Personligdomen vår - Kva skaper den?

 

Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.10.11

Etter Freuds teori kan personligdomen delast inn i tre grupper. ”Det” identiteten til ein person. ”Eg” som er egoet til ein person, og ”over eg” som er super- egoet på dagligtalen blir kalla for samvittigheita til ein person. Dette viser helt tydeleg at ein personligdom til ein person, ikkje er enkelt samansett, men består av mange ulike deler, med kvar sin funksjon. I denne oppgåva vil eg ta opp det som er med å påverke personligdomen som heilskap. Personligdom kan også definerast som ein måte å tenkje, føle og handla på i ein rekkje ulike situasjonar over ein lengre tidsperiode.

 

Viss vi ser på samfunnet i dag, består dette av veldig mange faktorar som på ulikt vis er med på å påverke mennesket. Desse gruppene blir veldig ofte kalla for sosiale institusjonar. Eksemplar på dette kan vere familien, venner, skole, jobb og liknande. Dette er alle faktorar som vi kjem borti ein eller anna gang i løpet av livet sitt. Personligdomen blir utforma ved sosialiseringsprosessen som alle menneskjer må igjennom. Sosialiseringsprosessen vil si den prosessen vil blir lært kva slags normer, holdningar, regler og liknande som vi skal leve etter. Dette skjer igjennom oppdragninga som foreldra bruker på sine barn, skolen, venner og jobb.

 

I dei første årene vi lever frem til ca skolealder, er det familien som helt klart påverkar oss mest. Det er her vi får ein del av de normene og verdiane som vi bærer med oss seinare i livet. Det er her vi får tildelt ein rolle som forteljar oss korleis vi skal oppføre oss innanfor husets fire vegger. Denne rolla blir tildelt ved at vi får positive og negative meldingar frå våre foreldre heile tida på kva vi gjør. Og korleis vi gjør det.

 

Viss vi kjem for seint heim ein dag, får vi kjeft, og prøver i mange tilfeller å ikkje oppleve det same igjen, og kjem på rett tid neste gong. Når vi er born lærar vi ofte kva slags rolle vi skal ha som voksen når vi leikar. I Noreg leikar mange born at dei er mor, far og born. Slik øver dei seg på korleis dei ein gong vil bli foreldre. Leik er noe som er kulturbestemt, slik at i andre land igjen, leikar dei andre leikar. Indianarar og samar leikar for eksempel med lasso, slik at dei kan kaste lasso når dei blir eldre. Leik er ein veldig viktig faktor i denne alderen for å påverke egoet. Det er også i denne alderen kjønnsrolla blir bestemt. Dei lærer korleis det sosiale miljøet rundt seg oppfattast som ein passande oppførsel for kjønnet gjennom leik .

 

Det er viktig å få frem at kjønnsrolla er den måten vi fører identiteten ut i livet på. På eit så tidlig stadium som før skolealder blir også noko av samvittigheita grunnlagt. Vi lærar at dersom vi gjer noe som vi ikkje har lov til, sårar vi dei rundt oss som er glad i oss.

 

Vi får mange tilfeller av det som blir kalla for kulturimperialisme på barnestadiet . Det vil si at når utvekslinga av verdiar, holdningar og kunnskapar med andre kulturar, skjer i ein så sterk grad at den eine parten påtvingar den andre parten sin kultur.

 

Dette er noko som vi kan si skjer meir eller mindre når foreldra skal oppdra barna sine. Borna er uskyldige, dei har ikkje noe særlig å stille opp med, imot kva det foreldra, prøver å lære deg er riktig. Denne påverkinga er meir eller mindre pådytta, men nødvendig.

 

Det vi utviklar av personligdomen før skolealder trenger ikkje nødvendigvis bli uforandra resten av livet. Når vi kommer i skolealder, byrjar venar å spille ein stadig større rolle etterkvart som vi blir eldre. Det byrjar ein prosess som meir eller mindre går ut på å lausrive seg i frå foreldra og familien. Sosialiseringa blir nå stort sett overtatt av venar. Vi byrjar å høyre på kva slags meiningar venar har i staden for kva slags meiningar foreldra har. Mange ungar byrjar å trasse sine foreldre bare for å provosere dei. Dette gjør dei for å få dei til å innsjå at dei er blitt vaksen, sjølv om dei ikkje er det. Foreldra har enda ein stor og viktig plass i livet deira, men venar byrjar å få meir påverknad på dei.

 

Massemedia byrjar også å få makt til påverke korleis dei skal kle seg, sjå ut, kva dei skal meine og liknande. Denne påverkingsmakta som massemedia har, skal eg prøve å få frem på ein grei måte. Når Britney Spears dansar i mini skjørt og BH på MTV så vil borna bli som ho og kle seg som ho. Slik kan vi seie at massemedia byrjar å få ein påverkingskraft på vår personligdom. Denne påverkinga er ikkje alltid positiv. For eksempel når den 10 år gamle jenter vil kle seg som eit ”ludder”. Vi kan lett sjå at massemedia har påverkingskraft når ungdom, ifrå forskjellige land, ofte har meir eller mindre lik klesstill, holdningar og meiningar. vi ser også at ungdomar i Europa er veldig like dei ifrå USA. Dette er noe som helt klart kommer ifrå massemedia og internett. Forskjellane på ungdommane i forskjellige land blir meir eller mindre viska ut.

 

Når vi kjem til siste året på barneskolen og første året på ungdomsskolen, er det mange som føler dette er ein vanskelig tid. Dette kommer av personligdomen er ikkje alltid er heilt danna, og vi vet liksom ikkje helt kven vi er og kven vi ønskjar å være.

 

Mange får det som forskarane kallar for identitetskrise. Slik som Erlend Loe har utrykket det igjennom et intervju i Aftenposten: ”barneskoler er fint, da er de barn. Vidaregående skoler er fint fordi da er de voksne. Men ungdomsskolen er et helvete. Da oppholder de seg utenfor tiden, akkurat som Gilles Berger i ”Splitt Second”. Alt er fargeløs grøt for de. De har ingen ansikt og ingen retning. Erfaringer og endringer flyter rundt.”

 

For å seie den annleis, personligdomen er ikkje ferdig på denne tida. Den personligdomen som dei hadde som barn den vil dei vekk ifrå, fordi trongen for å lausrive seg ifrå familien blir på denne tida ofte stor, og man veit ikkje kva slags personligdom man har til slutt. Dette kjem av at mange føler dei har mange forskjellige rollar. Ein rolle mens dei er saman med sine foreldre, og ein helt anna med venene sine. Desse rollane passar ikkje alltid overens, og vi får det som blir kalla for ein rollekonflikt.

 

Ein rolle vil si den summen av forventingar det stilles til ein spesiell situasjon, desse forventningane stilles av andre menneskjer rundt deg, og av deg sjølv. Mange foreldre opplevar denne tida som vanskeleg sidan barna deira blir veldig vanskelige og sure å ham med å gjøre. Du får ein rolle konflikt når du har fått tildelt to roller som ikkje går å samkjøre.

 

Etter kvart som vi har fått vår personligdom utforma har vi også begynt å danne oss i ulike sosiale grupper. Dette er grupper som består av menneskjer som arbeider imot et felles mål, deler vesentlige verdiar i livet, og meiner at det dei har felles er spesielt.

 

Med andre ord, etter kvart som vi blir eldre opp i mot vidaregåande og eldre, blir vi ikkje påverka i same grad av forskjellige meiningar og holdningar. Vi har meir eller mindre stadfestet vår holdning og våre meiningar. Vi blir sjølvsagt påverka av ulike faktorar, bare at denne påverkinga skjer meir gjennom at dei meiningane og holdningar som støtter seg opp mot vår egen personligdom.

 

Nå blir det ikkje så dramatiske forandringar med personligdomen på ein del år. Vi menneskjer blir sjølvsagt påverka av å danne sin egen familie og jobben vår.

 

Personligdomen som vi skal ha som voksen er for det om meir eller mindre førehand bestemt nå. Ein del menneskjer opplever ein ny identitetskrise i ca 40 – 50 årene. Denne går ut på at personligdomen skal nå forandrast til å bli gammal. Det å vite ein skal bli eller å ha blitt besteforeldre, eller å vite at nå har dei levd meir enn halvparten av livet sitt og skal snart dø. Vi byrjar å innsjå at det som vi ikkje har gjort, det kjem neppe heller til å bli gjort i dette livet. Plutselig føler vi oss ofte gammal, og får eit behov til å virke yngre. Mange mannfolk kjøper seg motorsykkel og skiljar seg frå kona. Det er populært å kalle denne krisen får 40 årskrisa. Denne identitetskrisen blir lett å samanlikne med  pubertetskrisen som dei yngre har. Dei blir lett sinte og er veldig ofte veldig gretne.

 

Det er også viktig å få med seg at hele personligdomen, ikkje bare blir påverka av utvendige faktorar. Noko av personligdomen blir også skapt av DNA. Kor stor grad utvendige faktorar som påverkar personligdomen i forhold til DNA er noe som forskarane strides om.

 

Som ein konklusjon på det hele kan vi si at; personligdomen blir forma av familie, venner, skole, massemedia og jobb. Det kjem an på kva slags venner du har og kva slags normer som finns i din venne gruppe. Massemedia påverkar dine meiningar, men i min alder har eg bestemt min meining og det skal mykje til å endre mine meiningar og holdningar. Eg prøver å gi dotter mi ein god oppvekst med strenge reglar og kos hand i hand. Det er ikkje alltid like lett å vere forelder, sidan eg møtar meg sjølv i døra i form av mi dotter som kommer med dei same unnskyldningar som meg når ho har gjort noko gale. No skjønar eg korleis min mor hadde det med meg, og eg vil gje henne flotte gåver kvar morsdag, som takk for ein flott oppvekst.

 

 

Kjelder:

Ifrå ressursheftet har eg brukt disse artiklane:

- Jentenes humørløse dvaleår, Aftenposten 23.04 2000

- Frelst og forført, av Nils Johan Lavik

- Freuds teori om instansane i personligdomen, av Helstrup, Nielsen m.fl.

- Vi består av fire bokstaver, av Bo Øksenbjerg

dessutan har eg brukt sunt bondevett :-)

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst