Språket liksom ikkje sant?

Retorisk analyse av Terje Rønnes sitt innlegg i Dagbladet, 16.05.01.

Karakter: 4/5

Sjanger
Analyse/tolkning
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2010.11.30

Terje Rønnes har skrive eit innlegg i fire avsnitt for dagbladet, den 16.05.01, der han kritiserar unge sin språkbruk. teksten er skrive som eit innlegg, mest som ein petit, då han brukar dei same verkemidla. Han brukar blant anna humor, ironi, og overdriving for å fremje sitt eige syn, slik som i eit kåseri. Petiten er mykje kortare, og ein personleg, poengtert parodi. Målgruppa for teksten er noko udefinerbar, men ligg ein stad mellom ungdomar og vaksne. Ein kan seie at den er meint til ungdomar, som ein slags kritikk eller berre eit humoristisk hån, men ein fare her ville vere at det treff dårleg. Forfattaren prøvar her å fremje sitt syn, via etos, som syner til hans eigen autoritet som forfattar. Då dei fleste ungdomar i dag brukar nettopp desse orda, vil dei sjå forbi retorikken og berre konsentrere seg over den til tider manglande bodskapen. I denne teksten er det slik at bodskapen kjem fram gjennom pathos, som er måten forfattaren henvender seg til lesaren på gjennom å spele på følelsar for å påverke. No er ikkje dette ein tekst som spelar på følelsar i den typiske samanhengen, men måten han henvender seg på, kan blant enkelte forårsake sinne, grunna forfattaren sitt smale syn utad.

 

Teksten er derfor sannsynlegvis mynta meir mot vaksne, då dei gjerne delar litt av det same synet som forfattaren sjølv, det autoritære som via Etos, og der humoren han syner gjennom retorikkbruk ville falle meir på eit felles plan. Dei ville kunne vere i stand til å dele dei same oppfatningane og fokusere på det som er meint å være bodskapen, nemleg at unge sitt meir eller mindre einsformige og adopterte språk gjer deira litterære resultat komiske, og vonde å forstå.

 

Han byrjar fyrst med å seie at språket vårt er verneverdig. Sjølv om argumentasjonen hans jamt over er ganske sped, skjønar vi likevel kvar han vil hen, og det gjer vi på grunn av språkbruken hans. Han brukar det vi kallar lukka argumentasjon, at han argumenterar via retorikken. Han brukar òg slang, gjentakelse og overdriving for å nå målgruppa. Den retorikken eller talemåten han brukar i teksten sin, er nemleg akkurat den han sjølv kritiserar på same tid. Det har seg nemleg slik at det norske språket, likt dei fleste andre språk, er under forandring og utvikling. Han kritiserer det postmoderne språket, og ungdomen i dag. Riktig nok tek han opp det som er eit seriøst problem, som unge mennesker sin databruk, adopsjon av engelsk, men kanskje mest av alt, simplisiteten som oppstår i eit moderne og fleirkulturelt språk. No er det jo ein gong slik at ei stadig aukande globalisering krever sine tilretteleggelsar og følger, og ei stadig oppdatering av det som ser ut til å ein gong kunne bli eit felles verdensspråk. Då snakkar eg verken om norsk eller engelsk, men om eit enn so lenge fiksjonelt, heldigvis, og enkelt språk med ord som lett kan kombinerast og brukast i fleire samanhengar, alt etter kven som seier det og måten det blir sagt på. Eit språk med eit lite utvikla vokabular, som kan vere lett for alle å bruke.

 

Synspunktet til forfattaren er smalt, og vikande. Samtidig er språket heilt klart uklart, men det er jo også eit av verkemidla som er med på å forsterke bodskapen, i alle fall i hensikta. Det kjem først fram at han meinar at språket er verneverdig, og at vi må ta vare på våre ord. Eg viser til fyrste avsnitt. ”Det er jo sånn liksom at språket vårt er verneverdig (…) at vi liksom må være på alerten” Her seier han at vi må passe på språket vårt. Samtidig kan ein som lesar ikkje la vere for å tolke ironien på det som kanskje ikkje er heilt rette måten. Når han seier at vi må ta vare på språket, bruke det meir, og at vi må få gjort innsatsar for å ta i bruk dei orda vi ikkje brukar lengre, på slik ein ironisk måte, er det lett å oppfatte det som om han meinar at det ikkje gjer noko om vi let vere å bruke orda, og at det er ein grunn til at vi er slutta å bruke enkelte ord. Dette fører til at mange av dei gode orda vi hadde før, som verkeleg traff haudet på spikaren i beskriving, blir erstatta med ord som dårlegare beskriv gjenstandar og situasjonar, som er lette å forveksle. På ei anna side så hamnar vi i situasjonar og kjem over gjenstandar og tilfeller der det rett og slett ikkje finst noko godt norsk ord. Her har vi heldigvis språkrådet, som er med på å bestemme nye ord etter kvart som vi får bruk for dei. Nokre ord har også fått nye meiningar, slik som t.d. apple, eit ord som dei fleste i dag forbinder med brukarvennlege og innovative datamaskiner. Eit norsk ord er til dømes ”avvenne” som kanskje er ein enda betre og treffande oversetjing av det engelske ordet ”unfriend” som i 2009 blei kåra til årets ord av Oxford Dictionary, http://www.nextgentel.no/detneste/2010/03/03/nye-ord-etter-ar-2000/.

 

Teksten er god med tanke på bruken av verkemidlar, og genistreken ved å legge heile tiltalen, eller appellen til lesaren via retorikken som det viktigaste verkemiddelet i seg sjølv. Dei einaste farane ved dette er både som tidlegare nemnd at ein kan bomme på målgruppa fordi språkbruken rett og slett går gjennom filteret til kva dei unge oppfattar som ei hindring å lese, men også det faktum at det rett og slett blir kjedelig, og kanskje direkte plagsamt å lese. Likevel er ei heilheitsvurdering at den retoriske argumentasjonen virkar, i den grad at retorikken handlar om å seie noko på ein slik måte at folk vil høyre kva ein har å seie. Teksten har derimot inga spenningskurve og heller ikkje noko klart resonnement.

 

Synet hans er mest unyansert og kritisk, og det er lite rom for å finne noko positivt i språket si utvikling. Han framstiller tydeleg dei unge i dag som meir late og lett påverka, og der meiner eg han gjer ein liten feil. Det er naturlegvis enklare å kun ha èi bestemt nyanse når ein skal snakke om noko, men der er alltid fleire sider av ei sak. Ord som ”liksom” har nemleg blitt forska på, og det er ein grunn til at ord som dette har oppstått. Ord som finst frå før av, eller som nyleg har blitt til, blir som regel tekne i bruk fordi det er eit behov for dei, og fordi dei er lettare anvendelege. Det er naturlegvis lett for at enkelte ord blir noko unyanserte, spesielt fleirbruksord som ”liksom” eller ein meir brukt variant som tyder det same, nemleg ”lissom”. Dei brukast gjerne om kvarandre, og i fleire forskjellege samanhengar. Ordet ”liksom” blir gjerne brukt som ein ”tur-final”, ein slags naturleg avslutning på ei setning. Ein kan seie ”det er ikkje alltid like greitt, liksom”, og då ufarleggjer ein utrykket litt, og det kan vere ein fin måte for ungdom å snakke med kvarandre, utan å trengje seg for mykje på. Ein annan måte ordet er brukt på, er som sitatmarkør. Til dømes om nokon seier ”ho berre liksom, neeei, det trur eg ikkje”. Då brukar avsendaren ordet for å sitere noko som nokon andre har sagt, men også for å ta litt avstand frå det som blir sagt, og omtrentleggjere sitatet. Om ein seier ”ho stirra på meg i liksom, fem sekund” så betyr det ikkje at ho stirra i fem sekund, men sånn cirka.

 

Personleg meinar eg at språkbruken til ein viss grad øydelegg bodskapet, og at det vanskeleg å oppfatte kva han meiner. I alle fall slik det treff meg som lesar, og ungdom med eit friskt, men dog gammalmodig språk og utan vanskelegheiter for å forstå andre . Han kunne for min del ha skrive akkurat det han ville, eg hadde uansett hatt problem med å tolke bodskapen, fordi det enkelt og greitt blir for vanskeleg med ein slik retorikkbruk, i tillegg til ironi i heile teksten, og uklart skilje mellom humor og seriøsitet. Ein mykje meir interessant måte å vinkle det på, ville vore å la fakta og seriøsitet komme klart fram samtidig som ein hadde humoristiske innslag, eller ei humoristisk vinkling utan å blande alle verkemidla for mykje i hop med bodskapen. http://www.dagbladet.no/kultur/1999/12/10/185652.html

 

Eigenvurdering: herreguuuuud... teksten min er grei i lengde og avsnittsføring. Ganske bra faktisk!! Men der stoppa det.. det er ein avansert tekst å analysere, og å setje ord på det han prøver og feilar i å setje ord på, er ikkje lett. Teksten min er for subjektiv, men for å få det til å bli ei spanande analyse der eg belyser teksten og bodskapen frå fleire hald, er mine eksempel og utstikk relevante. Eg har med for lite av patos og logos, men det er rett og slett fordi eg synest at deira tilstadevering og bruk i teksten er som bodskapen, smal. Grunnen til at eg har vanskeligheter med å analysere teksten er nettopp fordi eg tykkjer den var heilt grusom dårleg, og appellerte ikkje til meg på langt nær. Derfor er mi analyse kritisk og subjektiv, og ein karakter ville ligge på 3, noko som er langt under kva eg satsar på å få. Men om ein skriv ein tekst, så formar teksten seg sjølv etter kvart som ein skriv, og må bli som den blir.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst