Mi haldning til underhaldning
Innholdet er om fotball på nynorsk og om hvorfor det er så underholdende.
Tentamen i nynorsk.
Fotball er desidert den beste underhaldninga for meg. Men det som er litt rart og tenka på er at fotball er ikkje meir komplisert enn at det er 22 kvinner eller menn som spring som gal rundt på ei 6000 kvadratmeter stor grasmatte. Det er 22 personar som gjer alt dei har (bokstaveleg talt) for å skyta ei rund lær kule inn i eit kvadrata netting med stenger rundt. Men kvifor er det så underhaldande for så mange? Det skal eg svare forsøka og fortelje deg.
Fotball blir elska og hata av alle på jorda, og nettopp følelsar er eit viktig stikkord når eg skal prøve å finne ut kvifor fotball betyr så mykje for mange. På ein stort fotballstadion er alt heilt sjuk og sjå på, når eit mål blir scora så blir det heilt ville tilstandar på tribuna. Supporterar hiv seg over kvarandre i glede, roper og er heilt gale fordi dei er så glad. For dei som heldar med det andre laget så står dei bare der å som om eit liv har gådd tapt og byrjar nesten å grine dersom det var det andre laget som scora. På ein kamp kan ein få utrykka alle slags følelsar, glede, skuffelse, frustrasjon eller sorg. Eg huskar ein dag eg satt med min mor i stua å sjå på tv, Manchester United mot Chelsea i Champions League finala. Eg sitt der og Manchester United på vinn straffar og eg byrjar å grine. Det er ikkje ved mange anledningar du kan få sjå opp til 100,000 folk i alle aldra reise seg opp å skrike samtidig, stemninga på ein storkamp er magisk.
Ekte fotballsupporterar vel seg eit lag når dei er små, og følgjer dette laget trufast resten av sit liv. Dei som «bytte» lag blir rekna som noko svikarar/«judas». Tusenvis av supporterar bruker mangfaldige tusen kroner på å reise på kryss og tvers av landet og utlandet for å sjå på fotballkampar. Alt dette på grunn av at det er så underhaldne og sjå på.
Dei fleste byrjar reisa si fotballverda når dei i 6-årsalderen for fyrste gong møtar opp på fotballtrening. «Det er unaturlig at alle skal spille fotball», har landslagstrenar i handball Marit Breivik uttalt. Det er kanskje det, man alle gjer det likevel, nesten alle. Sjølv kjenner eg nesten ingen som aldri har spelt på eit fotballag. Etter kvart mister mange interessa og sluttar, medan mange som fortset blir heilt avhengige fordi det er jo om å gjøre og vere best.
Å bruka mange timar i veka, eller kvar dag til å springa etter ein ball høyres kanskje dumt ut. Eg forstår at mange ser fotball på denne måten, men viss ein tenkjer på den måten er eigentleg alle sportar dumma og utan meining. Å få til og spela ordentlig fotball, scora, vinna kampar og bli turneringas beste er den beste følelsen som finnes. Slik er det sikkert i andre sportar og, som i handball, ishockey og andre, men likevel er det fotball som har vorte den mest populære sporten i verda. Kvifor? Jo for det er så underhaldne og sjå på, kjærleik til sporten og til eit lag. Eller er det bare ein tilfeldigheit?
Kanskje det har noko med at alle kan spela fotball, med mindre du er skada i hovud, har to amputerte bein og er dømd til å sitja i rullestol eller liggja i ei seng resten av livet kan du spela fotball. Men plusset er at kan du ikkje spela så kan du sjå på. I alle slike fattige land som Brasil, Argentina og Afrika spring barne rundt barføtt og spelar fotball på alle ledige jordflekkar og ute på gata. Dei treng ikkje ein gong ein ekte fotball og fotballsko, fotball kan spelast barbeint med ei samanrulla avis eller noko anna rundt. Fotballen enkle og minimale krav til utstyr er nok utvilsamt ein grunn til at det i dag er over 240 millionar som spelar fotball over heile verda (i følgje FIFA).
Sjølv om fotball på lågare nivå skjer i enkle kår, med lite utstyr og behov for pengar, er fotball sannsynlegvis den sporten i verda der mest pengar er involvert. Spesielt i England, Tyskland, Spania og Italia har fleire klubbar budsjett på milliardvis av kroner. Det er heller ikkje spesielt uvanleg at ein styrtrik oljesjeik frå Saudi Arabia, eller Dubai bestemm seg for å kjøpe ein klubb. Sjeikane spyttar sjukt mykje pengar inn i klubbkassa at leiarane i klubben umogleg kan sei nei til eit sal. For viss ein ikkje har sjukt mykje pengar i dag så den ikkje sjanse til og henga med i toppen. Dei store stjernene som Cristiano Ronaldo, Leo Messi, Zlatan Ibrahimovic kostar veldig dyre pengar og opp mot 1 milliard får og skaffa seg. Dei krev fleire hundre millionar i årslønn. At pengane styrer topp-fotballen til dei grader kanskje er det underhaldne og det er kanskje det som gjer at eg synes det er så inspirerande. Mange menar at pengane øydelegge alt med fotballen, men det er bere «bullshit» etter min meining. Fotball skal vera sånn.
Tilbake til poenget med denne teksten, kvifor er fotball så underhaldne for så utruleg mange? Det er rett og slett neste, umogleg å fortelje dei. Fotball er på mange måtar underhaldne sport, det er nydeleg og sjå på. Og sjå Ronaldo og co spela flikk-flakk fotball og scora de finaste måla som har blitt score er faktisk bere nydeleg. Det å trene hardt å så få til å spela god fotball sjølv, er og ein fantastisk følelse. Dette er nok nokre av grunnane til at fotballen er så underhaldne for så mange. Sporten utgjør ein livstil for fotballspelarar, tilhengjarar og ja, ikkje minst for meg og!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst