Eventyret om dei tre kjendisane som skulle til ”Blid og Brun” for å bli brune
Et moderne eventyr om Paris Hitlon, Nicole Richie og Lindsay Lohan som skal til "brun og blid." - En slags parodi på "bukkene bruse".
Skrevet i 10. klasse.
Det var ein gong for lenge sida, at dei tre kjendisane Paris Hilton, Nicole Ritchie og Lindsay Lohan skulle til ”Blid og Brun” for å sole seg brune. Dei bestemte seg for å gje limousinsjåføren fri, slik at dei var nøydt til å gå heile vegen. Jentene var ikkje vant til å gå så lange turar, slik at dei såg på dette som ei verkeleg utfordring.
Da dei hadde gått langt om lenge og lengre enn langt kom jentene fram til ein benk. Da ville Paris ta ein kvilepause. ”Vent! Kan vi ikkje kvile litt? Eg er så trøtt, eg orkar ikkje gå lenger!” ropte ho til dei to som gjekk langt framfør henne. ” Haha, du som ikkje orker denne vesle turen kommar til å bli lat og feit ein dag!” ropte dei nesten i kor og lo. Da skal eg sei at det blei fart på Paris, jentene hadde aldri sett ho gå så fort før.
Da dei hadde gått et lite stykke til, kom dei omsider fram til ”Brun og Blid.” Men rett som det var møtte dei på ein stor flokk med fotografar frå både blader og aviser som var interessert i å ta bilde av dei. Blitsen gjekk i eit kjør og jentene poserte slik dei alltid gjorde når nokon hadde eit kamera.
Etter ei stund blei jentene lei av all poseringa, og bestemte seg for og prøve å snike seg inn, utan å vekke oppsikt. Paris ville prøve først. Stille sneik hun seg bortover. ”Klikk-klakk-klikk-klakk,” sa det i de høge hælane hennar. Plutseleg fikk alle auge på ho og blitsen gikk amok blant fotografane. Paris gikk i bakken med et smell idet ho fikk sagt sine siste ord ”That’s Hot!” Bodyguarden hennar kom springande bort, for å sjå kva som var gale med henne, men tilslutt reiste han seg opp.
”Det ser ut som at all blitsen har drepe dei siste hjernecellene hennar, noe som har forårsaka at ho er blitt invalid!” sa han og var så trist i målet.
Så var det Nicole Ritchie sin tur, ho lista seg så stilt på tå ”klikk-klakk-klikk-klakk,” sa det i skoa hennar, ho var så tynn og mager at ein kunne nesten ikkje høyre henne idet ho plutseleg falt i bakken med eit lite smell. Bodyguarden hennar gjorde like eins som den første og sprang bort for å sjå kva som var gale. ”Ho har visst ikkje spist noko på snart tre månader, så ho døyde av svolt,” sa han mens han ringte etter ein limousin som kunne hente henne. Han var så trist i målet han, som den første.
Etter ei lita stund så bestemte Lindsay Lohan seg også for å prøve lykka. Ho smilte og skreiv autografar i lang tid, og kom seg et og et skritt nærmare døra. Da ho var ein meter unna døra så snudde ho seg, poserte ein siste gong, og smatt inn døra til ”Brun og Blid.”
Da fniste ho litt for seg sjølv og sprang til den nærmaste solsenga ho fant. Og er ho ikkje kommen tilbake enno, så er ho der sikkert fremleis,
for snipp,
snapp,
snute
- Så er eventyret ute.
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst