Vinter og haust i et nøtteskal
Handler om overgangen mellom høst/vinter.
Karakter: 5+
Vinteren, er ei kald, travel, fin og pengeslukande årstid. Hausten, er ein fargerik, små kald, keisam og pr-kåt årstid. Så har vi den som er imellom, overgangen mellom vinteren og hausten. Da nokon drar til Sudlanda, nokon gløymer alt og da vêret er så spanande at du sit å ventar på det. Og den tida da Hausten tar på seg den røde tango kjolen sin, og dansar for oss, når vinden stryker sine armer langs blada.
Eg vil kalle overgangen mellom vinter og haust for Trea Sine Kledeskift. Trea Sine Kledeskift er noko alle veit om, det er på ein måte ein klisjé. Trea Sitt Kledeskifte er varm og kald. Der er som om den plutseleg får varme- og kulde anfall. Kanskje Trea Sine Kledeskift har fått influensa? Men eg ska nok hjelpa Trea Sine Kledeskift, for eg er ein heksa doktor!
Alle veit jo at Trea sine Kledeskift er kjent for alle fargane. Mange fargar, mange, mange og mange fargar. Rød, brun, rød, gul, rød, og viss du er heldig så finn du nokon røde blad.
Eg elskar snø, spesielt den som kjem på kalde morgnar, da er den er som konfetti på paraden i Rio. Det eg hatar med vinteren er glatte vegar. For da må eg hjelpa gamle damer over vegen og handle for dei. Det er det mest nyttelause eg veit om, eg hatar at eg føler meg så flau og dum. Kva skal vi med sosialarbeidarar, viss dei ikkje hjelpar gamle damer over vegen? Snart må eg vel tørke dei i ræva og.
Det er faktisk ganske spanande å se på vêret, men det skyldast, at Trea sine Kledeskift er sjuk. Så da er det kanskje ikkje så spanande likevel. Eller?
Sudlanda er nokon underlege land. Dei er skumle. Viss eg sitt på eit fly, og vi kjører over eit av dei, kjennar eg at dei stirrar svolten på meg. Kanskje dei vil spise meg? Eller dei ventar på å fange fleire uskuldige turistar i netter deira. Nesten alle i Noreg drar til Sudlanda når det blir kaldt, kvifor? Dei skjønnar ikkje at landa dreg dem i nettet sitt med billige reiser og kvite sandstrender. Og når de da flyttar dit som pensjonistar et sudlanda dei opp. Og stakkars folk som arbeidar for Sudlanda, dei er blitt hypnotisert! Du bør ringje politi med ein gong! Ellers er du medskyldig i uaktsamt drap! Kanskje hamnar du i fengsel? Eller forresten ikkje si det til politiet, kanskje hamnar du i fengsel, og da har jo vi ingen lærar og vi får ingen lekser! Nei, det er nok best at du ikkje seier noko.
Når Trea sine Kledeskift nærmar seg, må ein begynne å gjere seg klar til vinteren. Sære er de som huskar å skifte dekk, finne frem vinterkleda, rake saman blada underan huset, finne fram refleksvest og sette ut mat til fuglane. Og så er det dei som gløymer dette, stakkars dei. Dei kule folka. For har du først sat ut mat til fuglane, bør du ikkje gløyma det. Eg kan si det sånn, har du vert så uheldig å gløyma å setje ut mat, bør du gå med paraply eller tilsvarande dei neste ukande.
Eg huskar eingong eg vakna, eg såg ut av vindauget og kva såg eg? Snø! Eg tenkte: ja ja eg kan finne fram vinterjakka i morgon, det var jo ikkje snøstorm. Så eg tok den gamle bomulls jakka, og gjekk på skulen og ante ingenting om det som snart skulle komme. Eg begynte å ane uro da eg fekk høre at vi skulle oppi skogen, eg hadde jo bare jeans og bomulls jakke og vi skulle vasse i djup snø. Nei, det går jo sikkert bra, så lenge det ikkje begynner å snø. Og kva trur du skjedde? Ja helt rett, det ble snøstorm. Og stakkar meg, sto å fraus, men det er gløymelens forbanning. Og moralen er som følgjer: Finn fram vinterkleda i tide!
Eg veit dokker elskar meg og orda mine, men no har eg ikkje meire tid. Eg har skreve om Trea sine Kledeskift og det meste om det, håpar eg da. Kanskje skulle eg ha tatt med meir, men da bør du rope ut rimeleg fort. Du har fått høre mine synspunkti om overgangen haust/vinter eller Trea sine Kledeskift, som eg så fint kalla det. Vil di vite meir, så ta deg eit søk på Google eller kanskje Kvasir, eg har høyrd dei er best på norsk. (Bare eit par gongar altså!) Men men, oppgåva er utførd og eg er trøytt så da må eg vel berre avslutte for denne gong. Adios!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst