Blind Gudinne

Referat av Anne Holts roman, "Blind Gudinne".
Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Bokmål
Lastet opp
2000.05.18

Anne Holt er født i Larvik i 1958. Ho vokste opp i Lillestrøm og Tromsø, men har sidan 1978 vore bosatt i Oslo. I ei årrekke jobba ho som journalist i NRK Dagsrevyen før ho begynte ved Oslo politikammer i 1988. I 1991 blei ho advokat og i 1994 starta ho si eigen praksis som ho dreiv fram til ho ble utnevnt til justisminister i Jagland-regjeringa. Ho måtte trekke seg i begynnelsen av 1997 grunna sykdom.

 

I boka Blind Gudinne set ho søkelyset på narkotikaomsetninga og det kriminelle miljøet rundt.

 

Boka starter med den vellykka forretningsadvokaten Karen Borg som er ute på ein roleg luftetur med hunden sin. Det visar seg at denna turen skal bli alt anna enn roleg. Langs med Akerselva finn ho nemlig eit lik. Det visar seg å være ein mann av lågare rang i narkotikahiearkiet.

 

Politibetjent Hanne Wilhelmsen og politiadjutant Håkon Sand blir satt på saka. Det går ikkje lange tida før ein yngre mann tilstår drapet og Wilhelmsen og Sand trur saka snart er løyst. Men det er naturlegvis mykje meir komplisert enn som så. Mannens advokat, Olsen, blir også likvidert. Etter ein gjennomgang av kontoret til Olsen finn Wilhelmsen eit notat med ein bokkode, utan at dette tilfører etterforskninga noko meir.

 

Nokre dagar seinare blir Wilhelmsen slått ned på kontoret sitt og eit papir kor Wilhelmsen har notater om Borgs kjennskap til saka forsvinn. Der står det blant anna at Borg truleg veit meir om saka enn det ho har fortalt Wilhelmsen og Sand.

 

Dei kjem på sporet etter ein kar ved navn Jørgen Lavik. Men Lavik har ikkje noko interessant å fortelje.

 

Etter videre gransking kjem dei på sporet etter ein bruktbilselgar. Roger. I butikken hans finn dei ei notisblokk kor fleire personar er nemt, blant anna Lavik. Lavik og Roger blir arrestert, men løyslatt etter ei stund grunna manglande bevis. Wilhelmsen er fortsatt fast bestemt på at dei to karane spiller ein viktig rolle i narkotikaligaen og bestemmer seg for å halde Lavik under oppsikt.

 

Lavik er klar over at Karen Borg veit for mykje om saka og bestemmer seg for å drepe hennar. Han oppsøker Borg og tenner på hyttar hennar kor ho opphalder seg. Da hytta står i lys lue kjem Wilhelmsen og Sand som da blir vitne til ein slåsskamp mellom Lavik og Adv. Strup. Denne slåsskampen visar seg å få eit dødeleg utfall for Lavik da Strup skyt han i sjølvforsvar. Inne i den brennande hytta finn dei Karen Borg i bevistløys tilstand.

 

Etter denne episoden møter Wilhelmsen og Sand opp på justisministerens kontor for å avgi rapport om saken. Det er da Sand oppdagar eit spor som vil bety mykje for saka. I statssekretærens bokhylle finn han bøker med bokkoder som samsvarar med kodene dei fann på Adv. Olsens kontor.

 

Nå oppdagar dei koblinga og skjønar at bokkodene er koder som fortel om narkotikaleveranser.

 

Det begynner nå å bli litt meir fart i saksgangen og Wilhelmsen og Sand får eit tips om kor dei kan finne dokumentet som avslører ligaen som ledes av fleire samfunnstoppar. Blant anna statssekretæren.

 

Saka kan nå avsluttas.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst