i dag. 

 

I «Jødeproblemets løsning» byrjar Østbye med å presisere at det eksisterer eit jødeproblem før ho byrjar å presentere løysninga hennar. Hovudsynet hennar er at jødane er eit  stort problem og det er mange ulike ting ein tidlegare har prøvd ulike stader der resultatet aldri har vært bra for nokon av partane. Sjølv om ho påpeker at å ta opp dette problem og løysninga til dette, ikkje har noko med rasehat å gjere så vil ein i alle fall meine i dag det motsette og ein brukar ikkje lenger raser om menneske. Ho skriv om at det er openbart at jødane, som er av ein framand rase, ikkje skal ha dei same rettane som innbyggjarane i landa dei kjem til og heller ikkje noko makt. Vidare i teksta skriv ho om andre løysningar på problemet med jødane som ikkje har ført frem. Til slutt kjem ho med sitt forslag til løysning som er at dei bør får ein egen stat som er stor nok til å romme alle jødar. Ho meiner at dette er det beste både for jødane sjølv, som kan leve for seg sjølv fri frå  det ho omtaler som «ikke-jødenes «forfølgelse»», og for alle dei landa der jødane har teke seg til rette. 

 

For å få fram hovudsynet hennar, brukar ho ulike verkemiddel for å byggje under synspunkta hennar og for å få fram bodskapet hennar fram til det norske folk som er målgruppa for boka. Det er ekstra interessant å sjå på etos fordi ho har skrive under eit pseudonym. Halldis Neergård Østbye var eit kjent medlem av NS, og med dette kunne ho ha fått høy etos blant andre medlemmar av NS og andre som var imot jødane. Sidan ho skriv under pseudonymet Irene Sverd kan dette vise at ho ikkje berre ville nå ut til dei som støtta partiet hennar, men heile det norske folket. Sidan ho skreiv under eit namn som ikkje var kjent, kunne ho med boka bli tatt meir seriøst og lesarar som ikkje støtta NS ville vere meir opne for teksta enn dersom ho skreiv under det ekte namnet hennar. Sidan ho ikkje kan spele på at ho har eit kjent namn,  byggjer ho under påstandane sine ved å referere til andre personar. Til dømes står det «Den blev fremsatt første gang i 1923 av den østerrisk-japanske bastard, grev Coudenhove-Calergi. Dette er med på å byggje opp truverd hennar fordi de visar at ho er opplyst og har god innsikt i kva ho skriv om 

 

Østbye var leiar i presse- og propagandakontoret til NS og ein kan sjå at ho er dyktig når det kjem til oppbygging og logiske resonnement, appellforma logos står derfor sterkt. Ho har ei liste med åtte tidlegare løysingar på jødeproblemet som er prøvd, og ho forklarer kvifor desse løysninga ikkje har fungert. Denne forma for parallellargumentasjon er gjennomgåande i utdraget og det står til dømes «Spania er et tragisk eksempel på hvad en slik «løsning» fører til» og «Dette kretsløp har gjentatt sig i land efter land i tusener av år». Dette gjer at ein  får eit inntrykk av at ved dei gamle metodane vil ein få eit uunngåeleg utfall og det vil gå like dårleg som det har gått tidlegare. Ein annan måte ho spelar på fornufta til mottakarane er ved bruken av statistikk og fagkunnskap. Ho refererer blant anna til Talmud og ho bruker statistikk for å overtyde dei som les boka hennar. Blant anna står det «Talmud har de strengeste forbud mot raseblanding». Dette er eit døme der ho framstår skråsikker på noko som er diskutabelt, og dette er noko som går igjen i heile teksten. Bruken av presupposisjonar er flittig brukt og det legg press på lesaren og skal gjere dei einige med forfattaren, men dersom ein ser kritisk på det så kan det kanskje svekke Østbye sin etos når det ikkje bli bygd opp av gode, logiske argument. 

 

Ved bruk av ulike verkemiddel prøver Østbye å spille på lesaranes kjensler. Ho har gjennom heile teksta fokus på å skape ein kontrast mellom jødane og dei norske ved å framstille jødane som ein framand rase og ho får på denne måten fram nasjonalkjenslene til lesarane. Til dømes står det «Den moderne rasehygiene har fullt ut vist hvor farlig blanding er mellem artsfremmede raser, at det fører til bastardisering» og «Hadde vi i Norge fulgt den linje som de patriotiske og forutseende Eidsvoldsmenn trakk op i Grunnloven i 1814 og opprettholdt mestemmelsen om at jøder og jesuiter ikkje må ha adgang til Riket…». Grunnloven er et sterkt symbol på det norske og noko  dei fleste er opptatt av å bevare og respektere, og ved å nemne denne appellerer Østbye til nasjonalkjenslene og patriotismen til lesarane. Bruken av dette verkemiddelet gjer at ein føler seg trua, og ein øskjer å unngå dette. Sidan teksta har tydelege preg av propaganda er dette noko som blir gjentatt og bortimot banka inn i hovudet til lesarane. 

Eit anna verkemiddel som er med på å spele på lesaranes kjensler er bruken av språklege bilete. I teksta blir metaforar brukt ofte og det står til dømes «Det er en underlig komedie man i denne forbindelse har sett utspilles i det engelske parlament…». Bruken av språklege bilete er med på skape bilete i hovudet på folk og det er med på å gjere det enklare å sjå for seg slik at teksta blir nærare og at den i større grad treffer publikum. Særleg når desse bileta blir brukt på ein negativ måte får det stor effekt, fordi   til dømes står det «Det er innlysende at når landets egne borgere blir utsuget, utpint, flådd, hånet og sett ned på av et fremmed innvandrerfolk…» Her kan ein sjå dels metafor og dels overdriving, noko som skapar eit enda sterkare bilete. 

 

Som skrive i innleiinga kan teksta ved første augekast verke som ein tekst som er uendeleg fjern og som ikkje er aktuell i dagens samfunn i det heile. Derfor er det skummelt å tenkje på at teksta absolutt kan vere aktuell ved eit nærare blikk. I byrjinga beskriv ho ulike stadium som skjer ved innvandring av jødar. Ho skriv om korleis dei blir tatt godt i mot, dei får ulike fordelar og at dei etter kvart vil etablere seg og få makt i samfunnet før det til slutt blir ein open kamp der jødane anten blir vist ut eller det oppstår «blodige pogromer». I samfunnet i dag står ein over ein bølgje av innvandrar som flyktar frå krig og nød i andre kulturar som ofte har ein framand religion for nordmenn flest. Dersom ein leser i sakar om innvandring i kommentarfelt på Facebook kan ein sjå at haldningane til Østbye langt i frå er så fjerne som ein likar å tru. Det finnes folk som meiner at ein ikkje skal hjelpe de som kjem, og at dei får privilegium som overgår det dei som har budd i landet i generasjonar får. Særleg eldre menneske kan peike på leiaren av AUF som ikkje er etnisk norsk, og seie at det berre er eit spørsmål om tid før alle politikarene er muslimar og at sharia skal vere den gjeldande lova i Noreg. Ein kan sjå at det er frykt for framande, særleg muslimar, og ein føler på trusselen mot seg sjølv og eigen grunnlov, akkurat som Østbye og mange andre gjorde for nesten 80 år sidan. 

 

Gjennom appellformene logos og patos prøver Østbye å få frem sitt hovudsyn om at det er eit problem at jødane har spreidd seg og at dei bør få sin egen stat slik at dei kan vere åtskild frå andre rasar. Sidan forfattaren er eit kjent medlem av NS skriv ho under eit pseudonym slik at ho framstår som mindre ekstrem og kan bli tatt meir seriøst enn om ho skulle skrive med sitt ekte namn, noko som gjer at ho treffer ein større gruppe nordmenn. Nokre av synspunkta er synspunkt ein kan sjå i dag, men i staden for jødar er det ikkje-etniske, gjerne muslimar, som opplever å få høyre desse meiningane og hatet som kjem fram i teksta til Østbye.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst