Livskvalitet

Hva er livskvalitet? Er det å være lykkelig?

Sjanger
Essay
Språkform
Nynorsk
Lastet opp
2006.04.19
Tema
Verdier

Livskvalitet kan være så mangt. Det beste er at det finnes ingen fasit eller retningslinjer på kva som er den ”riktige” vegen å gå. Din livskvalitet vil være basert på dine omgivelsa og egne val du tar.

 

Mange vil nok tenkje på synonymet ”lykkeleg” når dei tenkjar på livskvalitet. Naturlig nok, følar du deg tilfreds og lykkeleg, så har du det også godt. Med andre ord du har ein god livskvalitet. Men kva gjer ein no lykkeleg? Pengar er det mange tenkjar er inngangsnøkkelen til lykke. Men er det no det? Etter 1945 er det gjennomført fleire hundre nasjonale og internasjonale undersøkingar der menneske er spurt om kor lykkelige, eller tilfredse, dei er med livet. Nesten samlege rike og ein rekke fattige land er dekket av ein eller fleire slike undersøkingar. Undersøkningane tyder ikkje på at lykkenivået er økt i Europa sia 70-tallet.  For Noreg sin del, har lønnsnivået økt eventyrleg dei siste 20 åra. Likevel er ikkje andelen lykkelege menneske økt, i følgje ein undersøkning i 2002, gjort av MMI og SSB.

 

Men det er gjort fleire undersøkningar på dette området i dei aller siste åra. For ein nyare ”lykke-indeks” frå 2005 fortel nemleg at Nordmenn jevnt over er svært lykkeleg. Riktig nok er vi ikkje fullt så fornøgd med livet som våre skandinaviske frendar, der danskane troner høgt oppe på den internasjonale lista. Dei blir så vidt slått av Colombia og Malta, som har dei absolutt gladaste innbyggjarane. Vi derimot må sjå oss fornøgd med å dele 7. plassen med New Zealand og USA. Men vi nordmenn skal være best, sånn vil i kvartfall alltid ha det. Kanskje er det nettopp der årsaka ligg til at vi ikkje er meir lykkelege enn vi er..?

 

Vi nordmenn har alt, likevel er vi ein sutrete nasjon. År etter år scorar vi høgast på FN sin levekårs-indeks. Vi har pengane, vi har likestillinga, vi har vennar, vi har et glimrande velferds tilbod, vi har utdannings- mogligheiter  til alle, og vi har god helse. Likevel lev vi ikkje det lykkelege livet. Mange av verda sine mest rikaste personar, seiar at ein ikkje blir lykkeleg av pengar og fine bilar. Dette er kanskje råd ein burde høyre på, da dei sannsynlegvis veit kva dei snakkar om. Men alle vil ha pengar. Vi innbillar oss at livet blir problemfritt, bare vi har ein feit bankkonto. Professor Thomas Hylland Eriksen forklarer det slik; ”Vi har ikke det som skal til for å bli lykkelige. Vi trenger noe å hige etter, et prosjekt, et håp. Se på barna, de kan bygge de mest kompliserte byggverk. Men når det er ferdig, river de det ned, da er det helt uinteressant. Det var veien fram dit som var morsom.”.

 

Teorien støttes frå fleire hold. Med ein gang jobben din blir til ein rein rutine, som du pliktar å gjæra dag ut og dag inn, blir den fort keisam. Små og overkommelige oppgåver er det beste for den som vil bli lykkelig i yrkeslivet – følelsen av å lykkas er ein følelse av lykke. Kvinnelige advokatar er i følje forsking dei mest ulykelege arbeidstakarane. Paradoksalt er også advokatar ein av den arbeidsgruppa som tener mest.

 

Å gå rundt å vere konstant lykkeleg trur eg dei færraste gjer. Men følelsen av tilfredsheit og tryggleik over sin egen tilvære er viktig, og den følelsen er det nok mange nordmenn som har. Korleis andre verdiar som skal til for å føle seg tilfreds, kan man nemne noen som; materiell tryggleik, stabile familie og vennskapsforhold, meiningsfylt arbeid, god helse, personlig fridom og interessante fritidsaktivitetar.

 

Som eg nemnte tidligare i teksten, er ikkje pengar alt. Men å gå rundt med ein overtrukken konto til eitkvart tidspunkt, samt utryggleik om sin framtidige økonomiske tilstand er ikkje positivt. Det begrensar mogligheiter til å ha et aktivt sosial-liv, så fremt du ikkje aktar å leve som ein 70’talls hippie, kor du avgrensar deg til kun det mest nødvendige. Og arbeidsløyse menneske er dei mest ulykkelege av oss alle. Er man arbeidsledig i lang tid, kan man faktisk ”skades” såpass mentalt, at man blir varig deppa.  

 

Hadde ein vori ein alien, og oppservert det menneskelege samfunn ”ovanifrå”, ville dei nok sett på oss som ein ganske så dum rase, som til eit kvart tidspunkt trakta etter noko betre. Tanken om at ”graset alltid er grønare på den andre sia”, ser ut til å være ein folkementalitet. Vi er, for å seia det rett ut, ein gjeng med bortskjemte drittungar: Vi ”skal ha, skal ha!!”, men blir aldri fornøgd.

 

Hemulen samla på blomster. Til slutt hadde han alle blomstane som voksar i Mummidalen. Da ble han fryktelig deprimert:

– Nå er eg ikkje samlar lenger, bare eigar, sukket Hemulen.

Og begynte å samle på steinar i steda.

 

Kjenner du deg igjen? Hemulen fins i oss alle. Det blir viktigare og viktigare å eie ting, utan at man nødvendigvis blir særlig glad av sjølve tingen.

 

Nærmare analyser tyder og på at riktig val av partner gjør ein lykkeleg. Altså sagt med andre ord er det ikkje så mye videospelaren eller oppvaskmaskinen som bidrar til å gjøre oss lykkelige, som det å ha ein partner å dele livet med. Men utseende og intelligens betyr ingen ting på om du og din partner har det godt saman.

 

Vi nordmenn er et klagande folk, men det er dermed ikkje sagt at vi er ulykkelege. Likevel er det de unge blant oss som slit hardast. Norske ungjenter og menn i 20-30 års alderen er den gruppa menneske som har flest sjølvmordstankar. Det er om lag tre gangar fleire sjølvmord blant menn enn blant kvinner. Depresjon er den vanligaste psykiske lidinga hos dei som begår sjølvmord. Årsaka til sjølvmord blant unge menneske, er eit hyppig diskutert tema. Mange vil si det er at unge nå til dags ikkje blir høyrt, i ein farlig kombinasjon med at samfunnet heile tida set krav til å være perfekt, og at ein skal følgja med i alt av trendar og alt anna som tilhører den materialistiske verda vi lev i…

Legg inn din tekst!

Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!

Last opp tekst