Frå helleristningar til internett

Stil om kommunikasjonsutviklingen. Mye har skjedd på kort tid.
Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2011.12.01

Det var tidligare mykje vanskeligare å få tak i nokon til hvilket som helst tidspunkt. Tungvindt var det også. I dag kan me berre trykke på nokre knappar, så har me kontakt. Er denne utviklinga innan kommunikasjon positiv eller negativ? Kjem den til å stoppe eller berre fortsette heilt til me har erstatta all fysisk kontakt med elektronisk kontakt?

 

Tenk deg å måtte gå til personen som bur 200 meter lenger borti gata. Eg regner med at du hadde sendt denne personen ein SMS, ikkje gått. Før i tida måtte dei gjere nettopp dette for å få tak i ein person. Og viss det var lengre avstandar, så sendte dei brev. Høres kanskje heilt absurd ut? Me skriver jo brev den dag i dag, men denne kommunikasjons metoden dør mer og meir ut. Sjølv synes eg det er veldig koselig å få brev i posten, som er håndskrevet. Det er ein smule meir personlig enn ein SMS eller noko som er skrive på dataen.

 

La oss tenke oss enda lenger tilbake i tid, då dei brukte røyksignaler og morsekoder.

 

Eg kunne aldri tenkt meg å ha vore indianar for mange hundre år sida. Sjølv om det var lettvint då, å fyre opp eit bål og få kontakt med resten av indianarane, så syns eg rett og slett det hadde blitt for mykje stress for å gi ein liten beskjed. I tillegg måtte jo den andre også gjere det samme for å svare.

 

Telefonen er ein fin ting. Men det var ikkje før i 1876 Alexander Graham Bell fikk rettighetene på oppfinninga sin. Folk syns den var unødvendig og det var kun dei rikaste som hadde råd til telefon i starten. NO lurer me på kva me skulle gjort utan den. Ja, me har til og med berbare telefoner som til alle tider ligg i lommene våre. Det stopper ikkje her. Mobilane blir oppgradert og betre for hver dag som går. I 2000 sa ein som utviklar mobilar at om fem år kan ein sjå det ein snakkar med, at telefonane blei til kamera. NO finnes det 3G-telefoner. Det vil si at når du ringer kan den du pratar med sjå deg og du sjå den. Eg syns rett og slett det er litt skummelt.

 

Me har lenge hatt datamaskiner med webkameraer, som vil si at du kan sjå den andre over nettet, og viss du har mikrofon kan dere også prate saman, gratis. Men eg syns ikkje det er like revolusjonerande som mobilkameraer som filmar deg imens du pratar.

 

For ein mange tusen år sida skrev huleboerne på hulevegger og fortalte det dei hadde å si gjennom tegninger. Dei lagde kart og teiknet historier. Då kunne kven som helst sjå kva som sto, på saman måte har me Internett. Det er jo heilt utrolig kva du finn på Internett, eg kan gå inn på ein avis sin nettside og der finn eg masse reklame og nyheiter. Dette kan kven som helst gå inn å sjå på. Du kan kjøpe det du trenger gjennom Internett, du kan få med deg kva som skjer rundt om i heile verden eller du sjå video på for eksempel Youtube.

 

Vi har hatt ein veldig stor utvikling innanfor kommunikasjon. Me har gått frå store telefoner som du bærer i ryggsekker, til små hendige elektroniske mobiltelefonar, som kan vere både som kamera, mp3-spiller og videokamera. Dette er berre innan dei siste 100 årene.

 

Eg håper at me ikkje blir eit totalt interaktivt samfunn. Eg håper at me beholder litt av dei gamle skikkane, som å sende hverandre brev og å gå på besøk til hverandre. Tenk kvar dumt det hadde vore om me skulle hatt ”nett-besøk” at ein besøkte hverandre på nettet. Det eksisterer jo faktisk nettsamfunn, som på ein måte går ut på det, men ikkje i så stor grad.

 

Utviklinga må vel fortsette, men kommunikasjonen mister berre meir og mer av sitt personlige preg.

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst