"Amok" av Finn Øglænd

Bokanmeldelse av novellesamlinga "Amok" av Finn Øglænd.
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2009.01.31
Tema
Amok

Tittel: Amok

Sjanger: Roman

Forlag: Det Norske Samlag

Utgivarår: 2004

 

Forfattar

Forfattaren Finn Øglænd debuterte i 1983 med diktsamlinga Det opplyste landskap. Øglænd har mottatt fleira litterære priser, blant anna for ungdomsboka Dei penaste jentene på TV (2001). I 1998 ble han nominert til både Brageprisen og Norsk litteraturkritikerlags barnebokpris for ungdomsboka Fem dagar, fire netter.

 

Hovudinntrykk

I novellesamlinga Amok gjer Finn Øglænd eit godt forsøk på å gjere lettleste noveller for ungdom. I opningsnovella – som og har gjeve tittel til boka – skriv han om ein unggut som ein dag, etter å ha vore vanleg og skoleflink heile sitt liv, berre går amok. Her reflekterar han over handlingane sine:

Denne reaksjonen gav Stian E. ei kjensle av makt, eller iallfall redusert avmakt. Med andre ord, en meir behageleg reaksjon ...

 

Øglænd vekslar og kjønnsperspektiv på novellene sine, som for eksempel i novella Svart Sol :

– Snakk, Heidi. Snakk, då! Er du blitt sjuk?

Men eg hadde bestemt meg for ikkje å snakke meir. Ikkje til dei, ikkje til nokon. Ikkje fordi eg var sint eller spesielt lei. Eg bare følte meg utanfor. Og det blir også feil, for eg har alltid følt meg utanfor, som om eg var litt eldre og hadde skjøna litt meir enn venninnene mine. Som om eg ikkje heilt tok dei på alvor.

 

– Nå er ho blitt fjern igjen, bruka dei å seie då.

Men dei lo litt av meg. Trudde vel eg var fornærma. Men eg var ikkje fornærma, eg var bare fjern. Og nå var det blitt sterkare. Det vil seie, det var heilt umuleg. Den gongen, på hytta: Eg følte at eg ikkje kunne vere der meir. Ikkje bare på hytta, med venninnene mine, men med folk generelt. Inkludert familien min, altså mor mi og bror min og ei bestemor som snart skal dø. Inkludert skulen. Eg kunne ikkje vere der, eg kunne ikkje lenger late som om eg var til stades og tok dei på alvor. Eg var utanfor, eg var ein alien. Eg kunne ikkje jatte med dei, ikkje late som eg var ei av dei. Det sa bare pang. Ikkje fordi eg ville det slik, ikkje fordi eg hadde bestemt det, det bare skjedde. Eg hadde fått nok. Eg kunne ikkje snakke. Eg skulle gjerne gjort det, for venninnene mine si skuld, for mi eiga lykkes skuld, men eg kunne ikkje.

 

Slik var det altså med meg: Eg kunne ikkje snakke.

 

Sukk: Eg hadde ikkje noko å seie og eg skulle ikkje noko der er setningar som går rett heim hjå meg. OK, eg kunne gjenfortelja heile novella Svart sol – ho er like fin heile vegen (men ein må setje strek ein stad).

 

Jevnt over er Amok en grei novellesamling. Øglænd skriver i et ledig og munnlig nynorsk og i et språk som hører heime i den aldersgruppa han henvendar seg til.

 

SPRÅK OG LAYOUT:

Språket har god flyt, og novellene er lette å lese.
Ingen illustrasjonar.
Nynorsk.

 

ALDERSTRINN:

Noveller for og ungdom. Ungdomstrinnet og oppover.

 

ANDRE OPPLYSNINGER:

greie noveller om ungdom i en vanskelig ungdomstid.

 

<bilde>

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst