Novelleanalyse "Å drepe eit barn"

Denne teksten er en analyse/tolkning av novella "Å drepe et barn" skrevet av Stig Dagermann i 1948 for en svensk sikkerhetskampanje. Karakter 6-.
Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2018.02.03
Tema

Bilar er farlege, bruk sykkel!

I novella «Å drepe et barn» skrive av den svenske forfattaren Stig Dagermann i 1948, får vi høyre om eit uskuldig barn, som blir drepe av ein lukkeleg mann. Teksten er skrive til ein svensk trafikksikkerheitskampanje. 

 

Temaet til teksten er død, og trafikksikkerheit. Føreren til bilen køyrde for fort, og det oppstod ei ulykke. Mannen klarte ikkje å stoppe før det blei for seint, og drap eit lite barn. Temaet til novella heng saman med bodskapet, som er å halde fartsgrensene, og vere forsiktig. Ein må følge med i trafikken. Plutseleg kjem det noko uventa, som i dette tilfellet eit barn, ut på vegen. Dette kan få store konsekvensar, og liv kan gå tapt.

 

Eit verkemiddel brukt i novella er frampeik. Overskrifta «Å drepe et barn» gir oss ei lita peikepinn på kva som kjem til å skje i historia. Vidare nemner forfattaren fleire gonger at eit barn skal bli drepe. Frampeika gjer slik at ein blir meir slukt av teksten, samtidig som ho blir meir interessant og morosam å lese. 

 

Orda er nøye valde, og dei positive orda «nynner» og «lykkelig» blir kontrastar mot dei negative og brutale orda «drepe» og «skrikende». Dette gir ein slags wow-effekt. 

 

Novella er eit godt eksempel på kva som kan skje i trafikken. Det er viktig å køyre trafikksikkert, og tenke på kva for konsekvensar ein får om ein ikkje gjer det. Ein veit aldri kva som kjem rundt neste sving. Kanskje er det lurast å droppe bilen, og heller satse på sykkelen?

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst