Dag Solstad (1941-)
Fødd 16. juli 1941. Han debutera med novellesamlinga Spiraler i 1965. Her møter me framandgjorte menneskjer som pregast av ein lengsel etter noko eigentleg men som opplev tilvera som meir og mindre absurd.
I artikkelen Norsk prosa - europeisk modernisme fra 1967 uttrykker han mistru til den tradisjonelle romanen og eit ønske om å bringe norsk litteratur på same nivå som med nyare europeisk modernisme. Her henvisar han blant anna. til James Joyce, Marcel Proust, Alain Robbe Grillet og Samuel Beckett. I kortprosasamlinga Svingstol frå 1967 har han skifta posisjon. Her og i artikkelen Tingene og verden 1967 gjer han seg til talsmann for en nyenkel konkretisme der tinga ikkje lenger skal tjene som symbol for ei indre menneskelig tilstand: ”Vi vil la kaffekjelen være kaffekjelen og se den stå på frokostbordet, blank av aluminium og fylt med rykende kaffe.” seie han i den kjente teksta ”Vi vil ikke gi kaffekjelen vinger.”
I 1969 kom romanen Irr! Grønt! Her er hovedproblemstillinga forholdet mellom identitet og rolle. Hovedpersonen Geir Breivik gjer opp jakta på ”selvet” og inntek det standpunktet at mennesket er lik summen av sine skiftande roller. Frihet bestend i å vera bevisst i rollespillet. Temaet tas og opp i artikkelen ”Om nødvendigheten av å leve inautentisk.” I romanen Arild Åsnes 1970 frå 1971 møter me ein anna av Solstads unge intellektuelle som finn livet i det moderne samfunnet absurd. Han lengtar og etter noko anna. Noko meir opprinneleg og enkelt noko som kan ta han vekk fra ein endelaus selvrefleksjon. I motsetnad til dei tidlegare romanpersonane åpnar det seg ein veg for Arild Asnes. Han sluttar seg til den unge maoistiske bevegelsen og opplev ekte begeistring og ei livsmeining. Romanen kom på same tid som Solstad sjøl gjekk inn i AKPm-l.
I åra 1974-1980 følgjer fire romanar som oppfyller den kommunistiske bevegingas krav om at forfatterane skulle skrive for folket og at litteraturen skulle tjene dei arbeidande massene. Fyrst kom 25. septemberplassen som skildrar ein arbeiderfamilie gjennom to generasjoner i det sosialdemokratiske Noreg frå frigjeringa i 1945 til folkeavstemninga om EEC i 1972. Seinare kom krigstrilogien Svik. Førkrigsår Krig. 1940 og Brød og våpen som gjennom eit stort persongalleri viser konflikta mellom kommunistar og sosialdemokratar innanfor den norske arbeiderklassen før under og etter krigen. Alle desse romanene er høgdepunkt blant 1900-tallets realistiske historiske romanar.
I to romanar frå 1982 og 1987 Gymnaslærer Pedersens beretning og Roman 1987 spilar partiet ei anna rolle. Hovedpersonane Knut Pedersen og Fjord ser på åra innanfor partiet i tilbakeblikk og forhalda i AKPm-l behandlast med humor og ironi. I Roman 1987 er Fjord til slutt tilbake der Arild Asnes byrja i 1970 i desillusjonen. I 1990-tallsromanene skjer det eit romanteknisk omskifte. Den ytre handlinga svinnar inn og kretsar rundt ein betydningsmetta situasjon. Ellevte roman bok atten kretsar omkring bildet av Bjørn Hansen i rullestolen som han frivillig let seg lenke til etter at han har fått omverdenen til å tru at han heve blive lam. I Genanse og verdighet er det bildet av lektor Elias Rukla som ikkje maktar å slå opp paraplyen sin i skulegarden som illustrerar korleis livssammenhengen raknar og plasserar hovedpersonen som ein framand i tilværa. Felles for Hansen Rukla, professor Andersen og T Singer er følelsen av at kulturen og samfunnet er i forfall og at kommersialisering og forflatning overtek og at dei heve blive ståande utanfor si eiga tid. I stedet for å prøve å gripe inn mot forfallet synk dei inn i seg sjøl og endar opp som tilskuerar til virkeligheten omkring seg.
I sin til nå siste roman introduserar Solstad seg sjøl som hovudperson. Tilsynelatande møter me her forfattaren i eigen person som mot slutten av sin forfattargjerning grip tilbake til hendingar i si eiga oppvekst.
Verk:
- Artikler 1993-2004
-16.07.1941
- T. Singer
- VM i fotball 1998
- 3 essays
- Professor Andersens natt
- Genanse og verdighet
- VM i fotball 1994
- 14 artikler på 12 år
- Ellevte roman, bok atten
- Medaljens forside
- VM i fotball 1990
- Roman 1987
- VM i fotball 1986
- Forsøk på å beskrive det ugjennomtrenglige
- Sleng på byen
- VM i fotball 1982
- Gymnaslærer Pedersens beretning om den store politiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land
- Artikler om litteratur 1966-1981
- Brød og våpen
- Krig 1940
- Svik førkrigsår 1977
- Tilbake til Pelle Erobreren? 1977
- Kamerat Stalin, eller familien Nordby 1975
- 25. september-plassen 1974
- Arild Asnes
- Irr! Grønt! 1969
- Georg: sit du godt? 1968
- Svingstol 1967
- Spiraler 1965
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst