Det gode liv!
Slik er det gode liv!
Karakter: 5+
Mange personar har forskjellige meiningar om definisjonen det gode liv! Det er jo klart for alle menneske er forskjellige, alle har forskjellige tankar, nokon blir svært glad for noko som andre ikkje blir fullt så glad for. Du kan jo tenkje deg dei stakkarane nede i Afrika som stort sett har elendige buførehald, dårleg helse, ikkje reint vatn og lite eller nesten ingen pengar til mat og utdanning. Då skal det ikkje så mykje til for å gjere dei glad! I staden for at du kastar bestemors gamle ullgenser, dine gamle skrivesaker frå 2.klasse eller dei altfor små kleda dine, kan du heller gi dei til dei som trenger det mest og blir mest glad for ”små” ting.
Men for oss såkalla rike som har ”alt”, skal det meir til for at me skal glede oss. Me drøymer om rikdom, dyre bilar, avansert elektrisk utstyr og anna fiks fakseri.
”Gleder du deg over dei små tinga, får du mykje å glede deg over i livet!”
Det eg leggjar mest i det gode liv er å ikkje ha det godt heile tida, du må yte ikkje bare nyte! Har man det godt heile tida, blir man vand til det og man klarer ikkje så godt å takle vanskelege situasjonar. Man blir veldig nedtrykt av små hendingar. Det som gjeller det er å ikkje alltid gjere det som behag deg mest, men tenkje litt på de rundt deg òg.
Hjelpe andre som har det vanskeleg, det gjør godt i hjertet. Tenne eit ljos i mørke for dei, og gi dei varme.
”Ei av dei største gledene i livet er å glede andre!”
Venar og familie er også ein stor faktor i det gode liv for meg. Det er til dei eg går når noko har hend eller eg har lyst å snakke og ha det hyggeleg. Dei er alltid der!
Utan venane mine hadde heile ungdomstida gått rett i dunken! Eg hadde ikkje hatt nokon å prate med, og eg hadde heller ikkje hatt nokon å ha kjekke opplevingar med. Eg har ikkje gløymd familien, for all del! Dei har eg også hatt kjekke opplevingar med og prata med, men det er ikkje heilt på sama måten.
”Lykka er å vere med andre!”
Eg må innrømme at materielle godar også er ein del av det gode liv for meg, som for eksempel data, TV og TV- spill! Dei tinga bruker eg for det meste som kveldsunderhaldning og av og til når eg har venar på besøk. Da kan me sitte framfor data- eller TV- skjermen og prate og more oss i fleire timar. Nokon gonger blir det litt for mykje!
Dette er i hovudsak det gode liv for meg!
Legg inn din tekst!
Vi setter veldig stor pris på om dere gir en tekst til denne siden, uansett sjanger eller språk. Alt fra større prosjekter til små tekster. Bare slik kan skolesiden bli bedre!
Last opp tekst