Burde innvandrere få komme til Norge?

Teksten handler om innvandrings politikken, og integreringa til innvandringa i Norge.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2021.05.05
Tema

Innvandring har gjort Noreg meir mangfaldig. Det er mange usemjer når det kjem til innvandring. Høgre sidan dei vil ha mindre innvandringar, medan venstre sidan vil ha meir human innvandringspolitikk, altså at dei som treng å komma til Noreg kan det men om du ikkje har behov for det så har du heller ikkje behov for å vera i Noreg.

Innvandring kan både vera positivt og negativt for Noreg. Eg er veldig samd med arbeidarpartiet når det gjeld innvandring. Eg meiner at Noreg skal kunna ta i mot innvandrarar, men dei som treng det mest hjelp skal prioriterast først, for det er eit moralsk ansvar å hjelpa folk i nød. Og i tillegg så har mange innvandrarar god utdanning som kan tilføra samfunnet god kunnskap og som kan bidra til å dekka mangel på arbeidskraft. Men likevel så kan Noreg tapa på det. Mange av innvandrarane som kjem til Noreg bidrar ikkje med noko som helst, dei betaler ikkje skatt og jobbar ikkje. Og bruker heller velferdsstaten for å få pengar og gode, og med det så taper Noreg masse pengar. 

Arbeidarpartiet ønsker rettferdig, streng og human flyktningpolitikk. Dei meiner at for å vareta asylinstituttet så må vi gi vern til dei som har behov for det, og til dei som ikkje har behov for det må returnerast snarast, her er KRF, venstre og MDG samde. Mens FRP vil avvikla dagens asylinstitutt og innføra eit betre system. Dei ønsker at flyktningar skal søka asyl i sitt nærområde, i staden for å komma til Noreg, og flyktningane som blir redda i Middelhavet skal transporterast tilbake til landet dei kom frå, her er høgre ganske samd. Rødt vil at «Flyktningar og asylsøkarar skal møtast med respekt og omsorg. Raudt vil verna retten til å røra seg fritt over grenser for å søka vern.» (raudt).

Eg meiner at Noreg har både kapasitet og råd til å ta i mot innvandrarar. I tida framover så vil Arbeidarpartiet at asylsøkere skal kunne vises til trygge land i og utenfor Europa, så lenge behovene deres for vern blir godt varetatt» (rødt). Dei vil òg at familiar med barn ikkje skal plasserast på asylmottak, men heller på desentraliserte mottak slik at dei kan leva eit meir normal liv medan dei ventar på integrering i Noreg eller retur til heimlandet sitt. Arbeidarpartiet ser på innvandring som positivt. Utveksling av erfaringar, kunnskapar, kulturar og arbeidskraft er ein styrke for Noreg. Det har òg gitt oss meir kunnskapar og erfaringar med andre religionar og kulturar.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst