Jakob Sande

Ein biografi om Jakob Sande.
Sjanger
Biografi
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2004.03.22

Jakob Sande vart fødd ein sur vinterdag 1. desember 1906. Han vaks opp i Dale i Sunnfjord. Foreldra var Ragna Margrete og Anders Sande. Anders var blant anna lærar, ordførar, venstremann og klokkar, altså ein typisk bygdeleiar på den tida. Han vart også hugsa for å vere den som gjekk i spissen for å skaffe bygda elektrisitetskraftverk.

Ragna Margrete var veldig interessert i litteratur. Ho var ei samlande kraft i heimen.

 

Til stillingen som klokkar og lærar høyrde det med ein liten gard, Klokkargarden. Der vaks Jakob Sande opp saman med og tre søstrer. Jakob hadde ei heilt vanleg oppvekst. Han måtte hjelpe til på garden, springe ærend og stelle hesten. Han var ikkje så serleg flink med nevane, og det vart sagt at han hadde ti tommeltottar.

 

Musikk og song var ein viktig del av kvardagslivet til familien Sande. Alle borna fekk opplæring i kvart sitt instrument. Jakob spelte fele, som faren, seinare gjekk han over til å spela lutt. Jakob Sande har sjølv sagt at musikken var utgangspunktet for diktinga.

 

Morfaren til Jakob Sande, Johan Barsnæs, skreiv mange dikt og var ein makelaus flink forteljar. Han nytta ofte humor og ironi. Johan kom frå øya Alden langt ut mot havet og han fortalde ofte historier frå denne vêrharde øya, både frå livet på land og til sjøs. Dette festa seg i minnet til Jakob som alltid drømte om å bli sjømann. Ein finn mange likskapar mellom dikta til Johan Barsnæs og Jakob Sande. Mykje av det som skulle til for at Jakob skulle verta ein diktar låg altså i blodet.

 

Jakob Sande var flink på skulen, serleg i norsk stil, bland anna fordi han hadde så mykje anna og fortelje i forhold til dei andre. Likevel hold han på å stryke til eksamen i norsk. Oppgåva var å skrive om ein hyggeleg dag. ”Det var den sumaren det var so djevla turt”, skreiv Jakob Sande, og så fortalde han om både bryllaup og ølbrygging. Presten satt i eksamensnemnda, han meinte det måtte bli stryk, men med røystene til dei to andre fekk han særs godt.

Han tok eksamen artium på Sandane i 1926, året etter at han hadde prøvd seg på Eik. Same året byrja han å studere i Oslo. Seks år seinare vart han lektor med hovudfag i norsk og med tysk og historie som bifag.

 

På denne tida gjorde Jakob Sande seg ferdig med diktsamlinga ”Svarte næter”, som kom ut i 1929 på Gyldendal Norsk Forlag. Diktsamlinga vart rosa opp i skyene av kritikarane og vart kalla ”eit friskt pust frå vest”. Jakob brukte både humor, ironi og flotte naturskildringar. Men diktsamlinga vart slakta frå kristeleg hold. ”Mye banning og sverjing, ved namn for himmel og helvete om hverandre. Det er usigli vondt for en kristensjel å lese en slik bok, og det er heller ikke gildt at en ikke kan tilrå noen å lese henne”, skal det ha vorte sagt. Jakob Sande kom altså tidleg på kant med prestestanden, det gjekk også hardt ut over prestane i diktinga hans i seinare tid, og far hans måtte ofte seia seg lei over han.

To år seinare, i 1931, kom den andre diktsamlinga til Jakob Sande ut, den vart kalla ”Storm fra vest”. Kritikken delte seg om lag på same måte som den gjorde då ”Svarte næter” kom ut. Kritikarane roste boka og kristenfolket slakta den til tross for diktet ”Salme” som seinare kom i nynorsk salmebok, noko Jakob Sande var veldig stolt over.

 

Hausten 1932 gjorde Jakob alvor av noko han hadde drøymt om heile livet, han skaffa seg hyre til sjøs i utanriksfart. Dette var noko som foreldra hans mislikte, men han var ikkje til å stoppe. Faren hadde nemleg stilt krav om at han skulle utdanne seg på land først, og det hadde han gjort. Foreldra ville at han skulle ta ein stilling i skulen, men skule var noko Jakob Sande hadde fått nok av. Jakob reiste i kjerleiksorg. Rett før han for hadde Jakob fridd til Halldis Moren men fått avslag. Neste dag fridde Tarjei Vesaas til ho og fekk ja.

Jakob Sande sa alltid at han hadde vore ein skikkeleg sjømann, men eigentleg vart han hyra på spesialhyre. Dette vil seie at han for ei krone månaden og fri kost skulle arbeide berre om dagen og ha heilt fri når båten, som heite Villanger låg ved kai. Jakob haldt humøret oppe på båten, han spela fele, song og las opp dikt og andre ting til dei andre om bord. Han var svært populær blant mannskapet og offiserar. Jakob Sande var til sjøs om lag eit år. Dette året har satt spor i alle diktsamlingane hans seinare og Jakob sa at det var det lykkelegaste året i heile hans liv.

 

I 1933 gav han ut diktsamlinga ”Frå Sundfjord til Rio”, som var delt inn i tre bøker. Den største boka handla om havet, standskilnaden mellom offiserar og mannskap, horesjapper i hamnene og slagsmål. Han hadde med vakre skildringar som han hadde funne både heime i Sundfjord og andre plassar og han spelte på ein robust humor. I kristelege miljø vart han framleis uglesedd, og det vart ikkje betre når han i 1939 gav ut ”Krossen og sleggja” som var eit utval av dei diktsamlingane han hadde gitt ut til då pluss ti nyskrivne dikt. Det kunne virke som om Jakob plasserte seg langt ute på venstresida med denne diktsamlinga men han sa aldri kvar han høyrte heime politisk sett.

 

Hausten 1935 tok Jakob Sande jobb som lektor ved mellomskulen og gymnaset i Fredrikstad, sjølv om det var med stor motvilje at han gjekk til dette arbeidet. Han følte ikkje noko kall til læraryrket. Jakob likte seg ikkje i Fredrikstad. Han lengta heile tida heim att til Sunnfjord. Av og til kunne det bli gjort narr av språket hans, då kunne han bli vill av sinne, for språket til Jakob var ein heilagdom for han.

 

Jakob Sande og Solveig Ytterli gifte seg i 1943, og etter ei stund fekk dei datera Siri. Dei som kjente Solveig hadde inntrykk av at ho ikkje alltid fant seg til rette med mannen sin. Jakob og Solveig var to suverene menneske på kvar sin måte og hadde lite rom for kompromiss. På tross av at Jakob Sande fekk mange venner i Fredrikstad, gifta seg og fekk dottera Siri, lengta han framleis heim til Sundfjord.

Det å verta far var så stort for Jakob at han skreiv nokre av dei aller beste dikta til dottera, og han snakka om henne til alle.

 

Jakob Sande tok imot ein post på den høgre skulen i Ullern i1945. Men han følte like lite lyst til å begynne her som han hadde gjort i Fredrikstad. Det var kanskje ein av dei verste skulane han kunne ha kome til. Han vart mobba på grunn av dialekten sin, og hadde blant anna store vanskar med disiplinen. Etter fem år med tysk okkupasjon baud det han imot å lære elevane å bøye tyske verb (noko han ikkje la skjul på). Derimot så livna han meir til i norsktimane. Ein av elevane hans, Kåre Willoch, har sagt at om dei ikkje lærte noko særlig av han, så formidla han kunnskap om dikting og norsk kultur på ein så god måte at han kjente seg takksam for det seinare i livet. Kvar sommar, så snart ferien tok til, reiste Jakob heim til Sunnfjord. Det såg han fram til heile skuleåret.

 

Same året som Jakob Sande byrja som lærar i Ullern gav han ut diktsamlinga ”Guten og grenda”. Den fekk god kritikk. Sjølv hadde han store forventningar til den, han kalla den ”hovudverket” i krigstidsproduksjonen. Det var mykje vår og sommar i denne boka, dikt om livet på garden, husdyra, sommarfiske og skjemtedikt. To dikt i denne samlinga som etter kvart vart allemannseige var ”Fløytelåt” og ”Da Daniel drog” – kalla berre ”Vesle Daniel”.

Her er første verset i ”Da Daniel drog”:

 

Vesle Daniel skal ut i verda

og gjer kista klar i denne stund.

Over store hav mot sør går ferda

med ”San Salvador” av Haugesund.

 

Det er også satt melodi til dette diktet, og mange i min generasjon har foreldre og besteforeldre som vaks opp med ”Vesle Daniel”.

Mange reknar ”Guten og grenda” for å vere den mest ”heilstøypte” diktsamlinga Jakob Sande skreiv, med dette meinte dei den mest skikkelege og forseggjorte han nokon gong har skrive. Rundt om i landet vart den svært godt mottatt. Jakob Sande hadde ein litt mildare tone i denne diktsamlinga.

 

Privatlivet til Jakob Sande var problemfylt. Solveig fekk ei lektorstilling på Ski, øst for Oslo. Her skaffa ho seg ein bustad, og dottera Siri vart med henne. Jakob pendla i helgene. Ektefellane glei meir og meir frå kvarandre, og i 1952 skilte dei lag.

 

Diktsamlinga ”Korn og klunger” kom ut i 1950. Den fekk ein del negativ kritikk. Jakob Sande – den store fornyaren som kom som ein storm frå vest var ikkje lenger ein fornyar. Jakob kjente seg framand i den moderne lyrikken, og han la merke til at det gjekk tyngre for han å skriva etter kvart. Den store heimlengselen gjorde at Jakob Sande ikkje klarte å gle seg over den nye diktsamlinga. Jakob Sande var ingen lykkeleg mann.

 

Innerst i ein arm av Dalsfjorden i Sunnfjord, skaffa Jakob Sande seg ei hyttetomt rett etter krigen. Kobbeskjeret vart ein kjær stad da hytta sto ferdig. Når Jakob Sande var på hytta gjekk han alltid i dongeribukse og ein genser med bokstavane FSF på brystet. FSF står for ”Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane”. Jakob sa at dei stod for ”Fann Sitt Folk”. Jakob fekk utan tvil mykje inspirasjon når han var på hytta, men først og fremst så følte han seg fri.

 

Etter kvart var det ikkje berre jobben som lærar som var eit slit. Det gjekk også tyngre med diktinga. I 1955 kom samlinga Sirius. Mangen av dikta i denne samlinga var dystre, altså ikkje heilt av det lyse slaget, men også her var det ein del humor. Kritikarane klaga over at han ikkje fornya seg, det ville han ikkje høyre snakk om. Jakob Sande ville verte ein klassikar, og det blei han og, og klassikarar endrar seg ikkje!

 

Sande skreiv også noveller. Men dette kom i skuggen av lyrikken. Mange av dikta hans vart opplest i radio, og ein del av dei vart også satt melodi til av både han sjølv og andre, kom på plate, vart gjengangarar i radioen, stod på repertoaret til viseartistar kring i landet, og vart mykje brukt til allsong. Han har blant anna skreve ”Det lyser i stille grender” som er ein av dei finaste og mest brukte julesongane vi har. Novellene vart også populære, men var stort sett for lange til opplesing. Dei var for ”den einsame lesaren” og satt ikkje så djupe spor i det fellesskaplege slik som dikta gjorde. Novellene hadde omtrent same innhald som dikta. Skildringar frå dei same miljøa, og mange av emna har han dikta om i bunden form.

 

Når Jakob ikkje fekk diktarlønn i 1960, slik han var innstilt til av Den Norske Forfattarforeining, tok han det svært tungt. Han hadde sett fram til å arbeide med diktinga på heiltid. Han haldt ikkje ut med arbeidet på skulen, og det hendte ofte at han var borte frå jobben, både på grunn av diktinga og litt for mykje Golden Cock.

”Det kveldar på Kobbeskjer” vart den siste diktsamlinga til Jakob Sande. Den kom ut i 1961 og fekk ei negativ mottaking, noko han tok seg svært nær av. Fleire dikt kunne lesast som rapportar om den fysiske tilstanden han meinte seg å vere i, men også som eit litterært oppgjer med seg sjølv.

 

Jakob Sande hadde høyrt rykte om at det skulle settast opp ein bautastein over han, dette var kva han sjølv meinte om det:

 

Nei, ta det med ro, småsveinar,

trø stilt på jord.

For eg ha reist mine bautasteinar

i ord.

 

Han fekk likevel sin eigen bautastein på 60 års dagen. Den vart satt på sokkel heime i Sunnfjord. Jakob vart spurd om han ville sitte modell for bilethoggaren. Nei det ville han slett ikkje, - ”men det ligg eit haue av meg nede i ein kjellar. Det kan du få bruke dersom ikkje rotta har ete for mykje av det”, sa han. Dette tydde på at han ikkje var interessert i heideren, men det er likevel ikkje sikkert at han mislikte tiltaket. Når Sande sa ”nedi ein kjellar” sikta han til ei byste som hans gode ven Waldemar Dahl hadde laga av han. Denne bysta låg i kjellaren på Nasjonalgalleriet.

 

Jakob Sande døde 16.03.1967, 60 år gamal. Då hadde han gjeve ut ti diktsamlingar og fire novellesamlingar.

 

Heilt til slutt vil eg avslutte med eit av dikta til Jakob Sande som står i den aller første diktsamlinga hans, ”Svarte næter”.

 

Likfunn

So fann dei han Ole Johan,

langt burte i Håsteins-hagen.

Der låg han og rotna og brann,

med solsteiken rett i magen.

Og magen var grønn og blå,

av steinklaka gorr og slim,

og flugor og kvitmakk små,

aula i yrjande stim

 

Spyfluga grøn og feit,

la sine egg i skinne’,

og ålkvite småmakkar beit

seg gangar og hol der inne.

Ei rotte stakk tranten ut,

- kva svarten som no var å sjå?

Ho var som ein blodgorra klut,

med blankslimut hale på.-

 

Og auga hans Ole Johan,

var berre ei slimut glye

som nedover kinnet rann,

so sleip som ei slimut spye.

Og nasa eit blodraudt sår,

der beinpipa lyste bleik.

- For rotta ho var der i går,

og åt seg so feit ei steik.

 

Og lippa for kjøt var rein,

og gliste med kvasse tenner,

som illkvite stakk og skein,

som marssol på frosne fenner.

Og teven sto tjukk ikring,

den blaute, flytande kropp,

og kråka sat rundt i ring,

og skratta med høge hopp.

 

So tok dei han Ole Johan,

og la han på fire påla.

So bar dei han fire mann,

med’ kråkene skratta og skråla.

Mykje tå skrotten flaut vekk,

og mykje karv burt som eim,

og mykje i spyfluga gjekk,

men beina kom heile heim

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst