Jan Garbarek
Fakta om Jan Garbarek.
Han var tenor-, sopran-, alt-, baryton- og bassaksofonist. Fløytist, arrangør og komponist var han også.
Han er ein av Noregs framste musikarar, og ein stilskapar som er veldig kjendt i utlandet, han er også godt kjendt utanfor jazzkretsane.
Han vart fødd 4. mars 1947. Han hadde sin første opptreden då han var 15 år gammal i Noregsmeisterskapet for jazzamatører. Han vant både 1. solistpris og 1. Orkesterpris. Han var sterkt påvirka av John Coltrane.
Han vart raskt ein sentral person i Oslos jazzliv og leda sin eigen kvartett, han spelte med Karin Krog frå 1963 og utover. Høsten 1967 danna han ein trio med Arild Andersen og Jon Christensen, og han fullførte sin første LP, med navnet ”Til Vigdis”. Året etter blei han tildelt Norsk Jazzforbunds Buddy-pris, han var berre 21 år gammal og tidandes yngste mottakar av Buddy-prisen.
I 1969 vart trioen utvida til kvartett med gitaristen Terje Rypdal. Samtidleg med kvartetten sin så spelte Garbarek i Arild Bomans ensembler 1968-69, universitetets storband frå 1969, fleire år med Østereng/Hurums radiostorband, samt nordiske ”jazz workshops” 1971-72. I 1970 tok han seg ei studiereise til USA med stipend frå Bærum kommune.
I 1972-73 leda han ein trio med Arild Andersen og Edward Vesala, og deretter så var han med i ei ny suksessrik kvartett med Bobo Stenson, Palle Danielsson og Jon Christensen. Kvartetten haldt saman til 1977.
I 1977 så var han festivalkomponist i Kongsberg, og han blei med i ei ny gruppe saman med pianisten John Taylor og gitaristen Bill Connors. I 1978 mottok han spellemanspris, sjølv om han alltid hadde trukket platene sine frå nominering. I 1979 mottok han Norsk Kulturråds musikkpris.
Sidan begynnelsen av 80-tallet har han igjen danna eigen kvartett, Jan Garbarek Group.
Andre avstemminger han har vunne er Oslo kommunes kunstnarpris, Gammlengprisen i 1982, Lindeman-prisen i 1991, Paul Robeson-prisen i 1992. Og i 1999 vart han slått til Ridder i 1. Klasse av St. Olavs Orden som første norske jazzmusikar.
Noko av musikken hans:
-Til Vigdis (1967)
-Esoteric Circle (1969)
-Afric Pepperbird (1970)
-Sart (1971)
-Dansere (1975)
-Dis (1976)
-My Song (1979)
-Paths, prints (1981)
-Wayfarer (1983)
-All those born with wings (1986)
-Visible world (1995)
-Rites (1998)
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst