Hjartets språk
I bilen, på jobben, på fest, i kyrka, på tv, på radio – overalt er vi omringa av musikk. Musikk er ein del av kvardagen til dei aller fleste menneska i verden. Sjølv om den uttrykkast i forskjellige former og med forskjellige instrument, så er den overalt eit viktig uttrykk for følingar. Musikk betyr utrolig mykje i mange menneskas liv både som uttrykksmeddel og som underhaldning. Rytmar og lyder er forståelige for menneskjer frå alle slags land og kulturar, uavhengig av kva slags språk dei snakkar.
Musikk er absolutt ikkje eit moderne fenomen. Så lenge det har vere menneske, så har det vært musikk. I middelalderen besto musikken for det meste av religiøs song og orgelmusikk. Musikken skulle være enkel og fungere som eit bakteppe i religiøse tilstellingar. Synging var berre tillat for menn, aller helst opplærte kloster kor guter. I Renessansen blei musikken stadig meir kunstnarisk og melodiøs. Det var framleis berre guter som song i kor, mange av dei var såkalla kastratsangre. Det var unge gutar som hadde blitt kastrert før dei kom i stemmeskifte, for at dei skulle behalde sin lyse stemme. På 1600-talet, barokken, blei det vanleg å bruke instrumenter. Store orkester som spilte pompøse, dramatiske og svulmande musikk var det populære i denne perioden. Mange kjente komponistar levde i denne perioden, deriblant Johan Sebastian Bach og Antonio Vivaldi. I den neste perioden, klassisismen, var musikken dominert av to andre store komponistar; Mozart og Beethoven. Disse har skrevet ein rekke udødelege verk, som også i dag er utrolig populære. I moderne tid har musikken utviklet seg i rasande fart. Nye sjangrar har blitt til og nye instrument har blitt tatt i bruk. Frå 50-tallets rock`n roll, 80-talets elektroniske pop og 90-talets rap og hip-hop til vår tids unike blanding av ulike sjangrar. Musikken forandrast kontinuerlig. I dei siste tiåra har musikk og film fått stadig tettare band. Filmmusikken er ein viktig del av vår kinooppleving. Ved hjelp av ulike former for musikk, skapast stemningar, understrekes følingar og byggast det opp spenning. Det er også vanlig å gi ut ein plate med lydsporet til filmen, det vil si dei songane som blei brukt. Noe som først starta på 80-talet, og som sida har voksi seg større og større er musikkvideoen. Når ein artist gir ut ein ny song, så kjem det vanlegvis ein video i tillegg. Her får artisten verkelig vist seg frem og understreket imaget sitt. Ein annan ting som er blitt populær i moderne tid, er program som idol og melodi grand prix, der fleire artistar konkurrerer om å synge best og vinne publikums hjarter. Kvaliteten på musikken er ikkje alltid så god, men underhaldningsverdien er så absolutt på topp.
Det finnes mange ulike former for musikk. Det kan være song, instrumenter eller rytmar laget av elektrisk datautstyr. Det finnes ingen regler når det gjelder korleis musikk skal være. Som eit resultat av dette har vi ei uendelig mengde sjangrar. Rock, pop, rap og gospel er bare noen få av dei mange typane musikk vi har. Ein av dei aller største sjangrane er klassisk musikk. Klassisk musikk spilles av store orkester, beståande av både strykarar, slaginstrument og messing spillarar. Stykka som spilles er ofte skrevet av store, berømte komponistar frå 1600-1800- talla. Klassisk musikk er veldig følingsladd, og uttrykker mykje sjølv om den er utan nokon som helst form for song. Tilsetter man song, får man sjangeren opera. Ein opera er eit musikalsk drama der songarar akkompagnert av eit orkester spillar ein historie. Songarane får ulike roller ettersom kor på skalaen stemmen deira ligger. Før var musikken ein måte å fortelje historier, vidareføre tradisjonar og dele livsvisdom på. Men i dag har det blitt meir eller mindre ein stor pengemaskin. Utsjåande betyr stadig meir, og artistane brukar ofte meir pengar og tid på å sjå bra ut i musikkvideoen sin, enn på å skrive bra songar eller komponere ny musikk. Dette gjelder sjølvsagd ikkje for alle artistar, mange av dei bruker framleis musikken som et middel for å uttrykke kjærleik, sorg, glede, drømmer og håp. Det temaet som det har blitt sunge og spilt desidert mest om i alle tider, er følinga over alle følingar, nemlig kjærleiken. Det verker som om kjærleiken er ein utømmelig inspirasjonsskilde for musikarar. Dette visar igjen kor følingsladd musikk kan vere.
Musikk er ikkje bare ein kunstform, men også ein av viktigaste måtane for menneskjer å få uttrykt sine følingar på. Musikk kan gi energi på ein hard treningsøkt, sette den rette stemninga på ein romantisk middag eller gi trøst når man føler seg nedfor. Derfor er også musikken ein viktig del av dei fleste store og små hendingar i liva våre. I kyrka spilles det salmar ved gravleggingar og brudemarsj ved bryllaup , på fest spilles det glad songar som man lett kan danse til, på julaftan synger vi julesongar og på 17.mai stemmer alle nordmenn høgtidelig i ”Ja, vi elskar..”. Musikken er eit kulturfenomen som verker samlende på menneskjer. Det er fort gjort å sette menneskjer i båsar etter kva slags musikksmak dei har. Dette har sammeinheng med at ein musikk sjanger ofte har tilknytingar til ein spesiell livsstil og eit karakteristisk utsjåande. Eit framtredande eksempel på dette er dei menneska som liker å høre på black metal og hard rock. Mange av dei har svart hår, svarte klede med naglar og svart neglelakk. Dette utsjåande forbindast med disse musikk sjangrane, og for mange menneskjer er musikken ein del av deira identitet. Det er jo også slik at vår musikksmak forandrast opp gjennom årene. Det førekommer veldig sjaldent at ein 14 –åring og ein 90-åring høyrer på same type musikk. Dette har sammeinheng med livsstil og kultur. Ein 90-åring går ikkje på diskotek og er derfor ikkje interessert i å høre på techno musikk, men velgar i staden roligare songar. På grunn av at kvert menneske er unikt, og har spesielle ønskjar, behov og interesser, så vil det alltid være mange ulike former for musikk. Derfor kan vi heller ikkje si at ein type musikk er betre enn andre.
Musikken har ein viktig plass også i mitt liv. Eg høyrar på musikk kvar einaste dag mens eg eter frukost, når eg går til skulen og når eg kjem heim igjen på ettermiddagen, så er det fyrste eg gjer å slå på radioen. Eg klarar rett og slett ikkje å leve utan musikk! Eg er ikkje spesielt kresen når det gjelder sjangrar, men aller helst høyrar eg på pop og rock songar. Hovudsakelig så kjem musikksmaken min helt ann på humøret og situasjonen eg er i. Om eg har hatt ein tung dag og følar meg litt trist, så sett eg på ein roleg, trøstande låt, det får meg alltid til å føle meg mykje betre. På laurdag kveld når eg skal på fest, er derimot songvalet helt annleis; då høyrar eg på fengande, gladlåtar som får meg i riktig feststemning og gjer meg masse energi. Eg sjølvmedisinarar meg sjølv med musikk, for å seie det slik. Ein annan ting som eg elskar når eg høyrar på musikk, er alle dei minna som ein song kan vekkje. Om eg for eksempel settar på ein sommar hit, og lukkar augo, så er det nesten som om eg er der på stranda igjen. Men av og til, synes eg at det kan bli for mange lyder og for mykje støy. Då er det godt å kunne slå av radioen, gå ut i naturen og nyte stillheita, berre avbrott av vindens susing og fuglanes kvitring.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst