Ungdom og kropp

Ein sakpreget tekst om jenter som er opptekne av korleis dei ser ut.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2012.03.26

Dagens ungdom er oppteken av kropp. Alle er forskjellige, men ikkje alle respekterer det. Nokon ser seg sjølv som «tjukk», mens nokon får høyre det av andre. Kvifor har det blitt slik? Kva er det som gjør at tenåringar ikkje er nøgd med sin eigen kropp?

I dagens samfunn er spesielt jenter mellom 12-18 år opptekne av korleis dei ser ut. Dei er opptekne av korleis andre jenter ser ut, om dei er tjukke, tynne eller går med for tronge klede. Kva er årsaka til at jenter blir misunneleg på kvarandre, bare for den eine har tynnare kropp enn den andre?

 

Sjølvtillit og det å godteke seg sjølv er blitt betydeleg dårlegare. Alle vil ha ein fin kropp, men kor kommer «forbildene» frå? Jo, dei fleste jenter les vekeblad, aviser, reklamar og ser utruleg mye på internett. I alle desse kommunikasjonsmiddelene er det fotomodellar. Fotomodellar har tynne, slanke og solbrune kroppar som dei poserer framfor kameraet med. Det er klart jenter blir misunnelege. Man vil aldri sjå ein reklame for undertøy med ein «normal» gjennomsnittleg vekt/størrelse jente, i alle fall så har ikkje eg sett det! Desse fotomodellane reklamerer for treningsopplegg, kosthold og skjønnheit. Kva blir følgjene av dette?

2 av 10 jenter har eteforstyrringar, trener meire og er/blir meire opptekne av utsjånad for kvar dag som går, visar nyare forsking. Dei begynne å ete mindre, noko som ikkje er bra for ein liten kropp som er i utvikling. Og i tillegg da trener meire, må kroppen sjølvsagt ha mye meire energi enn det den får. Dagens ungdommar blir meire sofistikerte på ansiktets skjønnheit. Og heile 8 av 10 jenter bruker sminke, fordi dei er misunneleg på andre eller er misnøgd med seg sjølv. Med all denne reklamen som er overalt med sminke som får øyenvippene til å bli 3 gongar større og rynkekremer, er det da rart at jenter blir opptekne av utsjåande? Neste generasjon blir også påverka av dette temaet med kroppfiksering til unge naturlege jenter. Nokon må få stopp på dette med at jenter ikkje kan godta seg sjølv og være tilpass med den dei er.

Kven er det som burde gripe inn og få ein stopper for dette? Har skulen noko med dette å gjere?

 

Eg synast at både dei heime og dei på skulen må være oppmerksame på unge jenter. Eg seier ikkje bare at det er jenter som er opptekne av kropp, men også gutar. Store musklar og brun kropp er ganske «populært» blant unge gutar også. Så snakk med kvar og enkelt av dine barn, og gjer en forskjell. Det er så lite som skal til for at eit barn skal føle seg utilfreds…

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst