Mobilens rolle i dag
I dag finnar du nesten ikkje ein einaste ungdom som ikkje har mobiltelefon. Det vesle massefunksjonsapparatet har blitt allemannseige, og brukast kvar dag av millionar av menneskjer verden over.
Mobiltelefonen hjelper oss å ha kontakt med kvarandre på alle mulige slags måtar. Den gjer at folk kan få tak i deg kor enn du skulle vere, og gjer det enklare for oss å skaffe oss nye venner. Tør vi ikkje ringe kan vi rett og slett sende ei melding. Den hjelper oss å vere sosial.
Eller gjør den eigentleg det? Kanskje den har gjort oss meir usosial og avgrensa enn nokosinne? Snart kjenner vi vennene våre bare gjennom tekstmeldingar. Trenger vi verkelig denne elektroniske tingen for å ha kontakt med venner og familie? Sjølvsagt når det gjelder de som bor langt borte, men eg synes vi bruker den meir enn nødvendig. Synes folk det passer seg i sosiale hendingar å sitte å prate i telefonen eller skrive meldingar? På fester, i bryllaup og selskap. Burde man ikkje skru den av og heller fokusere på å ha kontakt med folka som er fysisk tilstede?
Mobilen fortsettar å utvikle seg hele tida med fleire funksjoner, tøffere utsende, større minne og betre bildekvalitet. Telefonselskapa har tent seg styrtrike, og konkurrerer heile tida om kven som har flest medlemmar. Man hører stadig vekk om de nye tilboda deira for å lokke til seg fleire kundar. Aldri har vi brukt så mye pengar på mobilen som nå.
Eg har hatt 6 telefonar, og eg e berre 15 år! Har alltid mast på foreldra mine etter å få den nyaste modellen. De gamle har eg kasta, utan at det i det hele tatt har vært noe galt med de. Kven vil vel ha ein gammal Nokia? Eg har hatt både Telenor, NetCom og Tele2. Eg har hatt både kontantkort og abonnement. Muligheitene er mange.
I blader og på TV kan man ofte sjå reklamar der man kan bestille MMS, bakgrunnar, ringetonar, osv. Det seies at mobilen reflekterer eigarens personlegdom. Dei kan høre på ringetonen din korleis du oppførar deg. Hørt noe så dumt? Dette gjør det til eit press, spesielt for de litt yngre, å vere kul og ha det nyaste på mobilen. Disse tengene kostar opptil 40 kr stk og ender med store telefonrekningar til foreldra.
Mobilen hjelper ikkje bare folk å holde kontakten med kvarandre, men misbrukast også i høyste grad. Mobbing over mobilen har blitt et kjent problem i dag. Med ein mobiltelefon er det mulig å ta opp samtaler og vise til andre. Frivillig eller ufrivillig. Det har også skjedd fleire gangar at skoleelevar har blitt teken bildar av i dusjen eller garderoben av medelevar som har lagt det ut på nett. De fleste har jo kamera på mobilen, og det er jo ingen problem å få sneka til seg et bilde. I dag er det ikkje lov å ha mobilen påskrudd i skoletida, men er det noen som sjekkar mobilen din kanskje? Med mindre den ringer i timen er det ingen som veit om det.
Mobilen kan også brukast til å jukse med. På prøvar og tentamenar kan du bare gå på do med mobiltelefonen i lomma for å så å ta ein kjapp samtale. Blir vakta med deg inn på doet kanskje? Det er ingen problem. Det er sikkert ikkje så mange som gjer seg bruk av det, men muligheita er der.
Telefonterror har vi vel alle opplevd ein gang i blant, og kanskje til og med vært med på. Du kan trykka på noka enkle knappar så har du skjult nr ved neste samtale. Dette hjelpar telefonterroren på god vei. Trur du folk hadde ringt tull og komma med truslar over telefonen viss mottakaren kunne sjå kven som ringte? Neppe.
Leger og forskarar meiner at strålinga som oppstår når man ringer og sender SMS, er kreftframkallande. Det er ikkje bevist, men vi vet at stråling skader cellene. De anbefaler derfor å bruke mobilen mindre og skru den av når vi ikkje trenger den, eller når vi søv.
Sjølv meiner eg mobilen kan vere utruleg nyttig, men alt med måte. Det er mye overbruk og misbruk ute og går, alt avhenger av kven eigaren er. Kanskje skulle det vært meir straffbart med telefonterror og telefonmobbing. Kanskje skulle det vært strengare regler for kor og når man må ha mobilen avslått. Og kanskje burde folk styre bruken sin litt meir, og heller være sosial på andre måtar. Men det er ingen tvil om at mobiltelefonen har komma for å bli.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst