Utan håp?

Utviklingen av 1. verdenskrig og om dei siviles lidningar.
Sjanger
Artikkel
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2005.01.20

Frå 1. verdenskrig:

Ein eller annan gong før 1914 slo Europa inn på feil veg. Europearane trudde dei vandra mot bye høgder der framgang og ein rikare kultur nådde, der velsigninga frå moderne vitskap og oppfinningar skulle bli utbreidd i stadig vidare kretsar, og der til og med konkurransen mellom landa skulle bli til det beste. Det var det motsatte som skjedde. Europa snubla i 1914 fram mot ein katastrofe.

 

(Palmer og Colton, amerikanske historikarar)

 

Dette var ein krig med meir eller uavbrutt massakre på to frontar, her sloss ein for å utmatte fienden, ikkje for å erobre. Fleire og fleire millionar soldatar mista liver framfor maskingeværa. Korleis kunne noko slikt skje? Kva stod på spill og kvifor reagerte nasjonene slik? Kvifor måtte så mange sivile og uskyldige folk lide så hardt av denne krigen? Kva gjorde krigen med håpet til folket, vart resultatet eit folk, ein nasjon, eit Europa utan håp?

 

Starten på den brutale krigen:

I juni 1914 kom det ein oppsiktsvekkande nyheit frå Sarajevo. Ein 19 år gamal gut som var medlem av ei terroristgruppe, hadde myrda Austerrike-Ungarns tronearving. Folk i Austerrike-Ungarn skylda på serberane, så dei erklærte no krig.

 

I frå skudda i Sarajevo var utløyst og innan ei veke var alle dei mektigaste statane i Europa samlamot kvarandre i ein strorkrig.

 

Russland bestemte seg for å støtte det slaviske folket.

Tyskarane gjekk inn på Austerrike-Ungarn si side.

Frankrike hadde fortsatt lyst på hevn over Tyskland, etter ein tidlegare krig om eit landområde, så dei kasta seg inn i krigen, men selvfølgelig på motparten si side.

Britene hadde bestemt at dersom Frankrike medlte seg inn i krigen, skulle dei vere med på Frankrike si side og støtte dei.

Italia var med på Tyskland og Auserrike-Ungarn si side.

 

No var det sett saman to store alliansar: Trippelalliansen som bestod av: Tyskland, Auserrike-Ungarn og Italia, og Trippelententen, der: Frankrike, Russland og Storbritannia var med.

 

Erfaringar frå tidlegare kolonikrogar, der stormaktene berre meide ned innfødte stammefolk med dei moderne våpna, utan å møte skikkeleg motstand, forgifta folks sinn, dei visste at sånn kom det til å bli i denne krigen også, og sånn vart det.

 

USA var i utgangspunktet nøytrale, men da tyskarane også senka nokon av dei amerikanske skipa, vart USA irriterte, dette misslike dei sterkt, så det einaste dei kunne gjer då var å melde seg inn i krigen dei også, mot Tyskland. Det var dette som avgjorde krigen. Det var meir enn kva Tyskalnd kunne tåle.

 

Austerrike-Ungarn som erkærte krig mot Serbia, som igrunn var uskyldige utvikla seg til ein kjempe krig, der alle stromaktene vart innblanda. Fleire millionar liv kunne vore redda skudda i Sarajevo hadde vore unngått og resten av stormaktene hadde holdt seg vekke frå krigen. Dei stakkar sivile hadde ingen rett til å sei si meining, dei måtte berre lide for andre sin feil.

 

Ikkje nok med den politiske og militære undertrykkjinga, det va ogstå stor mangel på mat og forsyningar. Her i Norge var det lav sjølvforsyningsgrad av matvarer, så dei hadde alltid vore avhengig av import frå utlandet. Under krigen stansa denne importen opp, det var særleg byfolk som fekk oppleve all ernæringsmangelen under krigen. Men sammenligna med andre krigsramma folk, slapp dei fleste nordmenn lett frå krigens lidningar.

 

I 1916 blei ein av dei mest boldigaste slaga i krigshistorien utkjempa ved Verdun og elva Somma i Frankrike. Ca. 350 000 menn falt på begge sider av Verdun, mens frontene forblei dei same som da angrepa byrja.

 

I dei små landsbyane og i dei store byane samla folk seg for ø gøyme seg vekk. Dei held teit godt tak i deira kjære, så dei ikkje skal bli tatt frå dei. Slik står dei i store klynger og heldt fast i det litle håpet dei har! Eller har dei noko håp att?

 

Tenk deg å vere i den situasjon der du er ein heilt vanleg, uskyldig borgar som lever eit heilt ordinært liv, så ein dag bryter det ut ein krig, og etter berre ei veke er over 30 nasjonar innblanda, alle menn i familien må ut i fronten for å kjempe. Det er ikkje noko som heiter ”Eg vil ikkje!” Ingen har noko val, ein må ut i det militære og hjelpe til, gjere si plinkt for landet. Resten av familien sit igjen heime heilt åleine. Alt dei kan gjere er å sitte heime å be for at faren og ektemanne kjem trygt tilbake, noko som er lite sannsynleg. Dei fleste har eit telegram i vente, om at deira mann er omkomen, Akkurar da kan det ikkje vere mykje håp att. Heile den tapte generasjonen gjer rett og slett opp, dei klarar ikkje meir.

 

1. verdenskrig vart altså frå august 1914 og til november 1918. Meir enn 30 nasjonar deltok, over 70 millionar soldatar var med og omtrent 9 millionar vart drepne. Krigen føregjekk på land, på havet, under havet og i lufta. Den første verdenskrigen var ein moderne krig der ei rekke nye våpen vart forbetra og introdusert. Første verdskrigen var ”krigen som skulle gjere slutt på alle krigar” Men no i ettertid har alle funne ut kor feil denne tanken var.

 

I 1919 samla dei allierte seg til forhandling i Versailles for å forhandle fredsavtalar. Folket var nok glad krigen endelg var over, men det tok nok si tid å komme over alle tapa, ein måtte prøve å byrje eit nytt liv og legge det tapte bak seg. Noko av det viktigaste må ha vore å få skaptt eit nytt håp blant folket igjen. Så dei kunne leve vidare!

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst