Kroppsfiksering
I samfunnet i dag, har dei fleste råd til å ete seg gode og mette, men likevel vel mange unge jenter å svelte seg i hel, og av og til endar dette med døden. For nokon år sidan var denne forma for ete forstyrringar eit uvanleg problem, men no er det blitt forandra til ein del av kvardagen til mange. Kvifor?
Det er over 120.000 menneskjer i Noreg som har ete forstyrringar. 90% er kvinner. Derfor tar eg for meg spesielt kvinner når eg skriv om dette temaet. Det finst to forskjellige ete forstyrringar. Anoreksi og Bulimi. Anoreksi er å avgrensa inntak av mat, og kor mykje du et. Nokon held på maten, medan andre kastar han opp. Jo tynnare du vert, dess tjukkare trur du at du er. Dei fleste som har anoreksi utviklar dette i tenåra. Bulimi er å ete masse feit mat på ein gong, og så kaste det opp igjen. Dei ete for å drukne sinne, frykt, depresjon eller liknande problem. I løpet av denne prosessen gløymer dei alt anna enn maten, og vert fri frå alle vonde tankar eller følelsar. Å kaste opp etterpå er ein følelse av fridom. Det er den viktigaste grunnen til dei som over et. Desse sjukdomane byrjar som oftast med at ein vil gå ned i vekt. Etter kvart vert det ein vane og ikkje ete. Tilslutt utviklar dei ein tankegang som treng profesjonell hjelp til å forandrast.
Å trena har jo alltid vore ein viktig ting i livet til dei fleste, det å halda seg i form, eller rett og slett berre for moro skyld. Til og med i romertida dreiv dei på med allslags idrettar. Men no trenar folk berre for å få den perfekte kropp. Me må tenkja på konsekvensane, og stilla oss spørsmålet ”er vekta viktigare enn sjølve livet?”. Dette spørsmålet var det ein tv vert som for mange herrens år sidan sa. Og eg trur han hadde eit poeng. Skal me fortsetta og leva i ein verden kor det berre er kroppen som er prioritert, eller skal me setja pris på det me har og leva livet fullt ut?
Eg trur at problemet ligg i media. Kvar dag ser me syltynne modellar og veltrente filmstjerner anten på tv eller i magasin. Me får inntrykk av at det er slik me skal sjå ut, og oppføre oss. Me får ei slags vrangstilling av korleis me eigentleg skal vere, og i nokon tilfeller utviklar me fysiske eller psykiske problem som kan få fatale konsekvensar. Slik som anoreksi og bulimi. Eg tenkjer, viss barbie hadde vore eit levande menneske, hadde ho krabba rundt på alle fire fordi ho hadde vore for tynn til å kunne gå! Dette viser at idealkroppen påverkar ikkje berre vaksne, men også små ungar. Samfunnet i dag er på veg inn i ein vond sirkel der ingenting anna enn den perfekte kropp tel. Me må sette ned foten, å stoppe denne unødvendige tankegangen!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst