Språkdebatten i Noreg på 1800-tallet
I 1814 blei det slutt på unionen med Danmark, som Noreg hadde vore i union med i ca 400 år. Noregs grunnlov vart skreve dette året, og språket som blei brukt var dansk. Dansk hadde i fleire hundreår vore det sjølvsagte fellesspråket i tvillingrika. Noreg gjekk nå inn i union med Sverige, og heretter var det Noreg og Sverige som skulle være i lag. Sverige fekk aldri den same innverknaden Noreg som det Danmark hadde gjort, og med den nye grunnloven var første skritt tatt mot et sjølvstendig Noreg. Det var på denne tida mange som ville skape ei nasjonalkjensle, eit fellesskap som kunne føre det norske folket saman. Spørsmålet om skriftspråket vart på denne tida naturleg nok eit brennande tema som førte til mykje diskusjon.
Grunnen til at språket vart ei slik viktig kampsak i Noreg på slutten av 1800 talet, er først og fremst at den nye norske staten vart danna i et tid da dei intellektuelle i Europa meinte at nettopp språket var det fremste kjenneteiknet på ein nasjon. Folket og folkekulturen var kjernen i nasjonen. Desse tankane kom til Noreg frå andre land i Europa, til dømes Tyskland. Det var frå Tyskland ideologien ”nasjonalromantikken” kom, og denne åndsretninga fekk avgjerande innverknad på heile det norske kulturlivet i tiåra etter 1814.
Bakgrunnen for den norske språkstriden på 1800-talet var altså først og fremst nasjonal- skriftspråket var dansk, mens dialektane var norske. Språkstriden hadde også eit sosialt element fordi overklassen brukte eit talemål som bygde på det danske skriftspråket i ordformer og bøyingar, mens resten av folket snakka ulike lokale dialektar. Kjernen i språkstriden dreia seg altså om skriftspråket i Noreg skulle byggje på det nedarva danske skriftspråket, eller om det skulle byggje på talemålet til det breie lag av det norske folket.
Noreg fekk inspirasjon frå spesielt to nærliggande land, Sverige og Færøyane. Tilhøvet mellom Finland og Sverige hadde vore som forholdet mellom Noreg og Danmark, svensk var det einaste offisielle språket i heile det svensk-finske kongeriket. I 1809 vart den politiske situasjonen avgjerande endra i Finland, og i 1863 vart finsk innført som offisielt språk jamstelt med svensk. (skriv meir)
Språket kom for første gong på dagsordenen som eit nasjonalt problem i Noreg på 1830-talet. Diktaren Henrik Wergeland var ein av dei som utløyste ordskiftet. Han hadde av og til brukt norsk or og utrykksmåtar som Fjøs, Gut og Myr i staden for dei danske måtane å skrive orda på. Historikaren Per Andreas Munch var svært skeptisk til dette. Munch så for seg eit skriftspråk som var basert på ein enkelt ”rein” dialekt, og med ein skrivemåte som tydeleg kunne vise slektskapen med norrønt. På den måten ville han skape eit språklig samband bakover med det gamle, norrøne Noreg. Eit moment som er viktig å poengtere er at Munch og dei fleste andre som meinte noko om språk og kultur på denne tida, meinte at det var dansken som representerte kulturen og framsteget. Eit bondemål ville aldri kunne fylle alle dei funksjonane skriftspråket skulle ha i eit moderne samfunn.
I 1841 kom det første heftet av Norske folkeeventyr, som var skreve av Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe. Dei skreiv ned forteljingar som var overlevert munnleg gjennom generasjonar, og det kom dermed inn mange innslag frå norsk talemål i både ordval og setningsbygnad. Mange meiner at språket som blei brukt i desse eventyrsamlingane har hatt mykje å seie for den seinare utviklinga av det norske bokmålet.
Både Wergeland og Munch tilhørte embetsmannsklassen, og dei er heller ikkje primært kjende som språkfolk. Knud Knudsen og Ivar Aasen var to menn som begge kom frå bondestanden, og dei er begge mest kjende for sitt arbeide med å skape eit eige norsk skriftspråk. Knudsen er kjent for å ha kjempa for den såkalla fornorskinga av det danske skriftspråket. Aasen på sin side vigde mest heile sitt vaksne liv til arbeidet for å skape eit heilt nytt norsk skriftspråk, bygd på dei norske bygdemåla. Knudsen og Aasen hadde lik sosial bakgrunn, men dei gjekk i kvar sin retning når det gjaldt det norske skriftspråket. Knudsen ville reformere dansken, mens Aasen ville laga eit heilt nytt skriftspråk. Etter kvert fekk landsmålet meir og meir oppslutning, og mange kjente personar slutta seg til, blant anna vår eigen Arne Garborg. I 1885 gjorde Stortinget et vedtak som gjorde landsmålet offisielt jamstilt med norsk-dansken, og i 1892 fekk skolestyret i kvar kommune rett til å velje mellom å undervise på landsmål eller ”bokmål”. Ivar Aasen står for oss i dag som sjølve symbolet på det me i dag kallar nynorsk.
Knud Knudsen meinte at det var urealistisk å tru at ein kunne få det norske folket til å ta i bruk eit skriftspråk som ikkje bygde på noko eksisterande talemål. Han såg det for seg som problematisk at den styrande eliten i samfunnet skulle kaste vrak på sine eigne norsk-danske språktradisjonar og ta i bruk eit nytt skriftspråk som var basert på bygdemåla. Slik kan me sjå at Knudsen og Aasen var svært forskjellige i si oppfatning av korleis skriftspråket i Noreg skulle vere. Knudsen ville byggje eit nytt skriftspråk som var basert på den norske uttalen av dansk, den såkalla ”dannede dagligtale”. Som namnet røper var dette talemålet knytt til ei avgrensa sosial gruppe, nemlig overklassen. Knudsen prøvde å dempe dette utrykket ved å kalle det ”den landsgyldige norske uttale”.
I 1870-åra vart skolen valplass for språkstriden, og det var talemålet som var emnet. Før hadde det vore slik at når ungane begynte på skolen, måtte dei legga vekk dialekten og lære å ”prate skikkeleg”. I 1878 blei det vedtatt at undervisninga i skolen skulle skje på barnas eiget talemål. Læraren skulle ikkje lenger lære ungane å snakke bokspråket, men tvert i mot bruke dialekten til elevane. Vedtaket vart grunngitt pedagogisk, det ville bli mykje lettare for elevane å lære når dei fekk høyre og bruke sitt eige talemål. I 1887 kom det eit vedtak som slo fast at dansk ikkje lenger skulle brukast som opplesingsmål heller, no skulle alt skje på elevanes eiga dialekt.
Da Knud Knudsen døydde i 1896, var det tydeleg for dei fleste at det gamle skriftsfellesskapet med Danmark var på hell. Det offisielle brotet med dansken kom i 1907, og vegen låg nå open for at me i Noreg skulle få to norske målformer. Den eine målforma bygde på dei norske dialektane, og den andre bygde på det skriftspråket som rådde i landet ved slutten av dansketida.
I 1900 var framleis det dominerande skriftspråket i Noreg det same som i Danmark, men utviklinga av dei to målformene til Aasen og Knudsen var på full fart. Me har framleis tå målformer i Noreg, og språkdebatten er nok ein debatt som alltid vil engasjera og provosera.
Kilder:
- Norskboken Grip teksten
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst