Erasmus Montanus
1)
Rasmus Berg er opprinneleg ein heilt alminneleg gut som kjem frå ein velståande og høgt respektert bondefamilie. Han drar i sine unge dagar til København for å studere. Når han kjem heim att viser det seg at guten er svært forandra, og ikkje til det betre. Han oppfører seg overlegent ovanfor alle, til og med familien. Han godtek ikkje ein gong at broren hans, Jacob, kallar han for bror. Nei, han vil bli kalla Monsør Erasmus Montanus, som det så fint heiter på latin. Sjølv brevet han skreiv til foreldra om heimkomsten, var skreve på latin. Med all sin nye lærdom føler han seg for god til å prate med ”vanlege” folk. Han er mest opptatt med å disputere om all verdas nye oppdagingar, slik som at jorda er rund og kor langt det er frå jorda til månen. Han er også enormt sta, han gir seg ikkje på det han meiner eller veit er rett, uansett kva det står om. Han håner alle dei andre som ikkje har peiling på noko anna enn jordbruk og slike unyttige ting. Men den einaste som verkeleg bryr seg om all denne nye lærdommen, er eigentleg han sjølv. Når det gjeld logisk tenking og praktisk arbeid, rekker ikkje desse kunnskapane langt. Han er blitt ein skikkeleg åndssnobb; han finn tryggleik og lykke i å overøse folk med fascinerande oppdagingar og latinske gloser. Sjølvsagt er det ingen andre i verda som er like kunnskapsrik og klok som han! Men når det kjem til sosial forståing av andre menneske, hjelper ikkje kunnskapane hans stort. Ingen forstår det han legger fram, og han blir sett på som en lærd ”tulling”. Han ofrar til og med sin kjærleik til Lisbet ved å stå på sin meining, om at jorda er rund og ikkje flat. Hans viten om samfunnet er svært liten, det einaste han bryr seg om er å få meir kunnskap om all verdas fenomen. Men han er ikkje særleg smart. Det meste han veit, har han nok pugga seg til gjennom endelause timar med hovudet fordjupa i tjukke bøker. Men på slutten ser vi at han må gi tapt og be om tilgjeving for sine uttalelser. Dette viser at han kanskje ikkje er like sterk likevel når alt kommer til alt…
Bror til Rasmus, Jacob, er derimot meir praktisk anlagt og veit masse om gardsdrift og ting han får bruk for. Han verker også smartare enn Rasmus, når alt kjem til alt. Han har potensiale til å bli kva han vil, hadde han bare vært interessert. Men han liker seg godt heime på garden, kor han hjelper foreldra med den daglege drifta. Han veit at foreldra treng han, særleg nå når Rasmus ikkje lenger bur heime og kan hjelpe til. Han er kjent blant bebuarane i staden som ein klok og hyggeleg gut. Han er ikkje opptatt av å vise kor mykje visere han er enn alle andre. Han har sine eigne meiningar og tankar om det meste, men seljer dei gjerne for ein skillingsbolle. Dette viser jo at han er sikker på seg sjølv og ikkje treng bevise noko for folk.
2)
Komedien utspiller seg i eit lite samfunn som blir kalla Bjerget i Danmark. Her er det Degnen som er byens lærde mann og alle har stor respekt for ham. Familien Berg, som den velståande og høgt respekterte familien dei er, er godt likt blant byens borgarar. Det er eit enkelt samfunn, kor næringa stort sett er basert på jordbruk. Det er ikkje vanleg at folk drar vekk for å studere, så folk er svært så nysgjerrige på korleis det har gått med Rasmus. Men status og visdom ser ikkje ut til å gi så høy status i dette miljøet, dei blir i alle fall ikkje imponert over Rasmus’ kunnskapar. Her er det viktigare å være hyggeleg mot sine medborgarar, vise forståing og respekt. Elles er ikkje miljøet så mykje skildra, så det spelar ikkje nokon stor, viktig rolle i komedien.
3)
Rasmus Berg, son av bonden Jeppe Berg og hans frue Nille, drar til København for å studere. Foreldrene er svært så stolte av Rasmus, og legger ikkje skjul på det for venner og bekjente. Ein dag får Jeppe eit brev frå Rasmus, med melding om hans heimkomst. Dette brevet er skreve på latin, så degnen må hjelpe til å oversette. Alle er svært så spente på å treffe Rasmus og sjå korleis bylivet har fart med han. Men den Rasmus dei får sjå, er ein overlegen og arrogant ung åndssnobb, som berre er opptatt av å vise all sin store kunnskap. Han kjem fort på kant med flesteparten av folket på Bjerget, og ser ikkje ut til å bli noko særleg godt likt, med god grunn. For å sjå kva han duger til, lurer løytnanten og riksfogden han til å bli soldat. Dette er heilt ukjent for Rasmus, han er ikkje vand med fysiske utskeielsar. Han taklar det heller dårleg, han er blitt for doven og lat til slikt fysisk arbeid. Han syter og klager og ber om tilgjeving til sin svigerfar, Jeronimus, som er en mektig og rik mann. Da han omsider har gjort opp for alt han har sagt, tilgjev Jeronimus han og får løytnanten til å frigje Rasmus frå soldattjenesta. Ved å trekke tilbake uttalelsen om at jorda var rund, får han da også tillating til å gifte seg med Jeronimus’ dotter, Lisbet.
4)
Eg meiner temaet i komedien er at du ikkje skal setje deg sjølv høyare enn andre, sjølv om du kanskje har større kunnskapar og er ein såkalla ”lærd mann”. Du er ikkje noko betre menneske for det.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst