Dødsstraff
(Hentet litt inspirasjon fra http://www.daria.no/skole/?tekst=3691 - In God We Trust av Sigrid Rege)
Dødsstraff blei avskaffa i Noreg i 1979. Den siste avrettinga, som var av Kristoffer Nilsen Svartbækken Grindalen, hende i 1948. I alt har 20 personar blitt avretta i Noreg, mens 188 personar blei dømd til døden. Då tel eg ikkje med dei 25 nordmenn som blei avretta under landssvikoppgjøret etter andre verdskrig.
Men så kjem det store spørsmålet. Er dette ein akseptabel straffemetode? Har menneskja rett til å velja kven som skal få leva, og kven som må døy? Er det moralsk rett å ta livet av eit menneske fordi personen har gjort noko kriminelt?
Dei fleste tenkjer nok på USA når dødsstraff blir nemnd. Noko som er verkeleg urett, ettersom at USA allereie blir assosiert med Irak-krigen, ”Krigen Mot Terror” som forgår hovudsakleg i Afghanistan, slavehandlinga, og Britney Spears. Nei, det er nok ikkje USA som er den største syndaren her. Den største syndaren er nemleg Kina. Dei offisielle tala viser 3,400+ avrettingar. Truleg er dette talet mykje høgare. Ifølge (ganske) sikre kjelder, blei det avretta 15,000 personar kvart år mellom 1997 og 2000. Dermed er Kina ikkje berre det mest folkerike land i verda, men også det land som har flest avrettingar kvart år.
I skrivande stund er det 64 land som har dødsstraff. Den vanlegaste metoden er giftsprøyte, men henging og elektrisk stol er også i bruk i nokre statar. Dei sistnemnde er riktig nok dei mest barbariske metodane, og er derfor lite i bruk. Sama kan det vera, spør du meg er all dødsstraff barbarisk. Det visar berre kor gal mennesket er.
Det kjem truleg aldri til å bli eit svar på kva som er moralsk rett i dødsstraff. Det kan samanliknast med abortsak, homofilt ekteskap og adopsjon for homofile. Det er ei slik sak som aldri kjem til å få nokon ende. Det vil alltid vera to sider.
Eg nemnde tidlegare at Kina var den største syndaren når det kom til dødsstraff. Likevel er det USA som eg personleg meinar at burde avskaffe dødsstraff. USA er eit kristent land. Nasjonalmottoet deira er ”In God We Trust” eller ”Vi sett vår lit til Gud”. Presidentane må avlegga ein ed med ei hand på hjarte og ei på ein bibel. Det sama gjeld for dei som skal tas opp i det militære. Dei må også avlegga ed til Gud. Og sist gang eg sjekka, stod det, med STORE bokstavar, i bibelen, at ”Du skal ikkje drepe”. Eg vil gjerna få lov til å dra inn eit lite dikt av Stavangermannen Gunnar Roalkvam.
«De lagte alliansar i tilfelle krig
og balanserte ustøtt, blokk imod blokk
Aldri blei de enige om kem så va verst,
og aldri fekk dei militere nok.
Rondt oss plasserte de nye rakettar,
kjemiske våben å atomarsenal.
Ymta me frampå me skeptiske spørsmål,
sa de at situasjonen va ganske normal.
De som før hadde fortalt oss om englar,
de bøyde håvene sine å lod det skje.»
Dette har kanskje ikkje så mykje med dødsstraff å gjera, men det har mykje å gjera med ironien i USAs religiøse styre. Dei er i krig. Fleire tusen soldatar døyr kvart år. I tillegg skal dei avretta sine egne landsmenn. Kvifor drep dei folk, for å demonstrera for folk at å drepa folk er gale?
Nei, dette er ein sak eg ikkje kan forstå meg på. Eg kan alltids ha nokre unntak (Bin Laden, Hussein, Hitler), men det er berre i dei mest ekstreme sakane. Det er vel ein slags ironi i det og. I tillegg er eg for abort, som også blir sett på som mord. Så eg er vel ikkje den rette til å kjefta på USA.
Til slutt vil eg avslutta med eit utruleg fint dikt eg fant om dette temaet. Namnet på diktet er ”Take It Away”, og er skreve av Ronald Clark, ein fange som venter på avrettinga.
«Come on America, open your eyes
And stop the politicians from telling their lies
For their families won't come to death row
For they have money and power, you know
It's only the poor that will lay here and die.
For the rich do not qualify
And this you cannot deny
Nor can you justify
So let's take it away
And end it today
And stop another poor man from dying this way. »
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst