"Harry Potter og Ildbegeret" (J.K. Rowling)

Bokreferat til "Harry Potter og Ildbegeret".

Sjanger
Anmeldelse (bok, film...)
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2003.02.16

”Humlesnurr sjekket at døra var lukket, og at Madam Pomfits skritt hadde dødd bort før han sa noe mer. –Nå er tida inne til at to av oss lærer hverandre å kjenne slik de er, sa han, Sirius, kanskje du vil ta igjen din vanlige skikkelse. Den store, svarte hunden kikket opp på ham – og med ett forvandlet den seg til en mann. Fru Wiltersen skrek til og rykket tilbake fra senga.”

Utsnitt fra det 36. kapittelet, ”Veiene skilles”.

 

Boka handlar om den unge trollmannen Harry Potter. Denne sommaren reiser Harry på rumpeldunk cup med vennene sine, Hermine og Ronny. Det er då dei fyrste teikna til noko mystisk skjer, Mørkets merke blir manet frem. Ellers er det eit juleball, ein trollmannsturnering som ikkje går heilt etter planen, gjenforeining for Harry og hans gudfar, den uskyldige massemordaren Sirius Svaart. I tillegg så blir Fyrst Voldremort til ein heil, enkel person igjen. Synd at boka ikkje er sann, og at den heller ikkje kan vere sann. Det er ei spanande bok, som ikkje gjer anna enn å forhekse ein.

 

”Harry Potter og Ildbegeret” er i fjerde bok i serien om trollmannen Harry Potter, og bøkene er skrevet av Joana Kathleen Rowling. Har lest alle fire bøkene, som er utgitt, på norsk, og ei av dei på engelsk, og kunne gjerne tenke meg å lese resten av serien, når de er utgitt. Grunnen til at eg leste ”Harry Potter og Ildbegeret” er fordi at eg hadde lest alle de andre bøkene, og ville vite korleis det gjekk vidare med den unge trollmannen utan foreldre eller sysken.

 

Hovudpersonen er Harry Potter, som er 14 år, og utan foreldre og sysken. Han bur hos de einaste slektningane sine, Onkel Wiktor, tante Petunia og fetter Dudleif. Han har viljestyrke, mot og beviser at han er ein god venn. Foreldra hans blei drepen av Fyrst Voldremort når han var liten, og det er derfor Harry er så berømt i trolldomsverden.

 

Vennene hans er Hermine Grang og Ronny Wiltersen, som går i klassen hans. Hermine er eit skikkeleg skulenerd med bustehår, og vil heller dø enn å bli utvist. Men sjølv på grunn av det, så har ho blitt med på litt av kvart som dei to gutane har funnet på. Begge foreldra til Hermine er ”gomper”, altså umagiske menneskjer. Ronny er ein raudhåra gut frå ein fattig, stor trolldomsfamilie. Går som regel alltid med nedarva skuleuniform.

 

Boka er på ca. 650 sider, med litt lange kapittel, og utan nokon form for register (viss du ikkje reknar med innhalds forteikninga, då).

Boka passar for personar i alle aldrar og begge kjønn. Kanskje personar som er spesielt interessert i trolldom og heksekunst kan dra nytte av å lese denne serien? Eller nokon som aldri har møtt på foreldra sine?

Spørsmålet om eg har lært noko er ein annan sak. Hugsar svært lite frå denne boka, men sånn reint generelt så lærer vel de fleste litt om England (London spesielt), trolldom, og om at det kan gå greitt å måtte klare seg sjølve, med hjelp frå nokre venner.

 

Grunnen til at eg synest at boka er morosam, er kanskje fordi at eg ofte kan kjenne meg igjen i det som skjer med Harry (krangel og uvennskap med venner, forelsking i nokon som er ”umogleg” å bli kjæraste med, ingen sysken, briller, viljestyrke, mot, ja, det var det meste). Eg las boka nokså fort, og eg vil rå alle interesserte (spesielt heksekunst interesserte, eller andre snåle folk), uansett kva kjønn og alder, å lese denne boka.

Handlinga er i vår moderne verden, i England. Kvar bok strekker seg over eit skuleår, frå juli/august det eine året, til juni/juli neste år. Ho hoppar av og til i tid.

 

Boka ender med at trettollmanns deltakarane og deira skular reiser heim, og at Harry får sagt ha det til Sirius. Grunnen til at eg likte slutten, er kanskje fordi at på ein måte, så er den litt trist, i motsetning til de andre bøkene, synest eg i alle fall.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst