"Appelsinpiken" og "Kabalmysteriet" av Jostein Gaarder
Til denne bokrapporten har eg vurdert to bøker, begge er skreve av Jostein Gaarder. Fyst vil eg fortelja litt om forfattaren, før eg tar fatt på dei to bøkene.
Jostein Gaarder vart fødd i Oslo 8. august 1952. Han er ein norsk forfattar og filosof. Han har skrive romanar og noveller, men og ei rekkje bøker for born og ungdom. Best kjent er han nok for filosofi-romanen "Sofies verden", som vart ein bestseljar verda over.
Mor hans, Inger Marie Gaarder, var rektor og barnebokforfattar og far hans, Knut Gaarder var rektor. Den filosofiske interessa vaktes tidlig hos den unge Gaarder og det var mange gonger i oppveksten han stilte spørsmål som ingen kunne svare han på. Jostein vart oppdregen i ein kristen heim, og diskusjonar om kvifor ein trur og kva ein eigentleg trur på, var kvardagskost rundt middagsbordet(hos familien Gaarder). Etter kvart som Jostein ble eldre, diskuterte familien ofte ting som filosofi, religion, politikk og kultur. Da han vart tenåring byrja Jostein å interessere seg meir og meir for spørsmål om livet. Sær interessant syntes han det var dette med at menneskje vert fødde og døyr heile tida, det at vi lever i ein evig sirkel, utan heilt å vite kvifor. Det irriterte han mykje at han ikkje kunne finne noko godt svar på desse spørsmåla. Noko av det som gjorde at Jostein Gaarder utvikla seg til den gode filosofen han er i dag, er at han på same måte som Sokrates, meinte at viktigare enn å finne gode svar, er det å stille gode spørsmål.
Forfattar: Jostein Gaarder
Aschehoug 2003
Sjanger: Ungdomsroman/kjærleiksroman
175 sider
- Om boken
Boken handlar om 15-åringen Georg, som bor saman med mora, stefaren Jørgen og halvsystera Miriam. Georg interesserar seg særleg for astronomi, universet og Hubble-teleskopet. Georgs far, Jan-Olav døydde då Georg berre var 4år gamal. Georg kan ikkje hugse han så godt, men minna vert vekte til live igjen då Georg ein dag får eit langt brev frå faren, skreve kort tid før han døyde. Boka vekslar mellom brevet frå faren og Georg sine tankar kring det, og Georgs eigen historie. Desse historiene viser seg dessutan å ha ein samanheng.
Brevet dreiar seg i hovudsak om ”Appelsinpiken”, ei jente Jan-Olav som ung student møtte på trikken. Han kalla ho ”Appelsinpiken” fordi kvar gong han ser henne, bær ho på ei papirpose full av appelsinar. Jon-Olav blir med eitt betatt av henne, og resten av brevet handlar mest om korleis Jan-Olav si håplause jakt på den mystiske appelsinpiken, førte til hans livs store kjærleik.
Boka byrjar med at slutten. Det vil seie at resten av historia er skreve i retrospektiv. I byrjinga fortel Georg i autoral synsvinkel, altså i eg-form, om faren og om dei nye tankane han har laga seg rundt brevet han allereie har moteke. Deretter fortel Georg om korleis han fekk brevet frå faren. Medan brevet vert lest, er det faren, Jon-Olav som fortel i eg-form. I brevet stiller Jon-Olav Georg fleire store spørsmål. For å svare på desse bestemmer Georg seg for å skrive ein bok der han kan flette faren sitt brev saman med sine eigne svar og tankar. Mot slutten får vi og svar på boken sitt viktige mysterium, kven Appelsinpiken eigentleg er.
- Mine eigene tankar
Appelsinpiken er en tankevekkande roman om det å leve og elske og døy. Dersom ein har lese andre bøker av Jostein Gaarder tidlegare, er det ikkje vanskeleg å sjå kven som har skrive boken. Skrivestilen er den same som i dei andre verka hans. Måten han får kvardagslege ting til å virke nesten magiske, og korleis han på den måten får oss til å sjå kva for ein forunderleg verd vi lever i. Bodskapen Jostein Gaarder vil formidle er umogeleg å unngå, nemleg det at ein bør leva livet medan ein kan, då ein aldri veit når det kan svinna bort.
Forfattaren fanga meg med ein gong, og eg las boka i eitt strekk, ettersom den var umogleg å leggja ifrå seg. Appelsinpiken er skreve som ein ungdomsroman. Den tek opp viktige tema og stiller djupe spørsmål, trur eg at vaksne kan ha vel så mykje gleda av boka. Yngre vil kanskje berre sjå boka for historia sin del, og ikkje klare å ta opp den sterke bodskapen. Men boka si historie er bra nok i seg sjølv og eg vil anbefale boka for alle frå 13 år og oppover. Eg likte boka svært godt, så den får karakter 5 frå meg.
KABALMYSTERIET
Forfattar: Jostein Gaarder
Aschehoug 1990
Sjanger: Ungdomsroman
388 sider
- Om boka
Med ein filosofisk far på slep, reiser Hans Thomas til filosofane sin heimstad på leiting etter mora som han ikkje har sett sida han var fire. På vegen til Athen får Hans Thomas eit forstørringsglas av ein merkeleg dverg, og landsbygda Dorf treff han ein gamal bakar som han får fire bollar av. Inni den eine bollen ligg ei lita bollebok. Boka inneheld ei fantastisk historie som berre kan lesast med hjelp av forstørringsglaset han har fått av dvergen, og berre i all løyndom. I boka får vi møte Frode og Hans som etter å ha overlevd kvart sitt båtforlis, endar opp på ein mystisk øy full av dvergar. Dvergane viser seg å være Frode sin kortstokk som i fantasien hans har gått av hengslane. Dvergane anar ikkje noko om dette, unnateke Jokeren. Når Jokeren fortel dvergane kven dei eigentlig er, byrjar øya å krympe og berre Hans og Jokeren kjem seg frå øya. Denne merkelege historia visar seg så å ha mykje med Hans Thomas å gjere.
Boka byrjar med å skildre hovudpersonane og kvifor dei dreg ut på reisa. Forteljaren er i eg form, det er Hans Thomas som sit heime i Arendal, åtte år etter at alt hendte og skriv ned kva som hendte på turen til Athen. Boka sluttar nokså brått. Vi får ikkje svar på alle mysteria i boka og eg vart rett og slett litt skuffa. I bolleboka er det Albert Klage som har skrive ned alt som skjer. Der er det den bakaren som det handlar om akkurat da som forteljar i eg form.
I denne boka står filosofien veldig sentralt. Faren til Hans Thomas har alltid med eit filosofisk spørsmål på lur. Spørsmåla er de som oftast går igjen i Jostein Gaarders bøker, om kven vi er, og kor vi kjem ifrå. Desse spørsmåla blir ein del av den spennande forteljinga som strekkar seg heilt ifrå Arendal til Athen og fleire generasjonar tilbake i historia. Kabalmysteriet stiller lesaren mange spørsmål og gåter, men dei viktigaste spørsmåla om vår eksistens, står utan svar, og det er veldig opp til lesaren å trekkje eigne konklusjonar.
- Mine eigne tankar
Boka kan i byrjinga virke litt lang og tung, men det er den ikkje i det heile tatt. Boka tek oss med på ein spennande reise gjennom Europa. Den får oss til å tenkje over ting som vi vanlegvis ikkje tenkjer over. Og det er vel kanskje noko av det Jostein Gaarder vil oppnå med boka. Kven vi er og kvar vi kjem frå er
ikkje dei enklaste spørsmåla å finne svar på. Men det er altså ikkje det viktigaste for ein filosof å finne svar, men å stille spørsmåla og kunne resonnere rundt dei.
Boka var utrolig bra, morosam og mystisk på same tid. Aller artigast er det at boka er usannsynleg og sprø. Det at fantasien er så gjennomført gjør at boka vert spennande og man føler med det same ein byrjar å lese at ein vert låst inn i forfattarens eiga verd.
Det er lite som dreg ned i denne boka men det som gjorde at boka ikkje nådde heilt opp var slutten. Etter å ha lese boka sit eg igjen med ein kjensle om at historia manglar eit par sider eller at den ikkje er heilt ferdigskriven. De er som om forfattaren ikkje gadd og skrive meir, og berre stoppa da det passa han. Men elles var boka utroleg bra, og den passer nok best for born ifrå 10 år og oppover. Eg vil gje boka karakteren 5.
Kilder:
Appelsinpiken
Kabalmysteriet
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst