Markens Grøde
Boka handler om Isak Sellanrå, ein stor og kraftig mann med rødt skjegg og ein svær kropp. Isak ryddar mark oppe i skogen, milevis frå folk og den vesle bygda som ligg nedanfor. Isak søker kvinnfolkhjelp og etter ei stund kjem Ingrid. Ingrid kjem i frå den andre sia av fjella. Ho har hareskår og er ikkje så vakker. Etter ei stund kjem dei godt overeins. Ingrid er svært hjelpsam og kjem med dei rikdommane ho har i frå sett folk.
Han Isak bygg og bygg. Han bryt mark, får seg sauar, kyr og tel og med hest. Han bygg stue, fjøs og fleire andre bygningar. Han er full av energi og garden blir berre større og større. Ingrid og Isak får barn saman. Det første barnet drep Ingrid fordi barnet har hareskår og Ingrid vil ikkje at det skal gjennomgå det same som ho har gjennomgått. Ho gravlegg barnet i skogen. Isak får ikkje vite dette før seinar og da fortel Ingrid at ho Oline, ei kone i frå det gamle folket, hadde sendt bud på ein same som hadde komme og vist Ingrid ein hare. Dette bragte ulykke og førte tel at ungen hennar fekk hareskår, meinte ho Ingrid.
Etter ei stund kom lensmannen opp i bygda og fant ut at ho Ingrid hadde drepe ungen. Ingrid blei dømd til 8 års fengsel. Saken blei langvarig og før ho drog tel fengselet, fikk ho 2 ungar tel, nemleg han Eleseus og han Sivert. I fengslet får ho enda eit barn, ho Leopoldine. Medan Ingrid er i fengsel, ryddar Isak meir mark og bygg fleire bygg. Det kjem også fleire bruk oppe i skogen som skal prøve samme lykka som han Isak. Måneland der han Aksel Strøm bor, og ein annan litt lengre ned der han Brede Olsen og kona hans bor. Eit av barna tel han Brede heiter Barbro. Ho begynn å arbeide hos han Aksel Strøm på Måneland fordi han treng hjelp. Dei får også barn saman, men ho drep det og får eitt års straff.Etter ca. 8 år kjem ho Ingrid og ho Leopoldine tilbake frå Trondheim der dei har sote i fengsel. Men dei har fått ei mild straff, og han Geissler har hjulpe dei. Han Geissler var lensmannen som hadde blitt venn med Isak oppe i fjella. Han Isak måtte nemleg kjøpe gården frå staten og han Geissler hadde hjulpe han. I gjennom heile boka hjelp han Geissler han Isak og folka hans. Han ordnet det slik at Isak tjente gode pengar på å kjøpe fjella og før så å selje dei igjen tel svenske gruvearbeidarar, og han hjalp tel med gården. Som sagt var ho Ingrid komme heim og det vanlege livet fortsette. Ho hadde fått sydd sammen hareskåret og var mykje finare no. Livet var bra og ho Ingrid sydde klær og ho Leopoldine hjalp tel. Seinare fikk han Isak og ho Ingrid eit barn tel som også var velskapt, nemleg ho Rebekka. Etter alt dette var han Isak og familien svært rik og klarte seg godt. Barna gjekk på skole og lærte seg å lese.
Bygda vokste og fleire bruk kom til oppe i skogen, men det var han Isak som var sjefen, det var han som starta det heile, og det var han som hadde meist pengar.Oppe i fjella var det mykje aktivitet for ei stund og han Geissler segla etter kvart sin andel. P.g.a. all denne aktiviteten bygde han Aronsen ein gården, som blei kalla Storborg. Han hadde ein assistent som heiter Andersen. Dei solgte mykje tel gruvefolket, men etter ei stund gjekk salet ned og han Aronsen flytta over fjella til ei anna bygd. Han Isak kjøpte da Storborg som han gir tel han Eleseus slik at han kan jobbe der. Men etter nokon år drog han Eleseus til USA for å prøve lykka der. Da tek han Andersen over. Han Sivert er meir av ein gardsgut enn han Eleseus og hjelper han Isak, som har blitt litt sliten opp i gjennom åra. Han Sivert blei forelska i ho Jensine, som er tjenestepika tel han Isak og ho Ingrid.Tel slutt i boka går alt sin gang, både opp og ned, og alle leve vidare. Frå å bare ha ei ku og nokon sauar har nu han Isak femten kyr og fem og førti småfe pluss mange andre rikdommar. Og nu er det ti gardar i skogen.Kort sagt er boka ei forteljing om livets gong og folks måte å klare seg på. Men også om dei problema og opplevingar dei hadde på den tida. Isak som Hamsun søker vekk frå sivilisasjonen.Boka er eit læredikt om jordbruket og Isak øver ein gjerning som er uunnverleg, et arbeid som ikkje bare er skapt av det elementære livsbehov, men som rører ved selve livsmysteriet.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst