Tolking av Ettermæle
Åse-Marie Nesse blei fødd i 1934 på Jæren, og jobbar som førsteamanuensis i tysk, i tillegg til å vere forfattar. Ho er kanskje mest kjend for gjendiktinga av klassiske tekstar, som til dømes Goethes Faust og dikt av Pablo Lorca. Ho er hovudsakleg dikter, og har motteke både Doblougprisen nå i år, og Bastianprisen i 1967. Diktet Ettermæle er naturlegvis skrive av nettopp Åse-Marie Nesse, og det kjem i frå diktsamlinga Vinterhuset som ho gav ut i 1981. Vinterhuset tok for seg døden og Åse-Marie sitt forhold til mor si, som låg på sjukeheim.
Diktet er delt opp i ni avdelingar. Den første avdelinga har bare to verselinjer, mens dei andre avdelingane har tre verselinjer. Avdeling nummer ein er også den einaste som står i hermeteikn, fordi det er eit sitat. Dette tyder på at denne første avdelinga er forskjellig i frå dei andre, og kan kallast for innleiinga og den første hovuddelen. Resten av avdelingane er bygd opp vekselvis etter det samme mønsteret. Avdeling to, fire, seks og åtte, starter alle på samme viset: ”I avisene”, ”I bøkene”, ”På tavlene”, ”I stjernene”, i tillegg til at dei held fram på samme måten med ”står det om...” i verselinje to og tre. Avdeling tre, fem, sju og ni henger saman med avdelinga før, ved å vise diktaren sine refleksjonar og tanker om saka som nettopp er blitt presentert.
Som mange moderne dikt frå tidleg på åttitalet, har diktet svært lite rim eller rytme. Det er noe bokstavrim som til dømes: ”tar tid til å tenke” og enderim som ”hente og vente”. Disse rima er med på å bygge opp rytmen i diktet, sjølv om rytmen heller ikkje er så sterk. Det er også nytta enjambement i fleire av avdelingane til dømes når ”I avisene” blir på første verselinje og ”står det” kommer på neste. Det som likevel gir den største rytmen, er måten avdelingane vekselvis har lik oppbygging, som eg har påpeika tidlegare. Dette gjer at ein kjenner igjen rytmen den andre, tredje og fjerde gongen ein kjem til dei avdelingane som deler oppbygging med andre avdelingar.
Diktet har heller ikkje mange bilder. Det er eit par, men dette kan på ingen måte samanliknast med dikt frå til dømes romantikken. ”Stjernebok med gullsnitt”, heilt på slutten av diktet, er eit døme på ein metafor og eit av dei få bildene i diktet. Metaforen gir eit bilde av ”den finaste løn” som man kan tenke seg. Den ytre situasjon er ganske tydeleg. Forfattaren reflekterer over verdier som faren har gitt henne i livet, og samanliknar disse verdiane med dei verdiane som samfunnet honorerer og dyrkar fram. Ho prøver og, å sette eit kritisk lys på dei verdiane som ho ikkje ønskjer at skal bli dyrka fram.
Den første avdelinga er innleiinga i diktet. Her varslar forfattaren at diktet har med eit personleg tema å gjere. ”Vi levde nesten femti år i lag og aldri sa han eit vondt ord.” Sitatet, og avdelinga, gir gjennom kor lenge dette forholdet har eksistert, inntrykk av kor personleg emnet ho tek opp er. Dessutan kjem det fram kor glad ho er i denne personen, (i siste delen av avdelinga) gjennom setninga ”...og aldri sa han eit vondt ord."
I den neste avdelinga starter hovuddelen i diktet. Her blir det sagt at ”I avisene står det om styre og tillitsverv råd og komitear”. Stillingar som bare engasjerer ein liten del av befolkninga, men som gir disse menneskene ein publisitet og eit ettermæle som vil hjelpe til at dei blir hugsa, også etter at dei er døde. Slik har samfunnet sine mediaer tydelegvis makt til å klara å få til.
Tredje avdelinga er ein refleksjon til den førre avdelinga. For kven spør om ein mann var mild? Åse-Marie peikar på at det bare blir gjort i frå kvinner og dei umyndige barnebarna. Ikkje av mennene som er i styre og tillitsverv og råd og komitear. Det gjer at refleksjonen kan bli sett som ein kontrast til den førre avdelinga. I fjerde avdelinga er det igjen samme formen som den andre avdelinga. Forskjellen er at det i denne avdelinga blir gjengitt korleis bøkene har makt til å gi ein mann eit ettermæle, dersom han har vore med på heltedådar, som felttog, erobringer eller bragder. Dette viser igjen dei verdiane som samfunnet roser og liker, og som blir referert i historiebøkene. Femte avdelinga blir på lik måte med avdeling tre, ein refleksjon på avdelinga før, for å understreke at sjølv om ein mann lever åtti år på jord, ”stillferdig og fredsæl”, så er dette ei lite spanande historie, som ikkje vil gi noe ettermæle. Man må altså gjøre dei store bragdene for å få samfunnet til å gi deg eit ettermæle som vil bli hugsa.
”På tavlene” starter den sjette avdelinga med, som tek opp at det er ”rekordar, og rundetider, og istider, istider...”. For tredje gongen, tek Nesse nå opp korleis og kva samfunnet dyrkar fram som verdslege rykte. Rykte som vil hjelpa ein til å komme i samfunnets store ”ettermæle-bok”. I sporten – rekorder som kort etter vil bli slått. Gjentakinga som er brukt i siste verselinje, kan også virke som eit bilde. Først blir det tala om å sjå på ”istidene”, til dømes i eit skøyteløp, men med gjentakinga av ”istider” viser forfattaren at det ikkje er den einaste meininga ho har tenkt på. Faktisk er det slik at samfunnet er veldig kaldt, og lite interessert i å trekke fram de positive familieverdiane. De verdiane som gjer oppdraging til alle medlemmer av samfunnet. Den sjuande avdelinga er, ikkje uventa, ”kontrasten” til avdelinga før. For kan hende om ein mann ikkje tar rekord eller vinn medalje, likevel så har faren vore ein super far for Nesse.
At forfattaren i åttande avdeling har valt å gå frå ”I avisene”, ”I bøkene” etc, til ”I stjernene” viser at ho nå vil gå vekk frå samfunnet sine kriterie, ved å gjere perspektivet så mye vidare. For kva som er den viktigaste rolla til ein mann, er det ikkje menneskene og media som har bestemt – det står nemleg skrive i naturen sine egne element, stjernene som har vist oss menneske veg gjennom fleire tusenår. For i stjernene står det skrive at det er viktigare å sigre over seg sjølv og ta alt opp i beste meining, og det er dette faren har gjort, uten å bli lønna i samfunnet med noe ettermæle. Sammen med nest siste avdeling, utgjer den siste avdelinga avslutningen. Oppbygginga er den samme her som i hovuddelen (at avdelinga reflekterer den førre avdelinga). Likevel reflekterer avdelinga, som det blei peika på i førre avsnitt, den utvida horisonten med dei verdiane som samfunnet ikkje oppmodar til. Og nå merkar diktaren, at faren har oppfylt disse viktige verdiane, som i botn gjennom oppdraging bygg opp heile samfunnet. Når Nesse på slutten seier til faren at ”Di livssoga står skriven i ei stjernebok med gullsnitt”, så kan ordet "livssoge" stå som eit symbol på kor stor den tida han levde verkeleg var for ho. Metaforen på slutten gir samtidig uttrykk for at den ettermæle faren har krav på er mye større enn ei normal ettermæle.
Gjennom heile hovuddelen, kjem kontrastane fram mellom dei verdiane som samfunnet oppmodar til, og dei verdiane som forfattaren prissetter. Nesse viser ved å repetere fleire av dei verdiane som blir elska fram i samfunnet, og etterpå stille kritiske spørsmål til disse. Kvifor passar ikkje faren hennar til dei som av ulike grunnar har krav på ettermæle anten dei har vore i avisa eller har gjort ei anna type bragd? Ved å stille disse spørsmåla igjen og igjen på ulike vis, gjer ho oss klar over at disse verdiane som blir elska fram i samfunnet ikkje er for den normale mann. Den normale mann på den andre sida, må regne med å forbli uten eit ettermæle, til tross for at han har oppfylt verdiane som det står om i stjernene. Og det er nettopp disse verdiane ho ønskjer å rosa sin far for i slutten, ved å skrive faren si livssoge med gulsnitt i ei stjernebok. For det er dei myke verdiane, som faren står for, som må til for å oppdra dei kommande generasjonane i samfunnet.
Dette temaet som ho har tatt opp, at ein dyrkar "feil" verdiar i samfunnet, er absolutt aktuelt. Ein høyrer ofte om korleis skolen i dag skal ha ansvar for å oppdra barna, fordi foreldra har viktigare ting å gjere, og at ungdom i dag så ofte får ein gal oppdraging. Dersom ein hadde dyrka nettopp dei verdiane som Nesse her rosar faren for å ha gjort, ville me kanskje spart samfunnet for ei påkjenning som me kanskje vil støyte på ein gong i framtida, fordi me bare har dyrka dei harde verdiane.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst